Ole Richter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ole Jørgensen Richter)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Richter
Ole Jørgensen Richter
Ole richter crop.jpg
Fødd 23. mai 1829

Inderøy, Noreg

Død 15. juni 1888 (59 år)
Stockholm, Sverige
Parti Venstre
Yrke Jurist, politikar
Verv Noregs statsminister i Stockholm
 - periode 18841888
Ektefelle Charlotte Wakeford Attree
Ole Richter rundt 1880

Ole Jørgensen Richter (23. mai 182915. juni 1888) var ein norsk høgsterettsadvokat, sorenskrivar og politikar. Han var stortingsrepresentant frå 1862 til 1879, og Noregs statsminister i Stockholm frå 1884 til 1888. Som politikar stod Richter for ein liberal og moderat sentrumspolitikk, og freista heile tida å byggje bru mellom dei politiske ytterfløyane på Stortinget, med mål om å skape eit sterkt politisk sentrum.

Yngre år[endre | endre wikiteksten]

Rostad ca 1890
Studentar, f.v.: C. Salomonsen, D. Meidell, Chr. Lasson og Richter

Ole Richter vart fødd på garden Rostad i Inderøy. Frå 1847 til 1849 budde han hos ein onkelen på Sjælland i Danmark. Der vart han inspirert av dei liberale og nasjonale rørslene, og sette seg som mål å danne ein norsk, liberal opposisjon. Den dåverande opposisjonen mot den norske, konservative regjeringa såg Richter på som reaksjonær. Då han kom heim, tok han examen artium. Han byrja så å studere ved Universitetet i Oslo og tok juridisk embetseksamen i 1853.

Richter arbeidde deretter to år som sorenskrivar i Stjørdal og Verdal. Han reiste til England og Frankrike, der han studerte rettsvitskap frå 1855 til 1856. Då han kom heim, busette han seg i Kristiania, vart medredaktør i Aftenbladet og engasjerte seg i politikk. Han arbeidde som sakførar, og fekk etter ei tid godkjenning som høgsterettsadvokat. Frå 1861 budde han atter i Inderøy, praktiserte som advokat, og vart vald til ordførar. Richter gifta seg i 1866 med den britiske adelskvinna Charlotte Attree.

Stortingsrepresentant[endre | endre wikiteksten]

Richter vart vald til stortingsrepresentant frå 1862 for Nordre Trondhjems amt, og beheldt plassen til 1879. Han var først med i det såkalla Collegium Politicum, ein krins som danna grunnlaget for grupperinga «Sakførerpartiet», der hovudmennene var Johan Sverdrup og Johannes Steen. Sverdrup braut seinare ut av denne grupperinga og starta eit samarbeid med Søren Jaabæk. I 1884 vart «Sakførerpartiet» og fleire andre grupperingar samla i Stortingets Venstreforening.

Richter var mykje oppteken av grunnlovsspørsmål, mellom anna statsrådars tilgjenge til stortingsforhandlingane. Han la seg på ei mindre radikal linje enn Sverdrup, og meinte saka hovudsakleg handla om ei tenleg arbeidsordning. Den kanskje største personlege innsatsen på Stortinget gjorde Richter under handsaminga av strafferettsreforma av 1874. Han var elles ein av dei fremste forkjemparane for eit jarnbanesamband mellom Austlandet og Trøndelag, og det endelege vedtaket om denne var i stor grad Richters innsats. Han gjekk òg inn for ei meir planmessig vegbygging, arbeidde for å auke løyvingane til den lokale dampskipsfarten, og dessutan for ei forsert utviding av telegrafnettet.

Richter var odelstingspresident frå 1872 til 1877, då han vart lagtingspresident. Før han vart attvald i 1873, var Sverdrup og Jaabæk mellom dei som gjekk mot attval av Richter. Richter vart utnemnd til byfogd i Trondheim i 1876, og flytta dit. Han representerte så valkrinsen for byar i Trøndelag (Trondheim og Levanger) på Stortinget frå 1877 til 1878. I 1878 ynskte Richter å trekkje seg ut av politikken. Han vart då norsk-svensk generalkonsul i London, etter å først ha motsett seg utnemning til norsk-svensk ambassadør til Washington, DC.

Statsminister i Stockholm[endre | endre wikiteksten]

Teikning av Ole Richter frå Verdens Gang i 1884.

Regjeringsdanning[endre | endre wikiteksten]

I svensk presse vart Richter tidleg omtala som ein mogleg norsk statsminister i Stockholm, fordi han vart rekna som ein som kunne forsone partimotsetjingar. Etter Ole Jacob Broch gav opp å danne regjering våren 1884, ynskte kong Oscar II Richter som ny norsk statsminister. Her møtte kongen motstand frå Sverdrup, og Richter ynskte det heller ikkje sjølv, og Richter klarte å overtyde kongen om at Sverdrup burde danne regjering. Då regjeringa vart utnemnd, kunne Richter innta embetet som norsk statsminister i Stockholm den 26. juni 1884.

Samarbeidsproblem[endre | endre wikiteksten]

Richter tok fatt i embetet, og gledde seg til eit tett samarbeid med Sverdrup, men vart skuffa over det han oppfatta som «mangel på hjertevarme» frå Sverdrups side. Dei to vart òg raskt meir politisk usamde, og avstanden som hadde vore mellom dei i Stortinget tidlegare, auka. Allereie første dagen den nye regjeringa møtte i Stortinget, 2. juli 1884, uttrykte Richter usemje med Sverdrups forsvar for utviding av røysteretten. Då forslaget til ny hærordning skulle handsamast, røysta Richter med taparen og han som vidare måtte trekkje seg, arméminister Ludvig Daae. I februar 1885 mista Richter dessutan kona si.

Etter mindre enn éit år var Richter så misnøgd at han vurderte å trekkje seg frå embetet, og 17. juli 1885 søkte han formelt avskil. Han gjekk med på å bli sitjande i stillinga til etter stortingsvalet hausten 1885, for ikkje å svekkje regjeringa. Richters sorg over døden til kona si, samt kjenslene rundt samarbeidet med Sverdrup, dempa seg utover hausten 1885, og 19. november valde han å trekkje avskilsøknaden.

Siste dagar[endre | endre wikiteksten]

Ministerhotellet i Stockholm var arbeidsplass og bustad for norske statsrådar i Sverige frå 1814 til 1905. Ole Richer tok sitt eige liv på statsministerkontoret her den 15. juni 1888. Ministerhotellet vart rive i 1911.
Ole Richter som statsminister
Bjørnstjerne Bjørnson

I ein tale 17. mai 1888 kom Richters ven Bjørnstjerne Bjørnson med eit kraftig åtak på Sverdrup, der han understreka at regjeringa til og med hadde mista støtte frå sine eigne medlemmer. Dette førte til spekulasjonar rundt om det var Richter som hadde sagt dette til Bjørnson under eit besøk Bjørnson hadde i Stockholm like før. Då Bjørnson, kort tid etter talen, i ein artikkel i Verdens Gang brukte eit personleg brev frå Richter til å prove påstandane sine, sa Sverdrup at det var umogleg for dei å helde fram i regjering saman.[1] Richter fekk høyre nyhenda om breva og Sverdrup i eit telegram, formidla han under hans eige bursdagsselskap den 23. mai. Richter kjende seg kompromittert, og kalla ope handsaminga eit «snikmord». [2] 27. mai bad kronprinsen Richter om å søkje avskil, og Richter freista å ta sitt eige liv 29. mai. Sjølv om han fann det omtala brevet til Bjørnson, og såg at Bjørnsons attgjeving var uriktig, venta han med å sende dette til Sverdrup. Dette for å unngå at det skulle sjå ut som om han ville halde fram i embetet. Frå Kristiania kom innstillinga om hans avskilen den 5. juni, dagen etter vart innstillinga vedteken i ekstraordinært statsrådsmøte i Stockholm.

Richter vart førebels buande den norske regjeringsbygningen i Stockholm, Ministerhotellet. Han brukte tida til å skrive ei grunngjeving og i nokon grad å planleggje framtida si. Pressekommentarane bidrog til å halde han nede, både når det galdt ettermælet hans i regjeringa og høvet for å kunne overta som norsk-svensk ambassadør i London. Truleg først om morgonen 15. juni fekk han sjå påstanden i avisa Nya Dagligt Allehanda om at Bjørnson hadde diskvalifisert han og at han mangla sjølvstendig karakter, diskresjon og disiplin. Same morgonen tok Richter livet sitt med eit revolvarskot, på statsministerkontoret i Ministerhotellet. Dagbladet konstaterte same dag at Noregs statsminister i Sverige, Ole Richter, var «død ved egen haand» etter å ha «afskudt et Revolverskud i Munden».[2]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Etter Richters sjølvmord følgde ein debatt om kven som måtte bere skulda for dødsfallet. Ludvig Daae skreiv i dagboka si: «Jeg gikk bort til Sverdrup og sa [...] at det liv hadde han på sin samvittighet. [...] Faktum er at Johan Sverdrup lagde Ladningen i Pistolen og Bjørnstjerne Bjørnson trak den af.»[3] Sjølv om tiltale gjekk mot både Bjørnson og Sverdrup, var den allmenne konklusjonen at skulda nok var fordelt på alle sider.[2]

Richter vart gravlagd på ein familiegravstad på storgarden Rostad, ein gravstad han fekk oppretta på familiegarden ved kongeleg resolusjon i 1884.[3] I 2008 vart Richters gravstad opna, og forutan brev, telegram og klede, fann arkeologane ein revolvar, sannsynlegvis den som Richter brukte då han tok livet sitt.[4]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Richter vart tildelt ei rekkje ordenar for virket sitt. Han vart i 1876 utnemnd til riddar av St. Olavs orden og forfremma til storkors 16. juni 1887 «for statsborgerlig Fortjeneste». Frå 1884 til 1888 var Richter kansler for St. Olavs orden. Richter hadde òg to svenske ordenar: storkors av Nordstjerneordenen og kommandør av første klasse av Vasaordenen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Per Egil Hegge. «Skuddet i Stockholm», Aftenposten, 14. mai 2008
  2. 2,0 2,1 2,2 Jørgen Brekke
  3. 3,0 3,1 Biografi – Ole Richter, Rostads vener
  4. Arnfinn Mauren. «Fann Ole Richters revolver», Aftenposten, 14. mai 2008

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Otto Delphin Amundsen: Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947. Grøndahl & Søn, 1947
  • Jørgen Brekke: «Gåtefullt selvmord» I: Levende Historie, nr. 2, s. 18–23 (2009).
  • Per Fuglum: Ole Richter : Ungdom og stortingsvirke. 1957
  • Per Fuglum: Ole Richter : Statsministeren. 1964
  • Nils Johan Lavik: «Politikk og følelser : en psykiatrisk kommentar til Ole Richters selvmord» I: Kirke og Kultur 2000, s. 291–309
  • Gurine Richter: Slægten Richter. 1910
  • Reidar Sevåg: Statsråd H. R. Astrup. 1967

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]