Christian Schweigaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Schweigaard

Christian Homann Schweigaard (14. oktober 183824. mars 1899) var norsk statsminister i «aprilministeriet» i 1884. Schweigaard var Høgre-politikar og formann i partiet sitt sentralstyre 1889-91 og 1893-96. Anton Martin Schweigaard var far hans.

Schweigaard, som var fødd i Christiania, vart student frå Nissens skole i 1855 og cand. jur. i 1860. Deretter var han advokatfullmektig hos ein morbror. Inn i mellom var han på studieferder til Paris og London. År 1863 vart han overrettssakførar og to år seinare høgsterettsadvokat.

Schweigaard var 1873 medlem av ein kongeleg kommisjon om utviding av Christiania og 1877 av den parlamentariske skattekommisjonen. Han kom med i formannskapet i Christiania i 1875. Periodane 1879-80 og 1885-88 var han ordførar i byen. Medlem av bystyret til 1894. Frå 1880 var Schweigaard styreformann i Kongsvinger- og Smaalensbanen.

Frå desember 1880 var Schweigaard statsråd i Selmer-ministeriet. Saman med resten av ministeriet vart han sett under tiltale og 31. mars 1884 dømd og ilagd ei bot på kr 8000. 3. april 1884 danna han ny regjering, i ettertid kalla for aprilministeriet. Regjeringa søkte avskjed allereie 31. mai, og gjekk av 26. juni.

Schweigaard var stortingsrepresentant frå 1886 til 1897, vald frå Holmestrand. Han var 1889-91 og 1894-97 sentralstyreformann (dermed parlamentarisk leiar) for Høgre-representantane på Stortinget. 1889-91 var han president i Odelstinget. Han var 1886-88 medlem av konstitusjonskomiteen. Formann i budsjettkomiteen 1889-91, medlem i same 1892-93. I 1890-91 og 1895-97 medlem av valkomiteen og fullmaktskomiteen. 1894-sesjonen var han medlem av sosialkomiteen, medan han 1895-97 på ny hadde sete i konstitusjonskomiteen. I 1897 var han medlem av den parlamentariske valdgiftskomiteen og av komiteen vedkomande ordninga av Nobelinstituttet.

Han døydde 1899 i Kristiania.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Christian Schweigaard