I Heard It Through the Grapevine
I Heard It Through the Grapevine Singel av Marvin Gaye frå albumet In the Groove | ||
B-side |
«You're What's Happening (in the World Today)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. oktober 1968 | |
Innspelt | 10. april 1967 Hitsville USA (Studio A) (Detroit) | |
Sjanger | Psykedelisk soul | |
Lengd | 3:16 | |
Selskap | Tamla T 54176 | |
Komponist | Norman Whitfield, Barrett Strong | |
Tekstforfattar | Barrett Strong, Norman Whitfield | |
Låtskrivar(ar) | Norman Whitfield Barrett Strong | |
Produsent | Norman Whitfield | |
Marvin Gaye-kronologi | ||
«His Eye is on the Sparrow» 1968 |
I Heard It Through the Grapevine | «Good Lovin' Ain't Easy to Come By» (with Tammi Terrell) 1969
|
«I Heard It Through the Grapevine» er ein song skriven av Norman Whitfield og Barrett Strong for Motown Records i 1966, og gjort kjend av Marvin Gaye som gav han ut på singel i oktober 1968 på Motown sin Tamla-etikett.
Han vart opphavleg spelt inn av Smokey Robinson & the Miracles i 1966, ein versjon som vart avslått av Motown-eigaren Berry Gordy, som bad Whitfield og Strong om å gjere han mektigare. Etter innspeling av songen med Marvin Gaye i 1967, som Gordy òg avslo, produserte Whitfield ein versjon med Gladys Knight & the Pips, som Gordy gjekk med på å gje ut som singel i september 1967, og som gjekk til andreplass på Billboard-lista. Marvin Gaye-versjonen kom ut på albumet hans In the Groove i 1968, der han vart lagt merke til av radiostasjonar. Dette gjorde at Gordy gjekk med på å gje ut songen på singel i oktober 1968. Han gjekk til topps på Billboard-lista og vart liggande der i sju veker frå desember 1968 til januar 1969 og vart den største hitten til Motown på den tida.
Gaye-innspelinga har sidan vorte ein soul-klassikar og i 2004 vart han plasert på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han vart òg innlemma i Grammy Hall of Fame.
I tillegg til at han vart spelt inn av fleire andre Motown-artistar, er songen spelt inn av mange andre musikarar, som Creedence Clearwater Revival, som lagde ein elleve minuttar lang versjon for Cosmo's Factory i 1970.
Lovord
[endre | endre wikiteksten]Gaye-innspelinga har vorte ein soul-klassikar. I 2004 vart han plassert på 80. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[1] I ei ny liste publisert i 2011 vart songen flytta ned til 81. plass.[2]
Til minne om 50-årsjubieleet for Billboard Hot 100 i juni 2008 vart Marvin Gaye-versjonen rangert på 65. plass på ei liste over tidenes beste songar.[3] Han vart òg innlemma i Grammy Hall of Fame.
Lister
[endre | endre wikiteksten]
Marvin Gaye-versjonen[endre | endre wikiteksten]
|
Creedence Clearwater Revival-versjonen[endre | endre wikiteksten]
|
Soultans-versjonen[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. December 09, 2004. Arkivert frå originalen 22. juni 2008. Henta 17. august 2012.
- ↑ «500 Greatest Songs Of All Time: Marvin Gaye, 'I Heard It Through the Grapevine'». RollingStone.com. Henta 17. august 2013.
- ↑ «Billboard's Greatest Songs of All Time». Billboard. Arkivert frå originalen 26. mai 2012. Henta February 1, 2009.
- ↑ «I heard it through the grapevine in Australian Chart». Poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 4. juli 2007. Henta 17 July 2013.
- ↑ «I heard it through the grapevine in Canadian Top Singles Chart». Library and Archives Canada. Henta 17 July 2013.
- ↑ «I heard it through the grapevine in French Chart» (på French). Dominic DURAND / InfoDisc. 17 July 2013. Henta 17 July 2013. You have to use the index at the top of the page and search "Marvin Gaye"
- ↑ 7,0 7,1 «I heard it through the grapevine in Irish Chart». IRMA. Henta 17 July 2013. Only results when searching "I heard it through the grapevine"
- ↑ 8,0 8,1 "Nederlandse Top 40 – Marvin Gaye search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
- ↑ John Samson. «I heard it through the grapevine in South African Chart». Henta 17 July 2013.
- ↑ 10,0 10,1 «Marvin Gaye». Official Charts Company. Henta 17 July 2013.
- ↑ 11,0 11,1 «Marvin Gaye awards on Allmusic». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 17 July 2013.
- ↑ "Ultratop.be – Marvin Gaye – I Heard It Through The Grapevine" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Marvin Gaye - I Heard It Through The Grapevine". Charts.de. Media Control.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Marvin Gaye – I Heard It Through The Grapevine" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «50 Back Catalogue Singles – 7 February 2009». Ultratop 50. Hung Medien. Henta 16 July 2013.
- ↑ «I heard it through the grapevine in French Chart» (på French). Dominic DURAND / InfoDisc. 17 July 2013. Henta 17 July 2013. You have to use the index at the top of the page and search "Creedence Clearwater Revival"
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Creedence Clearwater Revival search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Creedence Clearwater Revival – I Heard It Through The Grapevine" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «I heard it through the grapevine in Canadian Top Singles Chart». Library and Archives Canada. Henta 17 July 2013.
- ↑ «Creedence Clearwater Revival awards on Allmusic». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 17 July 2013.
- ↑ "Soultans – I Heard It Through The Grapevine – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
- ↑ "Ultratop.be – Soultans – I Heard It Through The Grapevine" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Ultratop.be – Soultans – I Heard It Through The Grapevine" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Soultans - I Heard It Through The Grapevine". Charts.de. Media Control.
- ↑ "Charts.org.nz – Soultans – I Heard It Through The Grapevine". Top 40 Singles. Hung Medien.
- John Covach, Mark Spicer, Sounding Out Pop: Analytical Essays in Popular Music, 2010, University of Michigan Press
- Bill Dahl, Motown: The Golden Years, 2011, Krause Publications
- David N. Howard, Sonic Alchemy: Visionary Music Produsentar and Their Maverick Recordings, 2004, Hal Leonard Corporation
- Gerald Posner, Motown : Music, Money, Sex, and Power, 2002, New York: Random House, ISBN 0-375-50062-6
82: «Blueberry Hill» Fats Domino |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 81 «I Heard It Through the Grapevine» Marvin Gaye |
80: «You Really Got Me» The Kinks |
- Songar frå 1967
- Singlar frå 1967
- Singlar frå 1968
- Singlar frå 1981
- Marvin Gaye-songar
- Gladys Knight & the Pips-songar
- Creedence Clearwater Revival-songar
- The Miracles-songar
- Trini Lopez-songar
- Michael McDonald-songar
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Grammy Hall of Fame Award
- Songar skrivne av Barrett Strong
- Songar skrivne av Norman Whitfield
- Motown-songar
- Songar produserte av Norman Whitfield
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone