Åkerbær
| Åkerbær | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Rosales | |
| Familie: | Rosaceae | |
| Slekt: | Rubus | |
| Art: | R. arcticus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Rubus arcticus | ||
Åkerbær (Rubus arcticus) er ein plante i rosefamilien. I Norden har planten ei austleg utbreiing. I Sør-Noreg finn vi han i randområda mot Sverige. Han er vanlegare i Troms og Finnmark. I Nord-Sverige og særleg i Finland er han utbreidd. Han veks vidare gjennom Russland og i nordlege Nord-Amerika. Åkerbær veks på fuktig skogbotn, langs bekkar, på veg- og myrkantar. Han er sjeldan over skoggrensa, men veks enkelte stader frå Telemark til Sør-Trøndelag. Åkerbær har i Telemark vorte funnen 1300 m.o.h.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Planten har ein krypande jordstengel med ein opprett stengel på 10 - 25 cm. Stengelen har få trekopla blad.Dei er sagtanna, glatte og tynne. I toppen av stengelen sit 1 - 3 smale blomar. Dei har 5 - 10 kronblad som oftast er rosa. Den brunraude eller djupraude frukta minner om bringebær.
[endre] Bruk
Dei aromatiske bæra vert brukte til syltetøy og dessertar. I Finland der åkerbær er vanleg, er åkerbærlikør ein spesialitet.
[endre] Anna
Åkerbær kan danne hybrid med teiebær.
[endre] Kjelder
- Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995
- Pål Hermansen: Våre vakreste fjellplanter. Universitetsforlaget 1985
- C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977
|
|
|
|---|---|
| Hagebær | Hagerips · Solbær · Stikkelsbær · Jordbær · Bringebær |
| Ville bær | Blåbær · Tyttebær · Villbringebær· Markjordbær · Molte · Åkerbær · Krekling · Rognebær · Heggebær · Bjørnebær · Tranebær |
| Frukt dyrka i Norge | Eple · Pære · Surkirsebær · Morell · Plomme |
| Sitrusfrukt | Appelsin · Klementin · Mandarin · Lime · Sitron · Grapefrukt |
| Anna frukt og bær | Kiwi · Nektarin · Banan · Aprikos · Druer · Ananas · Fersken · Amerikansk blåbær · Amerikansk tranebær |