Shaqlawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shaqlawa
kurdisk شەقڵاوە
by
Sentrum
Land  Irak
Autonom region  Kurdistan[1]
Guvernement Arbil guvernement
Koordinatar 36°24′20″N 44°19′15″E / 36.40556°N 44.32083°E / 36.40556; 44.32083
Folketal 27 500
Kart
Shaqlawa
36°23′47″N 44°20′37″E / 36.39638889°N 44.34361111°E / 36.39638889; 44.34361111
Wikimedia Commons: Shaqlawa

Shaqlawa (kurdisk Şeqlawe, شەقڵاوە, arabisk شقلاوة) er ein historisk by i Erbil guvernement i Irakisk Kurdistan i Irak. Shaqlawa har kring 25 000 innbyggjarar og ligg 51 km nordaust for Erbil, ved foten av fjellet Safeen. Byen ligg mellom fjella Safeen og Sork, litt meir enn tusen meter over havet. Byen er hovudsakleg busett av kurdarar, med ein assyrisk minoritet.[2] Shaqlawa har mange fossar og eit frodig landskap.[3]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Shaqlawa har eit middelhavsklima (Csa) med særs varme somrar og relativt kalde, våte vintrar. Temperaturane er ofte under null på vinteren. Det er heller ikkje uvanleg med snø. Sidan temperaturen her er noko lågare om sommaren enn mange andre stader i Irak, kjem det ofte tusenvis av turistar her frå dei varmare stadane i landet.

Vêrdata for Shaqlawa
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 9,1 10,4 14,5 20,1 27,5 34,4 38,6 38,8 35 27,9 17,8 10,8 23,7
Gjennomsnittleg min °C −0,4 0,4 4,1 8,8 14,4 19,7 23,6 23,3 18,9 13,1 6,6 1,4 11,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 149 202 165 111 43 0 0 0 1 10 76 124 881
Kjelde: [4]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kurdistan regionale styresmakt». KRG. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 5. januar 2020. 
  2. http://www.ishtartv.com/en/viewarticle,36256.html
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. oktober 2020, henta 5. januar 2020 
  4. «Climate statistics for Shaqlawa». Climate-Data. Henta 5. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Shaqlawa