The Man in Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Man in Me
Song av Bob Dylan
frå albumet New Morning
Utgjeve 19. oktober 1970
Innspelt 5. juni 1970
Studio B, Columbia Studio Building, 49 East 52nd Street, New York City
Sjanger Rock
Lengd 3:10
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«The Man in Me» er ein song av Bob Dylan på albumet New Morning frå 1970. Songen har ein lett, munter melodi og ein av få songar der Dylan har eit lengre «la la la»-parti som ein del av teksten.

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta som ein del av filmmusikken til filmen til Coen-brørne-filmen The Big Lebowski frå 1998. Songen vert nytta under opninga av filmen. Songen er òg nytta i ein episode av The Simpsons.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1975 vart songen spelt av det britiske reggaebandet Matumbi. Songen vart òg spelt av The Clash under innspelinga av London Calling.

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Jan Erik Vold skreiv ein norsk tekst til songen kalla «Mannen i meg». Denne vart framført av Blueslaget på albumet Blues-laget i 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]