Kattugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kattugle
Ei kattugle av grå fargevariant Foto: Martin Mecnarowski
Ei kattugle av grå fargevariant
Foto: Martin Mecnarowski
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kattugle
Utbreiinga av kattugle
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Strix
Art: Kattugle S. aluco
Vitskapleg namn
Strix aluco

Kattugle (Strix aluco) er ei mellomstor ugle som lever i skogområde over det tempererte Europa austover til vestlege Sibir. I Noreg lever ho i låglandet frå Austlandet rundt kysten nord til og med områda rundt Trondheimsfjorden. Dette er ei tjukkfallen, middels stor ugle, undersida er bleik med mørke striper, og overkroppen kan vere anten spetta brun eller grå. Vengene er breie og hovudet stort. Hos fleire underartar kan individa vere av begge fargevariantar, i Noreg varierande mellom raudbrun og gulgrå.[1] Kattugla byggjer vanlegvis reiret i eit holt tre som gjev effektivt vern mot potensielle åtakarar. Ho er ein standfugl og svært territorial. Om ungfuglar forlèt foreldrereiret, og dei ikkje finn eit ledig territorium, kan dei ofte svelte.

Kattugla er ein nattaktiv rovfugl. Ho er i stand til å jakte med suksess om natta på grunn av syns- og høyrselstilpassingane og evna ho har til å flyge lydlaust. Ho jaktar vanlegvis ved å sleppe seg snøgt ned frå ei grein og gripe byttet som ho svelgjer heilt. Ho jaktar hovudsakleg på smågnagarar, sjølv om dietten i urbaniserte område inkluderer større innslag av fuglar. Ho fangar nokre gonger mindre ugler, og blir sjølv nokre gonger jakta av hubro og hønsehauk.

Sjølv om mange menneske går ut frå at kattugla har eksepsjonelt nattsyn, er høyrselsevna viktigare for jaktsuksessen: øyra er asymmetrisk plasserte, noko som gjer ho i stand til å kjenne den presise retninga mot lydkjelda.

Kattugla har ein plass i folklore. Ettersom ho er aktiv om natta og mange menneske opplever songen som skremmande, har folk tradisjonelt knytt ho til varsel om død. Mange trur at alle ugleartar lagar ein tutelyd, men det er ei overgeneralisering basert på songen til akkurat denne arten.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kattugla er ein robust fugl, 37–39 cm lang, med eit vengespenn på 94–104 cm. Arten syner kjønnsdimorfisme i storleik, hoa er mykje større enn hannen, 5 % lengre og meir enn 25 % større masse. Hofuglar veg i gjennomsnitt 550 gram, hannfuglar 440 g.[2] Det store avrunda hovudet manglar øyretoppar, og ansiktsskiva rundt dei mørkebrune auga er vanlegvis ganske flat. Nominatforma har to morfar som er ulike i fjørdraktfarga, den eine forma har raudbrun overside og den andre gråbrun, sjølv om mellomformer også finst. Undersida av begge morfane er kvitaktige med mørke striper.[2]

Kattugla flyg med kjappe vengeslag og lange glideflukter på avrunda venger, mindre bølgjande og med færre vengeslag enn andre eurasiske ugler, og typisk i større høgd. Som hos dei fleste uglene, er flukta stille på grunn av mjuke fjører, lòdne øvre overflater og frynsar på forkanten av dei ytre primærfjørene som absorberer lyden av vengen i flukt. Storleik, kroppsform og breie venger skil kattugla frå andre ugler som finst innanfor same utbreiingsområdet; lappugle (Strix nebulosa), hubro (Bubo bubo) og slagugle (Strix uralensis) er like i form, men mykje større.

Sansar[endre | endre wikiteksten]

Synsfelt samanlikna med due
Diagram av retina på ei ugle, ho har berre ei fovea

Auga er plasserte langt fram på hovudet og har ei feltoverlapping på 50–70 %, noko som gjev ugla betre binokularsyn enn daglege rovfuglar som har overlapping på 30–50 %.[3] Kattugla si netthinna har omtrent 56 000 lysfølsame stavceller per kvadratmillimeter; sjølv om tidlegare påstandar om at ho kunne sjå i den infraraude delen av spekteret har vorte avvist,[4] blir ho framleis ofte skildra med synseigenskap langt betre enn menneske i dårlege lysforhold. Den faktiske synsstyrken til ugla er berre litt større enn hos menneske, og eventuell auka sensibilitet kjem av optiske faktorar snarare enn større netthinnesensibilitet; både menneske og ugle har nådd oppløysingsgrensa for netthinnene til landbaserte virveldyr.[5]

Tilpassingar til nattsyn inkluderer storleiken på auget, røyrforma på auget, dei mange tettpakka netthinnestavar og fråvær av kjegleceller, sidan stavceller har overlegen lyssensibilitet. Det er få farga oljedropar, noko som vil redusere lysintensiteten.[6] I motsetnad til dagaktive rovfuglar, har ugler normalt berre éin fovea, og han er dårleg utvikla bortsett frå hos dagjegerar som jordugle.[3]

Høyrselen er viktig for ein nattleg rovfugl, og som med andre ugler er dei to øyreopningane til kattugla ulike i struktur og er asymmetrisk plassert for å forbetre retningshøyrselen. Ein passasje gjennom hovudskallen knyter saman trommehinnene, og små forskjellar i tidspunktet for innkomst av ein lyd ved kvart øyre gjer det mogleg å finne kjelda. Den venstre øyreopninga er høgare på hovudet enn det større høgre øyret og vippar nedover, noko som forbetrar sensibiliteten for lydar nedanfrå. Begge øyreopningane er skjulte under ansiktsdiskfjørene, som er strukturelt spesialiserte for å vere transparente for lyd, og blir stødde av ein bevegeleg hudfald, den pre-aurale klaffen.[7]

Den indre strukturen i øyret gjev ei forbetra evne til å oppdage lågfrekvente lydar på avstand, noko som kan inkludere rasling frå byttedyr som rører seg i vegetasjon. Kattugla si høyrsel er kreditert å vere meir effektiv og kjenslevar enn menneske sin høyrsel,[7] og ho kan jakte ved hjelp av denne sansen åleine i mørket i ein skog på ei overskya natt, men støy frå regndropar gjer det vanskeleg å oppdage svake lydar og langvarig fuktig vêr kan føre til svolt viss ugla ikkje kan jakte effektivt.[3]

Læte[endre | endre wikiteksten]

Opptak av song frå Gloucestershire, England, 1978
Anna kattuglelæte, England, 1960-åra

Det vanlegaste kontaktlætet frå hoa er skingrande og veike, men hannen har ein skjelvande song av «hooooouu ho, ho'ho'ho'hooooouh» som er litt fallande i styrke og blir gjentatt med få sekunder i mellom. Songen har ei rekkevidde på 2-3 km. Kattugla er lett å imitere ved å blåse i hender gjennom lett delte tomlar. Hannfuglen sin respons på ein kringkasta song ser ut til å vere ein indikasjon på helsa og livskrafta hans. Vokalaktiviteten til kattugler avheng av kjønn, årssyklusstadium og vêr, med hannar som er meir vokale enn hoer året rundt, med topp vokalaktivitet i hekketida.[8]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Kattugla er standfugl og har ei utbreiing som strekkjer seg diskontinuerleg over det tempererte Europa frå Storbritannia og Den iberiske halvøya i vest austover til det vestlege Sibir. Ho er fråverande frå Irland, sannsynlegvis på grunn av konkurranse frå hornugla. I Himalaya og Aust-Asia er ho erstatta av orientkattugla (Strix nivicolum) og i Nordvest-Afrika er ho erstatta av Strix mauritanica som tidlegare var rekna som underart av kattugla.

Underartane med utbreiingsområde rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.2, 2022,[9]

  • S. a. aluco, L, 1758, sørlege Fennoskandia, nordre, sentrale og søraustre Europa gjennom Ukraina og europeisk Russland til Uralfjella
  • S. a. biddulphi, (Scully, 1881), Pakistan og nordvestre India
  • S. a. harmsi, (Zarudny, 1911), frå sørlege Kasakhstan, via Usbekistan til Kirgisistan
  • S. a. sanctinicolai, (Zarudny, 1905), nordaustre Irak og vestre Iran
  • S. a. siberiae, Dementiev, 1934, frå Uralfjella til Vest-Sibir
  • S. a. sylvatica, Shaw, 1809, I Storbritannia, vestlege Frankrike og på Iberiahalvøya, og til vestlege Tyrkia og Midtausten
  • S. a. willkonskii, (Menzbier, 1896), nordaustre Tyrkia og nordvestre Iran til Turkmenistan

Denne arten lever i lauvskog og blanda skog, og gjerne med gamle edellauvtre slik som store eiketre med hol for reirplass, og ofte i nærleiken til menneske. Kyrkjegardar, hagar og parkar har tillate ho å spreie seg til urbane område, men dei unngår stader med høgt støynivå om natta.[10] Kattugla er hovudsakleg ein låglandsfugl i dei kaldare delane av området, men hekkar opptil 2350 moh. i Tyrkia[2] og opptil 2700 m i India.[7]

Kattugla har eit stort geografisk utbreiingsareal ein estimert global populasjon på mellom 1 og 3 millionar kjønnsmodne individ. Arten er klassifisert som livskraftig, LC, av Birdlife International.[11]

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Beiting[endre | endre wikiteksten]

Kattugla er aktiv i skumringa og om natta, og lever av mindre pattedyr som gnagarar og småfuglar, i mindre grad av smådyr som amfibium og meitemark. Mest vanleg lokaliserer ho byttet frå ei grein, men kan gjere korte flygingar for å rekognosere. Byttet blir tatt på bakken, heilt unntaksvis flaggermus og store insekt i flukt. Ho kan òg sitte på bakken for å lytte etter dei minste byttedyra, meitemark og biller. Det finst rikeleg med undersøkingar av dietten til denne arten,[12] mellom anna fordi ugla lèt etter seg gulpebollar med restar frå byttedyra som ikkje kan fordøyast, slik som skjelett og pels. Ein har funne at ho generelt tar det levande byttet som er tilgjengeleg utan å spesialisere seg. Undersøkingar i England har synt at meir enn 50 % av føda var smågnagarar, og 35 % var større pattedyr som ekorn og juvenile kaninar. Av fuglar var gråsporv det mest vanlege byttedyret. Ein har funne nokre mønster i preferansar eller tilgjenge, til dømes for større bytte og fuglar i hekketida og for pattedyr om vinteren, hofuglar jakter i meir opne område enn hannar og tar i større grad mus.[2]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Kattugla hekkar vanlegvis i eit hol i eit tre, men vil også bruke gamle skjorreir, ekornreir eller holrom i bygningsstrukturar, og nyttar gjerne reirkassar. Ho hekkar frå februar og utover sør i utbreiingsområdet, men sjeldan før midten av mars i Skandinavia.

Typisk er kullet på 3-5 egg og blir ruga i 30 dagar til klekking, og dei hjelpelause, dunete ungane utviklar seg og flyg i løpet av 32–37 dagar. Vanlegvis gjer hofuglen ruginga aleine.[2]

Denne arten er uredd i vern av reir og ungar, og som andre Strix-ugler slår ho hovudet til inntrengjaren med dei skarpe klørne sine. Hundar, kattar og menneske kan bli overfalne, nokre gonger utan provokasjon.[13]

Foreldra har omsut for ungfuglar i to til tre månader etter at dei flyg, men frå august til november spreier ungfuglane seg for å finne sitt eige territorium. Viss dei ikkje klarer å finne eit ledig territorium, svelt dei og kan døy.[2] Ei ringmerkt kattugle levde i 18 år, men den typiske levetida er rundt fem år.[13]

Predatorar på kattugla inkluderer store fugleartar som slagugle, hubro, hønsehauk, kongeørn og musvåk. Mårar kan plyndre reir, spesielt der reirkassar gjer uglene lette å finne, og det er registrert fleire tilfelle av kaier som byggjer reir på utsida av ei rugande ugle som tek livet av både den vaksne og av ungane.[13] Ein dansk studie viste at predasjon frå pattedyr, spesielt raudrev, var ei viktig årsak til død hos ungfuglar, med 36 % som døydde i perioden mellom frå flygedyktig unge og til sjølvstende. Risikoen for død auka med tidspunkt for første flyging, frå 14 % i april til meir enn 58 % i juni, og aukande predasjon av seine ungar kan vere eit viktig selektivt middel for tidleg hekking hos denne arten.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Universitetsforlaget. s. 455. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Holt, D. W., R. Berkley, C. Deppe, P. L. Enríquez, J. L. Petersen, J. L. Rangel Salazar, K. P. Segars, K. L. Wood, og J. S. Marks (2021). Tawny Owl (Strix aluco), version 1.1. I Birds of the World (P. C. Rasmussen, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.tawowl1.01.1
  3. 3,0 3,1 3,2 Burton, Robert (1985). Bird Behaviour. London: Granada Publishing. s. 44–48. ISBN 978-0-246-12440-1. 
  4. Hecht, Selig; Pirenne, Maurice Henri (1940). «The sensibility of the nocturnal long-eared owl in the spectrum». Journal of General Physiology 23 (6): 709–717. PMC 2237955. PMID 19873186. doi:10.1085/jgp.23.6.709. 
  5. Martin, Graham R. (August 1977). «Absolute visual threshold and scotopic spectral sensitivity in the tawny owl Strix aluco». Nature 268 (5621): 636–638. Bibcode:1977Natur.268..636M. PMID 895859. doi:10.1038/268636a0. 
  6. Sinclair, Sandra (1985). How Animals See: Other Visions of Our World. New York: Facts on File Publications. s. 88-100. ISBN 978-0-7099-3336-6. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Martin, Jeff (29. september 2022). The Tawny Owl. Bloomsbury Publishing. ISBN 9781472943576 – via Google Books. 
  8. Zuberogoitia, I.; Burgos, G.; González‐Oreja, J.A.; Morant, J.; Martínez, J.E.; Albizua, J.Z. (2019). «Factors affecting spontaneous vocal activity of Tawny Owls Strix aluco and implications for surveying large areas». Ibis 161 (3): 495–503. doi:10.1111/ibi.12684. 
  9. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v12.2). doi : 10.14344/IOC.ML.12.2 Henta 23. november 2022
  10. Fröhlich, A.; Ciach, M. (2018). «Noise pollution and decreased size of wooded areas reduces the probability of occurrence of Tawny Owl Strix aluco». Ibis 160 (3): 634–646. doi:10.1111/ibi.12554. 
  11. BirdLife International (2022) Species factsheet: Strix aluco. Henta frå http://www.birdlife.org 24. november 2022
  12. Google Scholar søk Henta 24. november 2022
  13. 13,0 13,1 13,2 Voous, Karel H.; Cameron, Ad (illustrator) (1988). Owls of the Northern Hemisphere. London, Collins. s. 209–219. ISBN 978-0-00-219493-8.  (ikkje lest ved omsetting frå engelsk Wikipedia)
  14. Sunde, Peter (September 2005). «Predators control post-fledging mortality in tawny owls, Strix aluco». Oikos 110 (3): 461–472. doi:10.1111/j.0030-1299.2005.14069.x. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kattugle