Denny Laine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denny Laine
Denny Laine - Wings - 1976.jpg
Denny Laine på scenen med Wings i 1976.
Verkeleg namn Brian Frederick Arthur Hines
Alias Denny Laine
Instrument Vokalar, gitar, bass, tangentinstrument, fløyte, munnspel, fiolin
Sjanger Rock and roll, blues-rock, R&B, jazzfusion
Aktive år 1957 til i dag
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Paul McCartney, Wings, The Moody Blues, Mike Pinder, Ginger Baker's Air Force, Eddie Hardin, Maggie Bell, Colin Blunstone, World Classic Rockers, Linda McCartney.
Plateselskap Decca, Wizard, Reprise, EMI, Arista, Takoma, Scratch, President, Griffin, Global
Nettstad www.dennylaine.com

Denny Laine (fødd Brian Frederick Arthur Hines29. oktober 1944) er ein engelsk musikar og låtskrivar. Han var gitarist og frontmann i The Moody Blues på debutalbumet deira The Magnificent Moodies i 1965 og seinare mest kjend for å ha starta bandet Wings i lag med Paul og Linda McCartney. Laine vart verande i Wings til dei gav seg i 1981.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Laine har bakgrunn frå Romanifolket. Han vart født i Tyseley i Birmingham og fekk utdanning ved Yardley Grammar School i Birmingham. Då han opptredde første gongen var han 12 år gammal etter å ha byrja å spele gitar i ung alder etter å ha vorte inspirert av Django Reinhardt. Han byrja ein karriere som profesjonell musikar i ei gruppe kalla Denny and the Diplomats der éit av medlemmane var den framtidige trommeslagaren i gruppene The Move og Electric Light Orchestra, Bev Bevan.

I 1964 forlét Laine Denny and the Diplomats for å bli med i The Moody Blues, og han song på den største hita deira «Go Now». Tida hans med bandet vart derimot kortvarig, og etter ei tid med fleire mislukka utgjevingar slutta han.

Han danna deretter gruppa Denny Laine's Electric String Band med seg sjølv på gitar og song, Trevor Burton (òg gitar og framtidig medlem av The Move), og Viv Prince (trommer). Gruppa nytta elektriske strykarar i eit opplegg som ikkje var ulikt til det Electric Light Orchestra seinare skulle gjere til varemerket sitt. Gruppa gjorde to singlar, «Say You Don't Mind / Ask The People» (april 1967) og «Too Much In Love / Catherine's Wheel» (januar 1968); og i juni 1967 delte dei ei framferd med The Jimi Hendrix Experience og Procol Harum i London, men den nasjonale heideren uteblei og sjølv om bandet var ein pioner i sjangeren sin vart det oppløyst.

Med Wings fekk Danny Laine den største suksessen sin og overgjekk òg The Moody Blues-utgjevinga av «Go Now». Han hjelpte Paul McCartney å skrive store songar som blant anna «Mull of Kintyre». Saman med kona til McCartney Linda McCartney danna Laine grunnstamma i bandet, og både song og spelte rytmegitar, bass, tangentinstrument forutan å kore og stundom òg synge solovokal.

Laine-songen frå 1967, «Say You Don't Mind», vart ein hit då han vart innspelt i 1972 av tidlegare medlem av The Zombies, Colin Blunstone.

I januar 1980 hadde Wings planlagt ein turne i Japan, men då dei kom på flyplassen vart McCartney arrestert for å ha med seg marijuana. Turnen vart kansellert og tilhøvet til McCartney kjølna og vart bittert. I 1982 utgav han songen «Japanese Tears» som var eit åtak på MCartney, tilsvarande John Lennon sin «How Do You Sleep?» i 1971. Laine flaug deretter lågt. På midten av 1980-talet måtte han erklære seg personleg konkurs. Han hadde då tidlegare selt sine lukrative rettar til songen «Mull of Kintyre» til McCartney. Han fortsette å utgje musikk og har opptredd på Beatles-festivalar og på hyllester til The Beatles og Wings. For tida bur han i USA.

Han var kortvarig gift med Jo Jo Laine (13. juli 1953-29. oktober 2006) og fekk ei dotter, Heidi, med henne.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

The Moody Blues[endre | endre wikiteksten]

År Album
1965 The Magnificent Moodies

Ginger Baker's Airforce[endre | endre wikiteksten]

År Album
1970 Ginger Baker's Air Force
Ginger Baker's Air Force 2

Wings[endre | endre wikiteksten]

År Album
1971 Wild Life
1973 Red Rose Speedway
Band on the Run
1975 Venus and Mars
1976 Wings at the Speed of Sound
Wings Over America (trippelt konsertalbum)
1978 London Town
1979 Back to the Egg

Solo album[endre | endre wikiteksten]

Denny Laine i nyare tid, på the Cavern Club
År Album Selskap
1973 Ahh...Laine Wizard/Reprise (US)
1976 Holly Days EMI/Capitol (US)
1981 Japanese Tears Polydor/Scratch
1982 Anyone Can Fly Polydor/Scratch
1985 Hometown Girls President
1986 Wings On My Feet President
1988 Lonely Road President
Master Suite Magnum Force
1990 All I Want Is Freedom JAWS
1996 Reborn Griffin/Scratch
Wings At The Sound Of Denny Laine Scratch/Purple Pyramid (US)
1998 Arctic Song Ribble Records

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Wings