Oddvar Berrefjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oddvar Berrefjord
Fødd 20. mars 1918

Vardø

Død 25. november 1999
Skien
Parti Arbeidarpartiet

Oddvar Berrefjord (20. mars 191825. november 1999), fødd i Vardø, var ein norsk jurist og politikar frå Arbeiderpartiet.

Han var justisminister i to periodar – frå 1971 til 1972 i den første Bratteli-regjeringa, og frå 1980 til 1981 i Nordli-regjeringa. Han var vararepresentant til Stortinget frå Telemark 1965–1973.

Som lokalpolitikar var han medlem av kommunestyret i Skien 1945–1959 og 1963–1971, dei siste fire åra som varaordførar. Han var også fylkesordførar i Telemark i perioden 1967–1971. Han var formann i Telemark Arbeidarparti 1963-1968 og medlem av landsstyret i partiet 1963-1979. Han var Fylkesmann i Telemark frå 1976 til 1988.

Berrefjord tok juridisk embetseksamen i 1941 og deltok som dommar under landssvikoppgjeret. Seinare arbeidde han som politifullmektig og frå 1960 til 1967 som statsadvokat i Vestfold, Telemark og Aust-Agder. Han var lagdommar i Agder lagmannsrett 1967–1976.

Han var son til distriktssjef i Televerket Peder Marius Berrefjord (1890–1977) og Astrid Tharis (1892–1978).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]