Through the Looking Glass av Siouxsie and the Banshees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Through the Looking Glass
Studioalbum av Siouxsie and the Banshees
Utgjeve 2. mars 1987
Innspelt August–September 1986
Studio Abbey Road, London
Sjanger
Lengd 43:54
Selskap
Produsent
Siouxsie and the Banshees-kronologi
Tinderbox
(1986)
Through the Looking Glass Peepshow
(1988)


Singlar frå Through the Looking Glass
  1. «This Wheel's on Fire»
    Utgjeve: 5. januar 1987
  2. «The Passenger»
    Utgjeve: 16. mars 1987

Through the Looking Glass er det åttande studioalbumet til det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Albumet er ei samling av coverversjonar. Det vart samprodusert med Mike Hedges og kom ut i mars 1987 på Polydor. Singelen «This Wheel's on Fire» kom ut før albumet. Det var det andre og siste albumet spelt inn med gitaristen John Valentine Carruthers. Somme av coversongane deira vart roste av originalartistane sjølve.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på plata, Through the Looking Glass, syner til Lewis Carroll-boka med same namn. Bandet hadde alt vore inspirert av verka til Carroll då dei gav namn til selskapet sitt, Wonderland, som kom frå Alice's Adventures in Wonderland.[1] Plate var òg ei hyllest til David Bowie-plata Pin Ups, eit coveralbum han spelte inn tidleg i 1970-åra. Etter å ha brukt meir enn eitt år på å spele inn Tinderbox i 1986, ønskte The Banshees spontanitet, og drog raskt attende i studio etter turneen, for å spele inn sitt eige coveralbum. Det var eit prosjekt dei hadde vurdert sidan dei spelte inn ein versjon av The Beatles-songen «Dear Prudence» i 1983.

Innspelinga for Looking Glass fann stad i september og oktober 1986 og dei valte ut materiale som hovudsakleg kom frå første halvdel av 1970-åra, frå ei tid før bandet vart skipa i 1976. Dei fleste songane var frå artistar som hadde inspirert dei: Roxy Music, John Cale, Iggy Pop, The Doors og Kraftwerk. Produsenten Mike Hedges, som ikkje hadde arbeidd med gruppa sidan 1984, vart henta attende. Instrumenteringa var annleis og dei henta inn mellom anna blåsarar og ein harpespelar. Musikaren Martin McCarrick, som sidan vart offisielt medlem av Banshees etter dette albumet, laga strykearrangement for fleire av spora.

Pete Thoms og Luke Tunney spelte blåsarar på bandversjonen av Iggy Pop-songen «The Passenger». Dei hadde alt arbeidd med Siouxsie og BudgieThe Creatures-singelen «Right Now».

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Through the Looking Glass kom ut 2. mars 1987 på Polydor. Eit par veker seinare kontakta Bowie og inviterte dei med som gjester på to konsertar på Glass Spider-turneen hans i Anaheim.[2]

Albumet kom ut på CD med to bonusspor i oktober 2014.[3]

I august 2018 kom albumet ut på 180-grams vinyl med ommastra lyd.[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
LA Timessærs positiv[6]

Ralf Hütter i Kraftwerk hylla versjonen deira av «Hall of Mirrors» og sa «Generelt reknar me coverversjonar som ei verdsetjing av arbeidet vårt. Versjonen av 'Hall of Mirrors' av Siouxsie and the Banshees er ekstraordinær».[7] Iggy Pop hylla òg versjonen deira av «The Passenger» og sa: «Han er bra. Ho syng bra og ho tok med ein liten note der når ho syng han som eg hadde ønskt eg hadde tenkt på. Det gjer songen betre på eit vis. Blåsarane er òg bra».[8]

LA Times roste albumet då det kom ut og skreiv: «Songane har supre arrangement, og har akkurat nok av det som var spesielt med originalane og legg til akkurat dei rette vriane.» Kritikaren Terry Atkinson skreiv om versjonen deira av «Strange Fruit»: «Berre nokon så freidig som Siouxsie Sioux ville ha spelt inn Lewis Allan sin 'Strange Fruit', ein song så sterkt identifisert med Billie Holiday. Og berre nokon så seriøse og sensitive kunne ha klart det på denne måten. Ein roleg strykeseksjon bak vokalen - og best av alt - eit mellomspel med New Orleans-aktig gravferdsmarsj-jazz forsterkar den stemningsskapande tolkinga til Siouxsie». Atkinson konkluderte «slike nyskapande grep gjennomsyrer dette flotte albumet».[6] Sounds hylla tolkinga av «Trust in Me» som «ganske forbløffande. Ein gong var det om ein pyton som skulle til å ta livet av ein gut, men no er det ein harpe-basert voggesang med ofseleg, kvervlande erotikk».[9] Mojo valte versjonen deira av «Strange Fruit» ut for ein CD i 2007 kalla Music Is Love: 15 Tracks That Changed the World Recovered By....[10] Ei seinare melding på AllMusic hylla albumet og sa: «Den inspirerte rekkjevidda av coverversjonar strekkjer seg frå glam-tida (Roxy Music sin 'Sea Breezes', John Cale sin 'Gun') til den sorgtunge standardsongen til Billie Holiday med 'Strange Fruit' til, i eit av dei beste forsøka på dette (og eit år før Stay Awak-prosjektet til Hal Willner) med ein Disney-klassikar kalla 'Trust in Me' frå The Jungle Book».[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Original artistLengd
1.«This Town Ain't Big Enough for the Both of Us»Ron MaelSparks3:09
2.«Hall of Mirrors»Ralf Hütter, Florian Schneider, Emil SchultKraftwerk5:03
3.«Trust in Me»Sherman BrothersKaa (røyst av Sterling Holloway) i The Jungle Book4:06
4.«This Wheel's on Fire»Rick Danko, Bob DylanBob Dylan & The Band5:17
5.«Strange Fruit»Lewis AllanBillie Holiday3:53
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Original artistLengd
6.«You're Lost Little Girl»John Densmore, Robbie Krieger, Ray Manzarek, Jim MorrisonThe Doors2:57
7.«The Passenger»Iggy Pop, Ricky GardinerIggy Pop5:10
8.«Gun»John CaleJohn Cale5:06
9.«Sea Breezes»Bryan FerryRoxy Music4:15
10.«Little Johnny Jewel»Tom VerlaineTelevision4:56
Bonusspor på CD-utgåva frå 2014
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Original artistLengd
2.Namnlaus (singel)   
11.«She Cracked»Jonathan RichmanThe Modern Lovers3:07
12.«Song from the Edge of the World»Siouxsie and the Banshees 3:45
13.«This Wheel's on Fire» (Incendiary Mix)  7:27
14.«The Passenger» (Locomotion Mix)  8:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
  • Martin McCarrick - cello, klaverinstrument, strykearrangement
  • Jocelyn Pook - bratsj
  • Gini Ball - fiolin
  • Pete Thoms - trombone
  • Luke Tunney - trompet
  • Martin Dobson - saksofon
  • Julie Aliss - harpe
  • Mike Hedges - produsent, lydteknikar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering
UK Albums Chart[11] 15
Europeiske album (Music & Media)[12] 28
New Zealand Albums[13] 46
Den svenske albumlista[14] 23
US Billboard 200[15] 188
Nederland Top[16] 62
Swiss Hitparade[17] 29
Tyskland[18] 59

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Siouxsie (25. desember 2015), «Alice is Still in Wonderland [Siouxsie Sioux celebrates Alice's Adventures in Wonderland on the 150th anniversary]», BBC 
  2. Paytress, Mark (2003). Siouxsie & the Banshees: The Authorised Biography. Sanctuary. s. 170. ISBN 1-86074-375-7. 
  3. «Siouxsie and the Banshees relaunch archival campaign, new reissues due out in October». Consequenceofsound. 22. august 2014. Henta 1. september 2014. 
  4. «Siouxsie and the Banshees Through the Looking Glass Vinyl repress». Udiscovermusic. Henta 13. august 2020. 
  5. 5,0 5,1 Ned Raggett. «Through the Looking Glass - Siouxsie and the Banshees». AllMusic. Henta 13. august 2020. 
  6. 6,0 6,1 Atkinson, Terry (15. mars 1987). «Siouxsie Looks Back». L.A. Times. Arkivert frå originalen 11. juli 2019. Henta 26. august 2020. 
  7. Ruffilli, Bruno (22 August 2003), «Intervista: I Kraftwerk, redeirelettronica: «Partiamo per il Tour de France»», La Stampa (numero 229): s. 29, «In genere lo consideriamo un apprezzamento per il nostro lavoro. La versione di Siouxsie di «Hall Of Mirrors» è straordinaria, come gli arrangiamenti di Alexander Balanescu per quartetto d'archi. Anche il disco di Señor Coconut ci è piaciuto molto.» 
  8. «120 Minutes» Iggy Pop interview. MTV. June 1990. Excerpt about Siouxsie and the Banshees from 08:33
  9. Mr Spencer - (28. februar 1987), «Cover Up», Sounds 
  10. «Mojo site cover June 2007 issue 163 CD». Mojo. Arkivert frå originalen 16. juni 2013. Henta 26. august 2020. 
    Mojo June 2007 issue 163 CD Music Is Love : 15 Tracks That Changed The World Recovered By...
  11. Siouxsie and the Banshees UK album chart Officialcharts.com. Henta 26. august 2020.
  12. «European Hot 100 Albums» (PDF). Music & Media 4 (12): 10. 28. mars 1988. Henta 11. desember 2018 – via American Radio History. 
  13. «Through the Looking Glass - New zealand charts». charts.org.nz. Henta 26. august 2020.
  14. «Through the Looking Glass - swedish charts». swedishcharts.com. Henta 26. august 2020.
  15. «Siouxsie & the banshees Billboard albums». allmusic.com. Henta 18. mars 2012. 
  16. «Through the Looking Glass - Dutch charts». dutchcharts.nl. Henta 26. august 2020.
  17. «Through the Looking Glass - Swiss chart on »hitparade.ch". hitparade.ch. Henta 26. august 2020.
  18. «Through the Looking Glass - German chart on »hitparade.ch". hitparade.ch. Henta 26. august 2020.