I Can’t Explain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«I Can’t Explain»
Singel av The Who
B-side «Bald Headed Woman»
Utgjeve 15. januar 1965
Innspelt November 1964, i Pye Studios, London, England
Sjanger Rock
Lengd 2:04
Selskap Brunswick 05926 (UK)
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Shel Talmy
The Who-kronologi
«Zoot Suit»
1964
«I Can’t Explain» «Anyway, Anyhow, Anywhere»
1965


«I Can’t Explain» er ein song av det engelske rockebandet The Who frå 1965, skriven av Pete Townshend og produsert av Shel Talmy. Han vart gjeven ut som singel og var den første singelen av bandet som The Who. Den første singelen, «I’m the Face»/«Zoot Suit», vart gjeven ut som the High Numbers.

Songen har ein viss likskap til «All Day and All of the Night» og «You Really Got Me» av The Kinks, noko som kan ha kome av Shel Talmy var produsenten til begge desse banda på denne tida. The Who har spelt «I Can’t Explain» på konsertane sine i alle år etter han kom ut.

Songen er rangert på 371. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Eit utdrag av songen vart spelt av Elton John på utgåva av hans av «Pinball Wizard» for filmmusikken til filmen Tommy frå 1975.
  • David Bowie spelte inn ei utgåve av songen for albumet hans Pin Ups i 1973.
  • The Scorpions spelte inn ei utgåve av songen i 1989 for samlealbumet Best of Rockers 'n' Ballads. Denne utgåva vart gjeven ut på singel.
  • The Clash nytta hovudriffet som grunnlag for to av songane sine, «Guns On The Roof», og «Clash City Rockers».
  • Fatboy Slim sampla hovudriffet frå Yvonne Elliman si utgåve på songen «Going Out of My Head» i 1997.
  • The Hives nytta eit liknande riff på songen deira «Walk Idiot Walk» i 2004.
  • Chapter24 nytta riffet i songen «Song That Dies Too Much» i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]