Little Sister av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Little Sister
Singel av Elvis Presley
B-side «(Marie's the Name) His Latest Flame»
Utgjeve 8. august 1961
Innspelt 26. juni 1961, RCA Studios, Nashville[1]
Sjanger Rock and roll
Lengd 3:00
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Doc Pomus, Mort Shuman[1]
Produsent Steve Sholes[1]
Elvis Presley-kronologi
«(Marie's the Name) His Latest Flame»
(1961)
Little Sister «Can't Help Falling in Love»
(1961)


«Little Sister» er ein rock and roll-song skriven av Doc Pomus and Mort Shuman.[1] Han vart opphavleg gjeven ut på singel i 1961 av Elvis Presley, som nådde femteplassen på Billboard Hot 100 med songen. Singelen vart gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med «(Marie's the Name) His Latest Flame») som nådde toppen av UK Singles Chart.[2] Hank Garland spelte gitarsolo på songen, medan Jordanaires song korvokal, med den markante bassrøysta til Ray Walker.

Presley spelte songen som ein del av ein medley med «Get Back» i 1970 i filmen Elvis: That's the Way It Is. Songen vart sidan spelt av artistar som Dwight Yoakam, Robert Plant, The Nighthawks, The Staggers, Pearl Jam, Ry Cooder og Jesse and the Rippers.

Teksten i songen nemnde «Jim Dandy» som er tittelen på songen «Jim Dandy» frå 1956 av LaVern Baker. Ein svar song til «Little Sister», med same melodi, men annan tekst, vart skriven og spelt inn som «Hey, Memphis» av Baker i september 1961.

Listeplassering[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley[endre | endre wikiteksten]

Liste (1961) Plassering
US Billboard Hot 100[3] 5

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn i RCA Studio B i Nashville, 25. juni 1961.[4]

Dwight Yoakam-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Little Sister
av Dwight Yoakam
frå albumet Hillbilly Deluxe
B-side «This Drinkin' Will Kill Me
Utgjeve Februar 1987
Innspelt 1987
Sjanger Country
Lengd 3:01
Selskap Reprise
Produsent Pete Anderson
Dwight Yoakam-kronologi
«It Won't Hurt»
(1986)
Little Sister «Little Ways»
(1987)


Liste (1987) Plassering
US Country Songs (Billboard)[5] 7
Canadian RPM Country Tracks 3
RIANZ charts 35[6]

Musikkvideoen for Dwight Yoakam-versjonen vart regissert av Sherman Halsey.

Parodi[endre | endre wikiteksten]

Det kristne parodibandet ApologetiX spelte inn ein parodi av songen kalla «Little Esther» for debutalbumet Isn't Wasn't Ain't i 1993.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein tysk versjon av songen vart omsett av Joachim Relin og kalla «Little Linda». Denne vart framført av Ted Herold i 1961.

Eddy Mitchell og Pierre Saka skreiv ein fransk tekst til songen, «Petite sœur d'amour», framført av Les Chaussettes Noires i mars 1962.

Ein nederlandsk tekst av Bart Peeters, kalla «Kleine zuster» vart framført av The Radios i 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 62. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 130–1. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. "Presley?f=379&g=Singles Elvis Presley Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Elvis Presley. Prometheus Global Media.
  4. Jorgensen, Ernst, Elvis Presley: A Life in Music, The Complete Recording sessions, St. Martin’s Press, New York, 1998 pp157-159
  5. "Yoakam?f=357&g=Singles Dwight Yoakam Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Dwight Yoakam. Prometheus Global Media.
  6. «New Zealand charts portal». Hung Medien. Henta 2. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]