Den andre hundreårskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Waterloo i 1815, der hertugen av Wellington og Gebhard Leberecht von Blücher slo Napoleon. Det vert rekna som det siste slaget i den andre hundreårskrigen.

Den andre hundreårskrigen er namnet enkelte historikarar[1][2][3] nyttar om ei rekkje krigar og militære konfliktar mellom Kongedømet England (seinare Storbritannia) og Frankrike frå om lag 1689 til 1815. Uttrykket ser ut til ha vorte først nytta av JR Seeley i det viktige verket hans The Expansion of England: Two Courses of Lectures (1883). [4] Som med hundreårskrigen skildrar ikkje namnet ein enkel krig, men ein generell vedvarande periode der dei to krigførande maktene var i strid med kvarandre. Namnet syner korleis krigane mellom dei to nasjonane påverka kvarandre i kampen om verdsherredøme for Frankrike og Storbritannia. Det var ein krig mellom og over framtida til kolonirika til dei to statane.

Dei forskjellige krigane mellom dei to statane på 1700-talet involverte stort sett andre europeiske land i store alliansar, men bortsett frå kvadrupelalliansekrigen der dei var allierte, stod Frankrike og Storbritannia alltid på kvar si side. Somme av krigane, som sjuårskrigen, har vorte rekna som verdskrigar og omfatta slag i dei blømande koloniane i India, Amerika og langs skipsrutene rundt heile jorda.

Krigsrekkja starta då den nederlandske Vilhelm III vart konge av England under revolusjonen i 1688. Den seinare kongefamilien Stuart, som konverterte til romersk katolisisme, søkte vennskap med Ludvig XIV. Jakob I og Karl I var begge protestantar og hadde prøvd så langt som mogeleg å unngå og involvere seg i trettiårskrigen og søkte fred med Frankrike på 1500-talet. Karl II og Jakob II hadde til og med aktivt støtta Ludvig XIV i krigen hans mot Den nederlandske republikken. Vilhelm III var derimot imot det katolske regimet til Ludvig XIV og gjekk i spissen for protestantismen. Dette medførte spaningar mellom dei to landa dei neste tiåra då Frankrike verna jakobittane som ønskte å styrte Stuart-familien, og etter 1715 Huset Hannover.[5]

Etter Vilhelm III endra motstanden mellom Frankrike og Storbritannia seg frå religion til økonomi og handel. Dei to statane kappast om å dominere koloniriket i Amerika og Asia. Sjuårskrigen var den største og mest avgjerande av konfliktane.

Striden heldt fram med britisk motstand i den franske revolusjonen og dei påfølgjande krigane mot den nye republikken og så Det første riket til Napoleon. Nederlaget hans i slaget ved Leipzig i 1813 og det andre nederlaget i slaget ved Waterloo under dei hundre dagane i 1815 enda effektivt dei stadige krigane mellom Frankrike og Storbritannia. Den tilbakevendande retorikken i dei to landa endra seg frå omtale av «den naturlege fienden» til ein avtale om å tolerere kvarandre. Felles interesser førte til at dei samarbeidde under krimkrigen. Eit hundreår etter at dei slutta å krige mot kvarandre, klarte dei to å opprette Entente Cordiale, og synte at den «første» og den «andre» hundreårskrigen høyrte til fortida, og at sjølv om det framleis var kulturelle skilnader, så var den valdelege konflikten over.

«Kartago» og «Roma»[endre | endre wikiteksten]

Mange i Frankrike omtalte Storbritannia som «Falske Albion», og synte til at landet ikkje var til å lite på i det heile. Franskmennene samanlikna Storbritannia og Frankrike med høvesvis det gamle Kartago og Roma, der Kartago vart sett på som ein grådig imperialiststat som kollapsa, medan Roma var ein intellektuell og kulturell hovudstad som blømde.[6]

Denne klassiske samanlikna vart nyttig for franskmennene fordi Roma slo Kartago. Synet på denne tida var at dei to folkeslaga var så forskjellige at dei ikkje kunne kome fram til fredelege løysingar. Krig var den einaste måten å løyse skilnadane deira. Frankrike var «den naturlege fienden» til Storbritannia, men Storbritannia var det største hinderet til Frankrike for å dominere Europa.

Krigar i den andre hundreårskrigen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Second Hundred Years' War» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Blanning, T. C. W. The Culture of Power and the Power of Culture: Old Regime Europe 1660-1789. Oxford: Oxford University Press, 2002.
    • Buffinton, Arthur H. The Second Hundred Years' War, 1689-1815. New York: Henry Holt and Company, 1929.
    • Claydon, Tony. William III. Edinburgh: Pearson Education Limited, 2002.
    • Crouzet, Francois. "The Second Hundred Years War: Some Reflections." French History 10 (1996), s. 432-450.
    • Scott, H. M. Review: "The Second 'Hundred Years War' 1689-1815." The Historical Journal 35 (1992), s. 443-469.
    • Tombs, Robert and Isabelle. That Sweet Enemy: The French and the British from the Sun King to the Present. London: William Heinemann, 2006.
  1. Buffinton, Arthur H. The Second Hundred Years' War, 1689-1815. New York: Henry Holt and Company, 1929.
  2. Crouzet, Francois. "The Second Hundred Years War: Some Reflections". French History 10 (1996), s. 432-450.
  3. Scott, H. M. Review: "The Second 'Hundred Years War' 1689-1815". The Historical Journal 35 (1992), s. 443-469.
  4. Morieux, Renaud: «Diplomacy from Below and Belonging: Fishermen and Cross-Channel Relations in the Eighteenth Century». Past & Present 202 (2009), s. 83.
  5. Claydon, William III
  6. Tombs, That Sweet Enemy, s. 208.