Egil Endresen
Utsjånad
| Egil Endresen | |||
| Fødd | 28. april 1920 Stavanger | ||
|---|---|---|---|
| Død | 10. mai 1992 (72 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | Stortingsrepresentant, høgsterettsdommar og justisminister | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
| Barn | Clement Endresen | ||
| Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
| Alle verv |
| ||
Egil Endresen (28. april 1920–10. mai 1992), fødd i Stavanger, var ein norsk jurist, høgsterettsdommar og politikar for Høgre, stortingsrepresentant og justisminister.
Han var stortingsrepresentant frå 1965 til 1973, statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister) 1970–1971 i Bortenregjeringa, sorenskrivar i Holt 1972–1977 og høgsterettsdommar 1977–1988. Han var såleis ein av dei få personane på 1900-talet som har gjort teneste innan alle dei tre statsmaktene.
I 1987 blei han Kommandør av St. Olavs Orden for embetsforteneste.
Han er far til noverande høgsterettsdommar Clement Endresen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1920
- Døde i 1992
- Norske justisministrar
- Høgrestatsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Borten
- Norske høgsterettsdommarar
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar for Rogaland
- Stortingsrepresentantar 1965-1969
- Stortingsrepresentantar 1969-1973
- St. Olavs Orden
- Folk frå Stavanger
- Norske sorenskrivarar