Sakakah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sakakah
سكاكا
by
ISS-64 Sakakah oasis city, Saudi Arabia.jpg
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Provins Al Jawf
Høgd 566 moh.
Koordinatar 29°58′11″N 040°12′00″E
Areal 100 km²
Folketal 242 813 (2010) [1]
Folketettleik 2 428 / km²
Map
Sakakah
29°58′ N 40°12′ E
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Sakakah (arabisk سكاكا) er ein oaseby nordvest i Saudi-Arabia og er hovudstaden i Al Jawf-regionen. Han ligg like nord for An Nafud-ørkenen. Sakakah hadde eit folketal på 242 813 i 2010.[1][2]

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Al-Jawf har rikt med vatn som gjer det mogeleg å dyrke dadlar (200 000 palmar) og oliven (12 000 000 tre), i tillegg til andre jordbruksprodukt. talet på gardar er kring 16 000, og jordbruksprosjekta kring 1 500. Her ligg Watania-gardane,[3] den største organiske garden i kongedømet. Det frodige jordbruksområdet i Al-Jawf kjem hovudsakleg av store mengder undergrunnsvatn.

Historiske palass[endre | endre wikiteksten]

Historia til Al-Jawf strekkjer seg meir enn fire tusen år attende. Her finst mange historiske og førhistoriske stader, som Za'balborga- og brunnen, Omar ibn Al-Khattab-moskeen i Dowmat Al-Jandal og Mardborga (like sør for Sakaka). Her finst òg dei gamle ståande steinane Rajajil i Sakaka, som er datert nesten 6 000 år attende.

Modernisering[endre | endre wikiteksten]

Mange område i Saudi-Arabia slit med utvikling og modernisering utført på kort tid. I nyare år har den saudiarabiske staten pøst pengar inn i regionen Al-Jawf, og særleg Sakaka, for å utvikle den økonomiske stagnerte regionen. Byen er derfor full av nye, statlege bygg, skular og sjukehus. Her ligg mellom anna Al Jouf universitet (Jami'at Al-Jawf), som vart skipa i 2005.[4]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Köppen-Geiger si klimaklassifisering klassifiserer klimaet som varm ørken (BWh).[5]

Klimadata for Sakaka
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 15.5 18.8 23.4 29.3 34.2 37.8 39.4 39.4 38.1 32.6 23.2 17.3 29,08
Døgnmiddeltemp. °C 9.7 12.6 16.7 22.6 27.5 31 32.9 32.8 31 25.5 17.2 11.2 22,56
Normal min. temp. °C 4 6.5 10 15.9 20.8 24.2 26.4 26.2 23.9 18.4 11.2 5.2 4
Nedbør (mm) 11 4 9 13 0 2 0 0 0 10 6 9
Kjelde: Climate-Data.org (høgd: 550m)[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Saudi-Arabia: Sakaka». Geohive. 
  2. Taher, Mohamed (1998). Encyclopaedic Survey of islamic Culture. Anmol Publications. ISBN 81-261-0403-1. 
  3. Watania Farms
  4. University of Al-Jouf
  5. 5,0 5,1 «Climate: Sakaka - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 28. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]