Bolan's Zip Gun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bolan's Zip Gun
Studioalbum av T. Rex
Utgjeve 16. februar 1975
Innspelt Music Records Inc. Hollywood
Sjanger Glamrock, psykedelisk soul
Lengd 33:42
Selskap EMI / T.Rex Wax Co (UK)
Produsent Marc Bolan
Kritikk
T. Rex-kronologi
Light of Love
(1974)
Bolan's Zip Gun Futuristic Dragon
(1976)

Bolan's Zip Gun er eit album frå 1975 av T. Rex. Det gjekk ikkje inn på listene i Storbritannia og først året etter gjekk Marc Bolan igjen inn på lista med Futuristic Dragon. Albumet var produsert av Bolan sjølv, etter tidlegare å ha samarbeidd med produsenten Tony Visconti.

Det vart gjeven ut to singlar frå albumet, «Light Of Love» (22. plass i Storbritannia) og «Zip Gun Boogie», den minst suksessfulle singelen til T.Rex. Sjølv om stilen på albumet var nakent og tekstane enkle og direkte, hadde Bolan prøvd å gå forbi rockeformatet i den tidlegare T. Rex-stilen og lente seg meir mot amerikansk soul. Den nye partnaren hans Gloria Jones og andre amerikanske vener, som bror til Gloria, Richard og korsongar Pat Hall, hadde påverka musikken til Bolan.

Fleire av songane hadde ein futuristisk tone, særleg «Space Boss», «Think Zinc» og «Golden Belt», som synte at Bolan var ein stor tilhengjar av science fiction. På enkelte av songane nytta òg bandet to trommeslagarar samstundes, som på «Solid Baby», spelt av Davy Lutton og Paul Fenton.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Marc Bolan, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Light of Love»   3:16
2. «Solid Baby»   2:37
3. «Precious Star»   2:53
4. «Token of My Love»   3:40
5. «Space Boss»   2:49
6. «Think Zinc»   3:25
7. «Till Dawn»   3:02
8. «Girl in the Thunderbolt Suit»   2:20
9. «I Really Love You Babe»   3:33
10. «Golden Belt»   2:41
11. «Zip Gun Boogie»   3:26
Bonusspor på CD-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
12. «Do You Wanna Dance?»   Bobby Freeman 2:13
13. «Dock of the Bay» (sungen av Gloria Jones) Steve Cropper, Otis Redding 2:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]