113 Amalthea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
113 Amalthea
Oppdaging A
Oppdaga av Karl Theodor Robert Luther
Oppdaga dato 12. mars 1871
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
BaneelementC JPL
Epoke 31. desember 2006 (JD 2454100,5)
Solfjerne (aphel, Q) 386,645 mill. km (2,585 AE)
Solnære (perihel, q) 324,208 mill. km (2,167 AE)
Stor halvakse (a) 355,426 mill. km (2,376 AE)
Eksentrisitet (e) 0,088
Omløpsperiode (P) 1337,627 d (3,66 år)
Gjennomsnittleg banefart 19,29 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 4,657°
Banehelling (i) 5,037°
Lengda til oppstigande knute ) 123,592°
Perihelargument (ω) 79,051°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 46,1 km
Masse 1,0×1017 kg
Tettleik ? g/cm³
Overflategravitasjon 0,0129 m/s²
Unnsleppingsfart 0,0244 km/s
Rotasjonsperiode ? d
Albedo ?
Spektralklasse S
Absolutt storleiksklasse: 8,74
Overflatetemperatur: ~181 K
Må ikkje forvekslast med jupitermånen Amalthea.

113 Amalthea er ein ganske typisk steinete hovudbelteasteroide som går i bane i dei indre regionane av beltet. Han vart oppdaga av R. Luther den 12. mars 1871. Ein av Jupiter sine indre satellittar ber òg namnet Amalthea. Namnet kjem frå Amalthea, ei nymfe som var fostermor til Zevs i gresk mytologi.

Amalthea er rekna for å vera eit fragment av mantelen til eit objekt på størrelse med 4 Vesta som gjekk i oppløysning for omtrent ein milliard år sidan. 9 Metis er rekna for å vera den andre større resten av denne asteroiden.