Ballad of a Thin Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Ballad of a Thin Man»
Song av Bob Dylan
frå albumet Highway 61 Revisited
Språk engelsk
Utgjeve 30. august 1965
Innspelt Columbia Studios i New York, 2. august 1965
Sjanger Folkrock
Lengd 5:58
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«Ballad of a Thin Man» er ein song av Bob Dylan, gjeven ut på albumet hans Highway 61 Revisited i 1965.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

You walk into the room
With your pencil in your hand
You see somebody naked
And you say, "Who is that man?"
You try so hard
But you don't understand
Just what you'll say
When you get home

Bob Dylan

«Ballad of a Thin Man» er ein mørk og truande song og omhandlar den ordinære personen «Mr. Jones», som går inn i eit rom med bisarre motkulturelle typar og ikkje veit kva som skjer.[1]

Identiteten til Mr. Jones har lenge vore omdiskutert. Dylan vart spurt i eit intervju i 1965 og sa at han var ein verkeleg person, men hadde eit anna namn. I følgje Dylan var heile teksten ei sann soge.[2] Opningslinja i songen, «You walk into the room, with your pencil in your hand» har gjort at ein trur det kan vere ein journalist. I eit intervju med Q på midten av 1980-talet sa Dylan at personen var Max Jones, ein tidlegare kritikar i Melody Maker som ikkje «forstod» songane til Dylan.

I tillegg kan «Mr. Jones» ha tydd den meir generelle standardiserte amerikanske familien, som var så ulik livet Dylan og motkulturen levde i 1960-åra. Ei anna tolking er at songen er om ein mann som prøver å takle sin eigen homoseksualitet.[3] Det finst mange falliske symbol i teksten («He hands you a bone», «With your pencil in your hand», «A one-eyed midget», «Sword Swallower», «He hands you back your throat») og det er mogelege hentydingar til fellatio («Well, the sword swallower, he comes up to you / and then he kneels», «Here's your throat back, thanks for the loan» «Give me some milk or else go home») og transvestisme («He clicks his high heels»). Med denne tolkinga av songen kan noko av teksten («How does it feel to be such a freak»; «There ought to be a law / Against you comin' around») vise til intoleransen samfunnet på denne tida synte mot homoseksualitet.

Det kan også vere kritikk mot journalistane på den tida. Albumet er prega av ei nådelaus og direkte kritikk frå Dylan, deriblant i songane «Queen Jane Approximately» og «Like a Rolling Stone». I «Ballad of a Thin Man» refsar han journalistane som prøvar å skrive om den blomstande hippie- og motkulturen Dylan deltok i. Heile songen kan gje eit inntrykk av eit sirkus, dvergar med eitt auge, sverdsvelgjarar, nerdar som trur at du er ein freak og nakne menn. Mr. Jones er då journalisten, med blyant og notatblokk som ynskjer å skrive, men òg forstå kva kulturen handlar om. «Because something is happening here, but you don't know what it is. Do you Mr. Jones?» er rett frem. Dei forstår ikkje motkulturen, journalistane kan ikkje skrive om verken Dylan eller songane hans fordi dei ikkje skjøner ein dytt av kva det eigentleg handlar om.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Songen kom opphavleg ut på Highway 61 Revisited i 1965 og konsertutgåver er gjeven ut på Before the Flood (1974), Bob Dylan at Budokan (1979), Real Live (1984), Hard to Handle (video, 1986), The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The "Royal Albert Hall" Concert (1998) og på The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack (2005). Dylan har framført «Ballad of a Thin Man» på konsertar frå songen vart laga og fram til i dag.

Referansar hos andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Songar av andre artistar har vist til «Ballad of a Thin Man». Nokre av desse er «Yer Blues» frå The Beatles-albumet White Album («I feel so suicidal, just like Dylan's Mr. Jones...»)[4] og «Who Is Mr. Jones?» av Momus[5] (som syng «Mr. Jones is a man who doesn't know who Mr. Jones is») frå albumet Little Red Songbook. Somme meiner at Mr. Jones i songen til Counting Crows, «Mr. Jones» er ein referanse til «Ballad of a Thin Man»—ein teori som vert støtta av teksten «I wanna be Bob Dylan, Mr. Jones wishes he was someone just a little more funky».

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dylan, Bob Teksten til Ballad of a Thin Man Arkivert 2009-01-07 ved Wayback Machine.
  2. Trager, Oliver, Keys to the Rain: The Definitive Bob Dylan Encyclopedia, page 24. Billboard Books, 2004. ISBN 0823079740
  3. Onion A.V. Club article - "Eight Songs About Sexual Mishaps", arkivert frå originalen 18. desember 2008, henta 23. oktober 2009 
  4. The Beatles, Teksten til Yer Blue Thebeatles.com
  5. imomus [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]