Workingman's Dead
Workingman's Dead Studioalbum av Grateful Dead | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. juni 1970 | |
Innspelt | Februar 1970 | |
Studio | Pacific High Recording, San Francisco | |
Sjanger | ||
Lengd | 36:00 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent |
| |
Grateful Dead-kronologi | ||
---|---|---|
Live/Dead (1969) |
Workingman's Dead | Vintage Dead (1970)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
American Songwriter | [2] |
Christgau's Record Guide | A[3] |
Rolling Stone | [4] |
Workingman's Dead er det fjerde studioalbumet til Grateful Dead. Det vart spelt inn i februar 1970 og først gjeve ut 14. juni 1970. Albumet og oppfølgjaren, American Beauty, vart spelte inn etter kvarandre med liknande stil, der dei gjekk bort frå dei psykedeliske eksperimenta frå dei førre albuma til fordel for Jerry Garcia og Robert Hunter sine americana-prega songar.
I 2012 vart albumet rangert på 264. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Bandet spelte inn albumet i Pacific High Recording Studio i San Francisco i løpet av berre ni dagar. Etter at dei to førre studioalbuma hadde vore lange og omstendelege prosessar, føreslo Garcia at «la oss berre gjere det på tre veker og kome oss til helvete ut der frå».[5] I tillegg til å prøve å unngå å opparbeide seg meir gjeld, slik dei hadde gjort under innspelinga av Aoxomoxoa, sleit bandet med stress etter nyleg å ha blitt teken med dop i New Orleans – noko som kunne føre til at dei hamna i fengsel. I tillegg kom dei attende frå ein turné og oppdaga at den snart sparka manageren deira Lenny Hart (far til trommeslagaren Mickey Hart), nekta å vise rekneskapen til nokon andre i organisasjonen.
Tekstforfattaren Robert Hunter hadde blitt med bandet på turné for første gongen, og dei kunne derfor skrive songane kjappare. I motsetnad til den psykedeliske, elektrifiserte musikken som bandet hadde blitt kjend for, tok dei no songane i ei ny retning, og tok opp att folkrockrøtene sine.
Workingman's Dead og American Beauty, som følgde nokre månader seinare, var i følgje trommeslagaren Bill Kreutzmann, begge inspirerte av Bakersfield sound. Han forklarte «Me prøvde å vere som eit Bakersfield-band – men eitt som høyrdest ut som om me var 300 miles nord for byen ... me heldt fast ved dei psykedeliske røtene våre. Workingman's Dead handla berre om å oppdage songen ... American Beauty handla berre om å få harmoniane til å gjere dette».[6]
På turné i Boulder i Colorado året før, hadde Garcia kjøpt ein steelgitar og ønskte no å bruke denne på dei nye songane. Lesh sa: «Som alle andre instrument han plukka opp, så fekk han det til å syngje. Den fremste drivkrafta for denne utviklinga var karakteren til songane Hunter og Jerry hadde skrive. Fleire av dei hadde definitivt ein smak av country ('Dire Wolf,' 'Friend of the Devil,' 'High Time,' 'Casey Jones,' 'Ripple') og Jerry byrja å bruke den nye øksa på desse etter kvart som dei kom inn på setlista. Bobby [Weir] henta òg inn coverversjonar av countryfavorittane hans og somme originale songar i liknande stil, så me byrja å sjå starten på ein trend.»[7]
Songar som «Uncle John's Band», «High Time» og «Cumberland Blues» vart brakt til liv med harmonisong og fleire lag med vokal som ikkje tidlegare hadde vore ein del av stilen til bandet. Sommaren 1968 vitja Stephen Stills ranchen til Mickey Hart i Novato. «Stills budde hos meg i tre månader kring tida då han spelte inn det første albumet med Crosby, Stills & Nash», sa Hart, «og han og David Crosby fekk verkeleg Jerry og Bobby til å sjå på røysta som eit heilag instrument. Det vende oss bort frå rein improvisasjon og meir mot songar.»[8]
Garcia sa at mykje av lyden på albumet kom frå både låtane han skreiv med Hunter, og venskapen bandet hadde med Crosby, Stills and Nash: «Då me høyrde dei karane syngje og kor fint det høyrdest ut, tenkte me 'Me kan prøve det. La oss arbeide litt med det'.»[9]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Albumtittelen kom Jerry Garcia sa til Robert Hunter at albumet var «i ferd med å bli 'arbeidarens Dead'-utgåve av bandet».[10] Etter å ha arbeidd med alle songane på albumet og vore med bandet på turné, er Hunter med som det sjuande medlemmet av bandet på framsida av plateomslaget.
Warner Bros. gav ut «Uncle John's Band» (med B-sida «New Speedway Boogie») som singel for å marknadsføre albumet. Han vart lite spelt på radio.
Lesarane av Rolling Stone stemte fram Workingman's Dead som det beste albumet i 1970, etterfølgd av Crosby, Stills, Nash and Young sitt Déjà Vu og Van Morrison sitt Moondance.[10]
Albumet vart ommastra og utvida i 2001 som ein del av plateboksen The Golden Road (1965–1973). Denne utgåva kom ut som ei separat utgjeving i 2003 med dei same åtte bonusspora.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songane er skrivne av Jerry Garcia og Robert Hunter, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Uncle John's Band» | 4:42 |
2. | «High Time» | 5:12 |
3. | «Dire Wolf» | 3:11 |
4. | «New Speedway Boogie» | 4:01 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Cumberland Blues» (Garcia, Phil Lesh, Hunter) | 3:14 |
6. | «Black Peter» | 5:41 |
7. | «Easy Wind» (Hunter) | 4:57 |
8. | «Casey Jones» | 4:24 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «New Speedway Boogie» (alternativ miks) | 4:10 |
10. | «Dire Wolf» (konsertopptak) | 2:31 |
11. | «Black Peter» (konsertopptak) | 9:07 |
12. | «Easy Wind» (konsertopptak) | 8:09 |
13. | «Cumberland Blues» (konsertopptak) | 4:52 |
14. | «Mason's Children» (konsertopptak, Garcia, Lesh, Bob Weir, Hunter) | 6:32 |
15. | «Uncle John's Band» (konsertopptak) | 7:57 |
16. | «Radio promo» | 1:00 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Grateful Dead
- Jerry Garcia – sologitar, pedalsteelgitar, banjo, vokal, solovokal på alle songane utanom der andre er nemnde
- Bob Weir – gitar, vokal, solovokal på «Cumberland Blues», solovokal på bonussporet «Dire Wolf»
- Pigpen (Ron McKernan) – klaverinstrument, munnspel, vokal, solovokal på «Easy Wind»
- Phil Lesh – bass, vokal
- Bill Kreutzmann – trommer, perkusjon
- Mickey Hart – trommer, perkusjon
- Tom Constanten – klaverinstrument på bonusspora «Dire Wolf», «Black Peter», «Easy Wind», «Cumberland Blues», «Mason's Children»
Andre medverkande
- David Nelson – akustisk gitar på «Cumberland Blues»
Produksjon
- Bob Matthews, Betty Cantor, Grateful Dead – produsent
- Alembic – lydteknikar
- Ramrod – utstyrsteknikar
- Rex Jackson – utstyrsteknikar
- S. Heard – utstyrsteknikar
- Jon McIntire – big nurse
- Sam Cutler – executive nanny
- Cosmic Gail – lady in waiting
- David Parker – guardians of the vault
- Bonnie Parker – guardians of the vault
- Mouse Studios, med Toon N Tree – plateomslag og design
Salslister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Liste | Plassering |
---|---|
Pop Albums | 27[11] |
Sertifisering | Date |
---|---|
Gull | 11. juli 1974 |
Platina | 13. oktober 1986 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Workingman's Dead» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Akeny, Jason. «Workingman's Dead». AllMusic. Henta 26. september 2018.
- ↑ Beviglia, Jim (January–February 2014). «The Grateful Dead: Workingman's Dead». American Songwriter (ForASong Media, LLC) 29 (2): 55. ISSN 0896-8993. Henta 27. desember 2013.[daud lenkje]
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ [1] Arkivert 28. juni 2011 ved Wayback Machine.
- ↑ Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books, New York, NY. s. 181.
- ↑ Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York. Chapter 9. ISBN 978-1-250-03380-2.
- ↑ Lesh, Phil (2005). Searching for the Sound. Little, Brown & Co., New York, NY. Chapter 11. ISBN 978-0-316-00998-0.
- ↑ Allen, Scott W. (1992). Aces Back to Back. Outskirts Press, Parker, CO.
- ↑ Grateful Dead: The Illustrated Trip. Jake Woodward, et al. Dorling Kindersley Limited, 2003, p. 119.
- ↑ 10,0 10,1 Grateful Dead: The Illustrated Trip. Jake Woodward, et al. Dorling Kindersley Limited, 2003, p. 108.
- ↑ «Top 200 Albums - week of 27. juni 1970». Billboard. Scroll down to Workingman's Dead and hover. Henta 3. desember 2016.
- ↑ «RIAA Gold & Platinum database-Workingman's Dead». Henta 28. februar 2009.
410: Wild Honey The Beach Boys |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 409 Workingman's Dead Grateful Dead |
408: Ace of Spades Motörhead |
265: The Genius of Ray Charles Ray Charles |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 264 Workingman's Dead Grateful Dead |
263: Tracy Chapman Tracy Chapman |
- Musikkalbum frå 1970
- Grateful Dead-album
- Warner Bros. Records-album
- Album produserte av Bill Kreutzmann
- Album produserte av Bob Weir
- Album produserte av Jerry Garcia
- Album produserte av Mickey Hart
- Album produserte av Phil Lesh
- Album produserte av Ron «Pigpen» McKernan
- Beste album gjennom tidene hos Rolling Stone 2012
- Beste album gjennom tidene hos Rolling Stone 2020