Den muslimske verda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den muslimske verda, der land med stor del muslimar er markerte med mørkegrønt.

Den muslimske verda viser som regel til dei delane av verda der muslimar er i fleirtal. Det kan også visa til ein tenkt fellesskap av alle muslimar, kjend som umma.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Tidleg utbreiing av islam: ██ Muslimske område 622-632 ██ 632-661 ██ 661-750

Islam oppstod i Arabia på 600-talet, rundt byane Mekka og Medina i noverande Saudi-Arabia. Religionen spreidde seg raskt gjennom misjonering og erobring. Kalifat som Rashidun og omayyadane og seinare rike som dei mongolske, Mogul- og det ottomanske spreidde religionen raskt over store areal. Reisande muslimar, særleg sufiar, spreidde islam i Sør-Asia. Elles spreidde religionen seg gjerne langs handelsvegar, både i Sør/Søraust-Asia og Afrika sør for Sahara.

Ulike delar av den muslimske verda har likskapar, som Koranen, noko religiøs organisering og kultur påverka av muslimske, ofte også arabiske tradisjonar. Det finst også ei rekkje ulikskapar. Ho er skarpt delt mellom sunni- og sjia-muslimar, som igjen har underinndelingar. Innan sunni-islam finst til dømes dei fire ortodokse lovskulene hanafi, shafi, maliki og hanbali. Fleire av dei muslimske landa har sjariainspirert lovverk, men har ulike tolkingar av dei muslimske lovtradisjonane.

Land og område[endre | endre wikiteksten]

Islam er sterkt til stades og offisielt anerkjend i dei følgjande landa og områda:

Organisasjonar[endre | endre wikiteksten]

På 1960- og 1970-talet blei det grunnlagd fleire internasjonale organisasjonar for islam, som Det islamske verdsforbundet (arab. Rabitat al-alam al-islami) og Organization of the Islamic Conference (OIC).

Motsetningar[endre | endre wikiteksten]

Den muslimske verda kom i konflikt med den (europeisk) kristne gjennom krosstoga på 1000–1200-talet. I moderne tid set ein ofte opp eit motsettingstilhøve mellom «den muslimske» og «den vestlege verda».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]