Hopp til innhald

Tjugum kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjugum kyrkje
Tjugum kirke
Foto: Per Olav Bøyum
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Balestrand
Fellesråd Balestrand
Type Oktagon
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Teknikk Tømra
Innvigd 29. oktober 1863
Kyrkjegard Ved kyrkja
Kart
Tjugum kyrkje
61°12′54″N 6°32′36″E / 61.215°N 6.5432°E / 61.215; 6.5432
Wikimedia Commons: Tjugum kirke

Tjugum kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1863 på Tjugum på nordsida ytst i Esefjorden i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane.

Kyrkja er i tre og vart sett opp etter teikning av arkitekt Christian Heinrich Grosch. Dagens kyrkje er den tredje kjende kyrkja på staden, den fyrste stod frå kring 1300 til 1610. Den andre kyrkja vart reist i 1610 og stod til 1863.

Tjugum kyrkje høyrde fram til 1849 til Leikanger prestegjeld, sidan har ho høyrd til Balestrand. Fram til 2013 låg prestegjeldet under Ytre Sogn prosti, det vart så overført til Indre Sogn prosti.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]