Hopp til innhald

Light + Shade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Light + Shade
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 26. september 2005
Innspelt 2004–2005 i Buckinghamshire
Sjanger Instrumental pop
New-age
Electronica
Lengd 1:22:01
Selskap Mercury
Produsent Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi 
Tubular Bells 2003
(2003)
Light + Shade Music of the Spheres
(2008)


Singlar frå Light + Shade
  1. «Surfing»
    Utgjeve: 2005 (promo)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Laut.de1/5 stars[1]

Light + Shade er det 22. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, utgjeve som eit dobbeltalbum den 26. september 2005. Det var det første albumet til Oldfield på Mercury Records. Noko av musikken på denne plata var opphavleg blitt nytta, i alternative miksar, i musikken til virtuell røyndom-spel, Tres Lunas og Maestro.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet består av musikk i to forskjellige stemningar. Dei første ni spora er oppførte som «Light» og består av lysare og rolegare stykke, medan den andre halvdelen er kalla «Shade» og har ei mørkare kjensle. Mange av spora på albumet er nye miksar og/eller lengre versjonar av musikk frå videospelet Tres Lunas.

På den offisielle nettsida til Oldfield står det oppført at det òg vart laga ein 5.1-kringlyd miks av albumet, men denne er så langt ikkje kome ut. Fire spor frå Light + Shade vart gjort tilgjengeleg i U-MYX-formatet slik at fansen kunne mikse spora sjølve.

Spora «First Steps» og «Ringscape» var arrangerte av Robyn Smith. Christopher von Deylen gjestar på «Nightshade». Oldfield betalte for tenesta med å spele gitar på «Morgentau» for Deylen-bandet Schiller.

Sporet «Blackbird» er kalla opp etter ein av motorsyklane til Oldfield, ein Honda CBR1100XX Blackbird.[2]

Sporet «Romance» er ein techno-versjon av eit fragment av eit klassisk gitarstykke frå 1800-talet med same namn.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Light[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Angelique»4:40
2.«Blackbird»4:39
3.«The Gate»4:14
4.«First Steps»10:02
5.«Closer»2:51
6.«Our Father»6:50
7.«Rocky»3:19
8.«Sunset»4:47
9.«Près de Toi» (bonusspor)3:57

Shade[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Quicksilver»5:55
2.«Resolution»4:33
3.«Slipstream»5:15
4.«Surfing»5:36
5.«Tears of an Angel»5:38
6.«Romance»4:00
7.«Ringscape»4:22
8.«Nightshade»5:11
9.«Lakme (Fruity Loops)» (bonusspor)5:10
10.«Cook's Tune» (bonusspor)4:55

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.laut.de/Mike-Oldfield/Alben/Light-Shade-10134
  2. «One Track a Day». Tubular.net/Fanny Oldfield. Arkivert frå originalen 16. mars 2010. Henta 5. juli 2020.