Per-Willy Amundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Per-Willy Amundsen
none  Per-Willy AmundsenFoto: FrPMedia
Per-Willy Amundsen
Foto: FrPMedia
Fødd 21. januar 1971 (46 år)
Harstad
Parti Framstegspartiet
1. verv Norsk justis- og beredskapsminister
 - periode 20. desember 2016–
 - regjering Solberg
 - føregjengar Anders Anundsen
2. verv Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet
 - periode 16. oktober 2013–20. desember 2016
3. verv Stortingsrepresentant
 - periode 2005–
 - valkrins Troms

Per-Willy Trudvang Amundsen (fødd 21. januar 1971) er ein norsk politikar for FrP og justisminister i regjeringa Solberg frå 20. desember 2016.[1]

Han vart innvald på Stortinget frå Troms i 2005 og sit i perioden 20092013 som medlem av Kommunal- og forvaltningskomiteen. I tillegg er han innvandringspolitisk og samepolitisk talsmann for FrP. Frå 2005 til 2009 var han fraksjonsleiar for FrP og andre nestleiar i Kommunal- og forvaltningskomiteen. Han var varerepresentant i perioden 20012005.

Amundsen er utdanna innan økonomiske og administrative fag på siviløkonomstudiet ved Norges handelshøyskole i Bergen (1995), i tillegg til at han tok IKT-fag ved Høgskulen i Sør-Trøndelag frå 1999 til 2001. Han har for det meste arbeidd i IT-bransjen, mellom anna for Harstad kommune og Harstad trygdekontor og ulike datafirma, som Cinet Harstad, Nordata DA og Activ Online Technology. Han har også arbeidd som sjølvstendig næringsdrivande og har erfaring med ulike programmeringsspråk som Visual Basic, Java, C++, HTML, i tillegg til dei fleste operativsystema. Frå hausten 1998 har han jobba med utviklinga av det norske IT-selskapet AOT GoOnline AS, og frå hausten 2003 i stillinga som R&D Manager. I 2001 vart han styreformann i selskapet.

Han byrja i politikken i Harstad FpU, der han var leiar frå 1986 til 1990. Frå 1989 til 1990 var han òg leiar i Troms FpU. I 1999 vart han vald inn i Harstad kommunestyre. Der sat han fram til 2005, frå 2003 som medlem av formannskapet. I tillegg var han leiar i Harstad FrP i perioden 2000–2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Amundsen, Per-Willy (1971-). Stortinget.no. Vitja 2017-06-02.
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Amundsen, Per-Willy» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]