Zakho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zakho
ܙܵܟ̣ܘ̇, kurdisk Zaxo, arabisk زاخو, Zākho
by
Zakho
Land  Irak
Region  Kurdistan
Guvernement Dohuk guvernement
Distrikt Zakho-distriktet
Høgd 440 moh.
Koordinatar 37°08′37.00″N 42°40′54.88″E / 37.1436111°N 42.6819111°E / 37.1436111; 42.6819111
Folketal 350 000 [1]
Tidssone UTC+3
Kart
Zakho
37°08′37″N 42°40′55″E / 37.143611111111°N 42.681911111111°E / 37.143611111111; 42.681911111111
Wikimedia Commons: Zakho

Zakho (kurdisk Zaxo, زاخۆ, arabisk زاخو; gammalsyrisk ܙܵܟ̣ܘ̇; Zākhō) er ein kurdisk by i Zakho-distriktet i Dohuk guvernement i Irakisk Kurdistan, nokre få kilometer frå grensa mellom Irak og Tyrkia. Byen har eit folketal på kring 350 000.

Han kan opphavleg ha oppstått på ei lita øy i elva Vesle Khabur, som flyt gjennom den moderne byen. Khabur flyt vest for Zakho og dannar grensa mellom Irak og Tyrkia, og munnar ut i Tigris. Andre viktige elvar i området er Zeriza og Seerkotik.[2]

I juli 2010 opna Universitetet i Zakho, eit av elleve offentlege universitet i Irakisk Kurdistan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Zakho var kjend for grekarane i oldtida. I 1844 skreiv den reisande William Francis Ainsworth: «Utsjånaden til Zakho i dag er merkverdig likt slik han er skildra av Xenofon.»

Gertrude Bell var overtydd om at Zakho var same staden som oldtidsbyen Hasaniyeh. Ho skreiv òg at den første kristne misjonæren til området, den dominikanske munken Poldo Soldini, vart gravlagd der i 1779. Grava hans var framleis ein pilegrimsstad i 1950-åra.[3][4]

Zakho hadde tidlegare ein syngagoge og eit større jødisk samfunn, og vart kalla «Jerusalem i Assyria». Jødane talte arameisk slik forfedrane deira hadde gjort. Breidda av den nærliggande Khabur er nemnd i Bibelen som ein av stadane der israelittane var i eksil (1. Krønikebok, 5:26,[5] 2. kongebok 17:6, 2.kongebok 18:11).

Det var alvorlege åtak mot jødane i 1891 og ein av syngogene vart brend ned. Problema vart forverra i 1892 då åtaka heldt fram. Jødar frå Zakho var blant dei første som flytta til Palestina etter 1920. Resten flytta i stor grad til Israel i 1950-åra.[6][7][8][9]

Assyrarar hadde budd i Zakho sidan minst 400-talet, og det er nemnt somme assyriske biskopar på 400- til 600-talet. Byen var òg bispesetet for eit stort khaldeisk-katolsk bispedøme fram til midten av 1800-talet.

Armenarar slo seg ned i Zakho etter det armenske folkemordet i 1915-1923, og den første armenske kyrkja i byen vart skipa i 1923.[10]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Zakho har eit heitt, sommarleg middelhavsklima (Csa) med særs heite og tørre somrar, og kjølige vintrar med mykje nedbør.

Vêrdata for Zakho
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 10,2 12,2 16,5 21,8 29,1 36,2 40,4 40 35,7 27,9 19,4 12,3 25,1
Gjennomsnittleg min °C 1,9 3,1 6,1 10,1 15 20,1 23,7 23,2 19,2 13,7 8,4 3,9 12,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 144 136 129 109 43 0 0 0 1 27 83 127 799
Kjelde: [11]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Directorate of Health in Zakho Arkivert 2019-07-10 ved Wayback Machine., Directorate General of Health Duhok. Henta 2014-01-31.
  2. http://www.zaxo.at/index.php?page=32 retrieved the 15th of May 2011
  3. Bell, Gertrude Lothian (1924). Amurath to Amurath. Macmillan. Henta 6. september 2009. [daud lenkje]
  4. Campanile, Giuseppe (1953). «Histoire du Kurdistan» (PDF). Le Kréyé. Henta 6. september 2009. 
  5. 1 Chronicles 5, arkivert frå originalen 29. juli 2011, henta 20. februar 2021 
  6. Sabar, Ariel (2008). «My Father's Paradise: A Son's Search for His Jewish Past in kurdisk Iraq». Henta 6. september 2009. 
  7. «Notes on Revelation, Eclipse Path, Tyrkia, Iraq». Judaeo-Christian Research. 11. august 1999. Henta 6. september 2009. 
  8. Brawarsky, Sandee (13. august 2008). «The Man From Zakho». The Jewish Week. Arkivert frå originalen 17. september 2008. Henta 6. september 2009. 
  9. Gavish, Haya (2009). «Unwitting Zionists: The Jewish Community of Zakho in Irakisk Kurdistan». Wayne State University Press. Arkivert frå originalen 17. februar 2012. Henta 6. september 2009. 
  10. http://www.ishtartv.com/en/viewarticle,35632.html
  11. «CLIMATE: ZAKHO». Climate-Data. Henta 20. februar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Zakho