Can't Help Falling in Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Can't Help Falling in Love
Singel av Elvis Presley
frå albumet Blue Hawaii
A-side «Rock-A-Hula Baby»[1]
Utgjeve 1. oktober 1961
Innspelt 23. mars 1961
Sjanger Pop, blue eyed soul
Lengd 2:59
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Hugo Peretti, Luigi Creatore, George David Weiss
Produsent Jordan Lumsden
Elvis Presley-kronologi
«Little Sister»
(1961)
Can't Help Falling in Love «Rock-A-Hula Baby»
(1961)


«Can't Help Falling in Love» er ein popsong opphavleg spelt inn av den amerikanske songaren Elvis Presley og publisert av Gladys Music. Han vart skriven av Hugo Peretti, Luigi Creatore og George David Weiss. Melodien er basert på «Plaisir d'Amour»[2] (1784), ein populær romanse av Jean Paul Egide Martini (1741–1816). Han vart nytta i Elvis Presley-filmen Blue Hawaii frå 1961. Sidan den gongen har songen vorte spelt inn av mange artistar, som den britiske reggaegruppa UB40, som i 1993 toppa singellista i USA og Storbritannia, og den svenske popgruppa A-Teens.

Elvis Presley-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley toppa den britiske singellista i 1962 med songen, og denne har vorte nytta i fleire filmar, som Coyote Ugly og Walt Disney-filmen Lilo & Stitch. Singelen selde til platina i USA for 1 million selde eksemplar. I USA nådde Elvis andreplassen på poplista og førsteplassen på Easy Listening-lista.[3]

Seint i 1960-åra og i 1970-åra spelte Presley songen som siste nummeret i showa sine. Han vart mellom anna sungen på showet for NBC i 1968 og som avslutningsnummer i 1973 i «Aloha from Hawaii». Ein versjonar med raskare og meir laussluppen arrangement vart nytta i showet «Elvis in Concert».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"
  1. «Can't Help Falling in Love»
  2. «Rock-A-Hula Baby»

UB40-versjonen[endre | endre wikiteksten]

(I Can't Help) Falling in Love with You
Singel av UB40
frå albumet Promises and Lies
Utgjeve 10. mai 1993
Innspelt 1993
Sjanger Reggae fusion, reggae
Lengd 3:24
Selskap Virgin
Produsent UB40
UB40-kronologi
«One in Ten»
(1992)
(I Can't Help) Falling in Love with You «Higher Ground»
(1993)


I 1993 spelte den britiske reggaegruppa UB40 inn songen, som den første singelen frå albumet Promises and Lies i 1993. Songen kom ut i mai 1993 og nådde toppen av Billboard Hot 100 og i Storbritannia. Han vart nytta i filmen Sliver.[4] Han låg på toppen av den amerikanske singellista i sju veker. Han nådde òg toppen av singellistene i Austerrike, Nederland, Sverige, Australia og New Zealand. I Noreg nådde songen fjerdeplassen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD single
  1. «I Can't Help Falling in Love with You» (3:24)
  2. «Jungle Love» (5:09)
CD maxi
  1. «I Can't Help Falling in Love with You» (3:24)
  2. «Jungle Love» (5:09)
  3. «I Can't Help Falling in Love with You» (Extended Mix) (6:03)
10"
  1. «I Can't Help Falling in Love with You» (Extended Mix) (6:03)
  2. «Jungle Love» (5:09)
  3. «I Can't Help Falling in Love with You» (3:24)
7"
  1. «I Can't Help Falling in Love with You» (3:24)
  2. «Jungle Love» (5:09)

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australia (ARIA)[5] 1
Austerrike[5] 1
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[6] 1
Canada (RPM) 1
Europa (Eurochart Hot 100) 1
Finland (Suomen virallinen)[7] 1
Frankrike (SNEP)[5] 5
Tyskland (Media Control Charts)[8] 2
Irland (IRMA)[9] 7
Italia (FIMI)[10] 13
Nederland[11] 1
New Zealand (RIANZ)[5] 1
Noreg (VG-lista)[5] 4
Spania (Los 40 Principales) 1
Sverige (Sverigetopplistan)[5] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[5] 2
Storbritannia (The Official Charts Company)[12] 1
U.S. Billboard Hot 100[13] 1
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[13] 11
U.S. Billboard Hot Modern Rock Tracks[13] 11
U.S. Billboard Hot Top 40 Mainstream[13] 1

A-Teens-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Can't Help Falling in Love
Singel av A-Teens
frå albumet Lilo & Stitch og Pop 'til You Drop!
Utgjeve 29. oktober 2002
Innspelt 2002
Sjanger Pop
Lengd 3:06
Selskap Walt Disney, Universal Music
Produsent Mark Hammond
A-Teens-kronologi
«Heartbreak Lullaby»
(2001)
Can't Help Falling in Love «Floorfiller»
(2002)


Songen vart gjeven ut som den første singelen til A-Teens frå det tredje albumet deira, Pop 'til You Drop!, i tillegg til filmmusikkalbumet til Lilo & Stitch.

Songen vart ein radiohit i USA og nådde 12. plass i Sverige, 16. plass i Argentina og 41. plass i Australia.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]


Norske versjonar[endre | endre wikiteksten]

Arne Bendiksen og Benny Borg har skrive norske tekster for melodien. Den norske tittelen til Bendiksen er «Tro på meg», medan Borg sin heiter «Som det var en gang».

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Album Artist Tekstforfattar Platetype Platemerke og katalognummer
1974 «Tro på meg» Jeg kommer snart igjen Hans Petter Hansen Arne Bendiksen LP Flower ABM 419
1980 «Som det var en gang» Benny Borg synger Elvis Benny Borg Benny Borg LP Troll TMLP 511

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. RateYourMusic
  2. http://www.songfacts.com/detail.php?id=1159
  3. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961–2001. Record Research. s. 196. 
  4. King, Alex P. (2004). Hit-parade – 20 ans de tubes (på French). Paris: Pascal. s. 342. ISBN 2-35019-009-9. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 "(I Can't Help) Falling in Love with You", in various Singles Chart Lescharts.com . Henta 22. september 2013.
  6. Belgian peak
  7. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  8. Tyskland Charts-surfer.de . Henta April 10, 2008.
  9. Irish Single Chart Irishcharts.ie . Henta April 10, 2008.
  10. Italian Single Chart Hit parade Italia (Henta May 31, 2008)
  11. «Single top 100 over 1993» (PDF) (på Dutch). Top40. Henta April 15, 2010. 
  12. "(I Can't Help) Falling in Love with You" ub40.co.uk . Henta 22. september 2013.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Billboard allmusic.com . Henta 22. september 2013.
  14. We Five, You Were on My Mind. Henta February 26, 2012.
  15. Secret Voyage @ SPV

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]