San Juan på Puerto Rico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San Juan
by
Land  USA
Region Puerto Rico
Del av Northern Coast
Areal 120,193947 km²
Folketal 342 259 (1. april 2020)[1]
Grunnlagd 1508
Kart
San Juan på Puerto Rico
18°27′56″N 66°07′05″W / 18.465555555556°N 66.118055555556°W / 18.465555555556; -66.118055555556
Wikimedia Commons: San Juan, Puerto Rico

San Juan (frå spansk San Juan Bautista,[2] 'Døyparen Johannes') er hovudstad på den karibiske øya Puerto Rico, som er eit ytre territorium og ein samveldestat til USA. Byen har 434 374 innbyggjarar etter den siste folketeljinga i 2000. San Juan er den eldste byen som vert styrt av Amerikas sameinte statar, den nest eldste er St. Augustine i Florida. San Juan er òg den nest eldste byen i Amerika som vart grunnlagt av europearar, etter Santo Domingo i Den dominikanske republikken.

San Juan er i dag eit viktig transportknutepunkt i Karibia for gods, flytrafikk og sjøfart og har ein blomstrande cruisetrafikk. Samstundes er San Juan det industrielle, finansielle og kulturelle sentrumet på øya. Byen er hovudstad og sentrum i eit storbyområde som omfattar Bayamón, Carolina, Guaynabo, Cataño, Toa Baja og Trujillo Alto. Heile dette området utgjer ein folkesetnad på ca. to millionar innbyggjarar. Dette inneber at omtrent halvparten av folkesetnaden på Puerto Rico bur og arbeider innanfor dette storbyområdet.[3] San Juan er tent av Luis Muñoz Marín internasjonale lufthamn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

San Juan vart grunnlagd i 1508 av den spanske conquistadoren Juan Ponce de León, på ordre frå den spanske kongen Ferdinand. Han vart den første utnemnde guvernøren av Puerto Rico etter kongeleg dekret. Den opphavlege busetjinga hans ligg i dag i nabokommunen til San Juan, Guaynabo, på staden Caparra. Her står enno grunnmuren av festningsverk og steinhuset som han fekk bygd til kona si og fire barn.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

La Fortaleza og San Juan National Historic Site i San Juan er ein del av verdsarvlista til UNESCO.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. «San Juan Capital City». Welcome to Puerto Rico. Henta 2. mai 2007. 
  3. «About Puerto Rico». Puerto Rico Tourism Company. 2007. Henta 8. mai 2007.