Al-Shatrah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°24′35″N 46°10′18″E
Al-Shatrah
Shatrat al-Muntafiq, Shatreh, بغداد<ع
by
Land Flag of Iraq.svg Irak
guvernement Dhi Qar guvernement
Høgd moh.
Koordinatar 31°24′35″N 46°10′18″E
Folketal 254 000 (2014)
Grunnlagd 1872

Al-Shatrah
31°24′35″ N 46°10′18″ E

Al-Shatrah (òg kalla Shatrat al-Muntafiq) er ein by sør i Irak, nordaust for Nasiriyah. Det er det administrative senteret i al-Shatrah-distriktet, som er ein del av Dhi Qar guvernement. Al-Shatrah ligg langs Gharrafkanalen og Motorveg 7. 22-23 km mot vest ligg oldtidsbyen Lagash.[1] I 2009 hadde byen kring 254 000 innbyggjarar.[2][3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Shatrah vart grunnlagd i 1872 under den osmanske tida i Irak då byen var ein del av Basra vilayet. Ikkje lenge etter oppretta byen sterke handelsband til Bagdad og vart eit senter for kornhandel i Sør-Irak. Shatrah vart den viktigaste byen langs Gharrafkanalen og fekk kallenamnet «Vesle Bagdad».[4] Han var det administrative senteret i ein qadaa (underdistrikt) med same namn, som var ein del av Muntafiq sanjak i Basra vilayet. Det offisielle namnet på byen var opphavleg «Shatrat al-Muntafiq», men det vart forenkla av lokale innbyggjarar til «al-Shatrah» for å skilje han frå den nærliggande byen Qal'at Salih, som offisielt vart kalla «Shatrat al-Amarah» av osmanske styresmakter.[5]

Sommaren 1889 opplevde al-Shatrah eit kolerautbrot og kring 700 av innbyggjarane mista livet, mellom andre qaimaqam-en (løytnant-guvernøren) i byen. Før utbrotet hadde byen kring 5 000 innbyggjarar, men al-Shatrah vart i stor grad mellombels fråflytta etter utbrotet.[6]

Al-Shatrah var ei høgborg for al-Muntafiq-stamma, som dominerte Sør-Irak under osmanarane. Tidleg på 1900-talet vart byen rekna som maktsenteret til stamma.[7] Han hadde då kring 4 000 innbyggjarar, som nesten alle var sjiamuslimske arabarar, i tillegg til små samfunn av jødar og mandearar. Marknaden hadde nesten 300 butikkar. Det jødiske samfunnet hadde ein eigen grunnskule i landsbyen.[5]

Irakkrigen[endre | endre wikiteksten]

Under invasjonen av Irak i 2003 vart lika til amerikanske soldatar slepte gjennom gatene i al-Shatrah og hengde opp på bytorget.[8][9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «31.4114°,46.4072° — 31.4097°,46.1717° : 22.35 km / 13.89 m (great circle distance)» (distance between Ash Shatrah and Lagash), Movable Type Scripts, accessed 22. februar 2020
  2. ««aš-Šaţrah» World Gazetteer». Arkivert frå originalen 2011-06-04. 
  3. «Iraq City & Town Population» Tageo
  4. Anthropological Series 30. Field Museum of Natural History. 1940. s. 259. 
  5. 5,0 5,1 Lorimer, John Gordon (1915), Gazetteer of the Persiabukta, 'Oman, and Central Arabia, Superintendent Government Printing 
  6. Epidemiological Society of London (1894). Transactions of the Epidemiological Society of London 13. Bogue. s. 129–130. 
  7. United Service Institution of India (1924). Journal of the United Service Institution of India 54. United Service Institution of India. s. 190. 
  8. Baker, Peter and Sheridan, Mary Beth (14. april 2003) «Marines Rescue Seven U.S. Prisoners; Iraqis Alert Unit Bound For Tikrit» The Washington Post s. A-1
  9. Wright, Evan (2004) Generation Kill: Devil Dogs, Iceman, Captain America, and the New Face of American War G.P. Putnam's Sons, New York, s. 228, ISBN 0-399-15193-1