Carl Joachim Hambro (1885-1964)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av C.J. Hambro
For andre med namnet Carl Joachim Hambro, sjå fleirtydingssida Carl Joachim Hambro.

Carl Joachim Hambro, ofte berre C.J.Hambro (5. januar 188515. desember 1964) var ein norsk politikar frå Høgre, journalist, forfattar og omsetjar frå Bergen, død i Oslo.

Han sat på Stortinget frå 1919 til 1957, og var stortingspresident i perioden 19261933 og 19351945 (visepresident i 1934). Han var parlamentarisk leiar i Høgre 19261958 og formann for Høgre 19261934 og 19501954.

I yrkeskarrieren arbeidde han hovudsakleg som journalist og redaktør i Morgenbladet. Han var kjend som ein stor talar og retoriker, og blir rekna som den fremste parlamentarikaren i Noreg i førre hundreåret.[1] [2] Hambro organiserte evakueringa av stortingsrepresentane, regjeringa og kongefamilien ut av OsloTyskland invaderte landet den 9. april 1940, og var vidare den som utforma Elverumsfullmakta.[3] Han markerte seg som ein kunnskapsrik politikar, men hadde også kontroversielle meiningar, og hadde ikkje vanskar med å tale personer i og utanfor partiet midt imot. Han var heile livet ein sterk motstandar av ekstreme ideologiar og leiarane for desse.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Slekta Hambro stammar frå Danmark, og har jødisk opphav. Slekta konverterte til kristendom på byrjinga av 1800-talet. Carl Joachim Hambro d.e. blei fødd i Bergen i 1885, som son til skulestyrar Edvard Isak Hambro (1847–1909) og Nicoline Christine Harbitz (1861–1926). C.J. Hambro var gift to gongar. Med den første kona, Gudrun «Dudu» Grieg, fekk han fem barn: Edvard Hambro, Vilhelm Cato Hambro, Carl Joachim Hambro d.y., Johan Hambro og ei dotter. «Dudu» døydde i USA i 1943, medan ekteparet var i eksil på grunn av den tyske okkupasjonen av Noreg. I 1946 gifta han seg med teatersjef Gyda Christensen (1872–1964), som han i mange år hadde hatt eit forhold til. Dette var vel kjent i samtida, men blei aldri omtalt offentleg.

Studiar og journalistikk[endre | endre wikiteksten]

Hambro tok i 1902 studenteksamen ved Hambros skole i Bergen og begynte deretter universitetsstudiar i Oslo. Han vart cand. mag. etter eksamen i 1907.

Allereie i studietida blei Hambro journalist i Morgenbladet, der han arbeidde frå 1903 til 1907. I 1907 blei han lærar ved Kristiania handelsgymnasium, året etter ved Vestheim skole der han blei til 1912. I 1913 blei han sjefredaktør i Morgenbladet og i 1921 redaktør av Ukens revy, eit blad han redigerte til 1929.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

C.J. Hambro hadde store evner som talar og må reknast som ein av dei fremste parlamentarikarane i Noreg.

Hambro var stortingsrepresentant frå 1919 til 1957 og stortingspresident 1926–33 og 1935-1945, samt visepresident i 1934, president i Odelstinget 1945-1958. Han var Høgre sin parlamentariske leiar frå 1926 til 1958. Hambro var også president i Folkeforbundet si delegertforsamling i 1939 og 1946.

Hambro organiserte togtransport for stortingsrepresentantane, regjeringa og kongefamilien ut av Oslo då tyskarane invaderte den 9. april 1940. Hambro var vidare den som utforma Elverumsfullmakten som gav regjeringa konstitusjonell dekning for å styre inntil stortinget igjen kunne samlast. Under den andre verdskrigen budde Hambro i USA og Storbritannia.

Medlem i Nobelkomiteen[endre | endre wikiteksten]

Hambro var medlem av Nobelkomiteen i perioden 1. januar 1940 til 31. desember 1963. Han var viseformann 1945–1948 og fungerande formann juni 1945–november 1945.

Hambro som litteraturkritikar[endre | endre wikiteksten]

C. J. Hambro arbeidde som litteraturkritikar gjennom mange år, og hadde gode føresetnader for dette arbeidet på grunn av dei store kunnskapane han hadde om ny og eldre litteratur. På den andre sida kunne omtalane hans ofte vere prega av tidsnaud, og han var ikkje fri for å la personlege politiske oppfatningar vege tungt i vurderinga av bøker. Philip Houm skreiv at han «gjerne slaktet verdifulle bøker, dersom idéen – «tendensen» – var ham usympatisk». Spesielt viste dette seg i kulturkampen i 1930-åra. Han skreiv svært kritisk om bøker av Rolf Stenersen, Paul Gjesdahl, Sigurd Hoel og Aksel Sandemose. På grunn av tonen i omtalen av Sandemose si bok Vi pynter oss med horn (1936) melde Sandemose han til politiet, men saka vart lagt vekk. Samtidig var han alltid begeistra for den radikale diktaren Arnulf Øverland, trass i hans kommunistiske overtydingar.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Hambro mottok ei rekkje utmerkingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Carl Joachim Hambro» (NRK), 30. desember 2004
  2. C.J. Hambro, utdrag frå «Høyres historie»
  3. Radiosammendrag (NRK)