Headlong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Headlong
Singel av Queen
frå albumet Innuendo
B-side «Mad the Swine»
«All God's People»
Utgjeve 14. januar 1991 (US)

13. mai 1991 (UK)

Innspelt tidleg 1989 – midten av 1990
Lengd 4:38
Selskap Parlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
Låtskrivar(ar) Queen
(Brian May)
Produsent Queen and David Richards
Queen-kronologi
«I'm Going Slightly Mad»
(1991)
Headlong «I Can't Live with You»
(1991)


«Headlong» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå Queen-albumet Innuendo frå 1991.

Songen vart skriven av Queen-gitaristen Brian May, som hadde tenkt å spele inn songen for det då komande soloalbumet sitt Back to the Light (1992). Då han høyrte Queen-songaren Freddie Mercury syngje songen, lét han «Headlong» bli ein Queen-song i staden.

Songen var den første singelen som vart gjeven ut i USA under Queen sin kontrakt med Hollywood Records den 14. januar 1991, men vart ikkje gjeven ut i Storbritannia før fire månader seinare (den første singelen i Storbritannia var «Innuendo», som Hollywood etter kvart gav ut i USA som promosingel for radio). Songen gjekk inn på Hot Mainstream Rock Tracks-lista i USA på ein tredjeplass. Linja «And you're rushin' headlong» frå refrenget er til ein viss grad henta frå andre verset av «Breakthru», ein singel frå det førre Queen-albumet The Miracle, som inneheld tekstlinja «I wanna rush headlong into this ecstasy».

Omslaget til CD-singlane var inspirert av Grandville-illustrasjonar.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for «Headlong» var ein av dei siste videoane Queen filma med Freddie Mercury, som døydde seinare på året av AIDS. Videoen vart faktisk filma før dei filma videoen til «I'm Going Slightly Mad», som vart gjeven ut som den andre singelen i Storbritannia. I videoen framfører Queen songen blanda inn med klipp av bandet som arbeider i studio. Versjonen av songen i videoen inneheld ein ekstra kort del før det andre refrenget som ikkje finst på nokre av audioutgåvene av songen.

Videoen vart filma seint i 1990 i Metropolis Studios i London. Det er òg den siste fargevideoen av Freddie Mercury, som døydde av AIDS-viruset den 24. november året etter. Den neste videoen, «I'm Going Slightly Mad», vart filma i februar 1991 i svartkvit.

Som alle dei andre videoane på Innuendo, vart videoen for «Headlong» regissert av det austerrikske regissør-teamet DoRo, som består av Rudi Dolezal og Hannes Rossacher. Dei hadde laga alle videoane til Queen sidan singelen «Friends Will Be Friends» i 1986.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991) Plassering Veker på lista
Den kanadiske singellista[1] 25 11
Den nederlandske singellista[2] 43 8
Irish Singles Chart[3] 25 2
UK Singles Chart[4] 14 4
U.S. Mainstream Rock Charts[5] 3 10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bienvenue au site Web BIBLIOTHÈQUE ET ARCHIVES CANADA | Welcome to the LIBRARY AND ARCHIVES CANADA website». Collectionscanada.gc.ca. Henta 2012-02-20. 
  2. Steffen Hung. «Queen - Headlong». dutchcharts.nl. Henta 2012-02-20. 
  3. Jaclyn Ward - Fireball Media Ltd. - http://www.fireballmedia.ie (1962-10-01). «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 2012-02-20. 
  4. «UK Singles & Albums Chart Archive». Chart Stats. Henta 2012-02-20. 
  5. «AllMusic». AllMusic. Henta 2012-02-20. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. «Queen - Headlong (single) (1991)». Paulmcgarry.com.