Dipavali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oljelampar på ein rangoli under dipavali.
Foto: Jim Reeves
Fyrverkeri, som stjerneskot, er svært populære for alle religionar under dipavali.
Foto: ISAL Indian Students Association Leuven
Søtsaker som gulab djamon er ein annan viktig del av feiringa.

Dipavali eller divali er namnet til den indiske lyshøgtida. Ho vert feira med at ein tenner oljelampar og fyrverkeri. Dipavali er den einaste høgtida som tradisjonelt har vorte feira i alle delar av India og har difor i dag vorte eit symbol på samhald i India.

Sjølv om dipavali i Vesten vert sett på som éin hinduisk fest, er høgtida eigentleg mykje meir enn det. Høgtida inkluderer ti ulike hinduiske, djainistiske og sikh-festar, som fell på eller rundt den første nymånen i den indiske månaden kártika. Den første historiske referansen til dipavali er i eit djainistisk verk, og det er difor mogleg at det var dei som byrja å feira høgtida. Som ein lysfest med gåvegjeving som fell i det nordlege vinterhalvåret, blir høgtida ofte likna med jul. Ho er også ei nyårsfeiring i nokre hindukalenderar i Nord-India.

Dipavaliaftan: dhanatrayódasji eller dhanteras[endre | endre wikiteksten]

Dhanteras eller dhanatrayódasji vert feira den 13. dagen av kártika, to dagar før nymånen. Ordet 'dhanatrayódasji' tyder 'rikdomstrettande'. Denne dagen er heilag for Dhanavantari, guden for helse og lukke, som i hindumytologien kom ut den dagen frå Ksjíraságara, den store mjølkesjøen. Han blir dyrka ved at ein reinsar og vaskar huset, kjøper nye klede eller smykke og takkar alle verktøy som ein bruker i yrket sitt. Dhantrayódashi er feira mest i det nordvestlege India.

Ei legende knyter dhanatrayódasji til Jama, guden for rettferd og daude. Sonen åt kongen Hima vart fordømd til å døy fire dagar etter han gifte seg. Men då dagen kom tente kona hans oljelampar i kvart rom i slottet og sette alt gull og sølv i slottet i ein haug ved inngangen til soverommet deira. Ho sat i rommet med mannen sin og fortalde han eventyr og song songar heile natta. Då Jama kom for å henta prinsen si sjel, glimta alt i slottet så mykje at han ikkje kunne sjå noko ting. Medan han prøvde å venna augo sine til det sterke lyset, høyrde han historiene som prinsessa fortalde. Han vart så fengsla at han sat ved inngangen og høyrde på henne heile natta. Då morgonen lysna, slutta prinsessa å tala og Jama gjekk fredeleg vekk. I mange delar av India tenner folk oljelys den natta for å roa Jama.

Den første dipavalidagen: narakatsjaturdasji eller vesledipávali[endre | endre wikiteksten]

Den 14. dagen av kártika heiter narakatsjaturdasji og er rekna som den første dagen av dipavali-høgtida. Tamilar feirar denne dagen som hovuddagen av dipávali, men i nord-India vert han kalla tsjotidiváli (vesledipávali) og er mindre viktig enn den neste dagen.

Narakachaturdasji er til minne om drapet på demonen Naraka utført av guden Krisjna og Satyabáma, kona åt Krisjna. Naraka var sonen åt jordgudinna Bhúdevi. Han gjorde mange ritar til ære for gudane og fekk fleire velsigningar frå dei, særleg frå Brahma, som gjorde det slik at ingen kunne drepa han bortsett frå mor hans. Så snart han fekk velsigningane, vart han ein tyrann som plaga alt som levde. Krisjna drog i krigen med han, og Satyabáma sa at ho ville vera med. Men Krisjna sjølv vart treft av ei pil og fall medvitslaus om. Satyabáma, som eigentleg var Bhúdevi fødd på jorda, vart svært sinna. Ho tok opp Krisjna sin boge, løyste ei pil som trefte Naraka og drap han. Dagen er difor feira til minne om at det gode vann over det vonde. Folk tenner lys i huset denne natta som eit teikn på at det gode alltid skal vinna over det vonde, slik som lys alltid driv bort mørker. Tamilar tek også dagen som eit minne om at ein alltid må setja det som er godt for samfunnet over sine eigne kjærleiksband.

Den andre dipavalidagen: amavasya eller storedipavali[endre | endre wikiteksten]

Den 15. dagen av kártika er nymånen, og er feira som hovuddagen av dipavali-høgtida i dei fleste delar av India. Denne dagen er heilag ikkje berre for hinduar men også for djainar og sikhar.

Mottakinga av Rama og Sita i Ayodhya.

Rama si heimkjømd[endre | endre wikiteksten]

I Nord-India, særleg dei hindi-talande regionane, er denne dagen ein av dei viktigaste dagane i året. Dagen er til ære for Rama, helten i det hinduiske eposet Ramayana. Stemora hans Rama hadde sendt han og Sita, kona hans, bort frå landet for 14 år. Demonkongen Ravana bortførte Sita til Lanka medan dei budde i eksil. Rama, med hjelp frå bror sin Laksjmana, måtte kjempa ein stor krig mot demonkongen Ravana for å få henne tilbake. Etter krigen drog dei tilbake til Ayodhya, hovudstaden i riket sitt. Dagen dei kom heimatt var den mørkaste i året, men folket i Ayodhya tende lyset i kvart hus heile natta for glede. I dag feirar folk dagen med lys i huset og fyrverkeri, for å minnast den gledelege dagen og som eit teikn på at det gode alltid skal vinna over det vonde.

Laksjmi måla av Ravi Varma.

Laksjmi-høgtida[endre | endre wikiteksten]

I mange andre delar av India er denne dagen helga for Laksjmi, kona åt Visjnu og gudinna for velferd og rikdom. I hindu-mytologien var det denne dagen at ho kom ut frå den store mjølkesjøen og gifte seg med Visjnu. Folk trur at Visjnu alltid er med Laksjmi denne dagen, og ikkje reiser vekk frå henne. Ho er difor særs velvillig denne dagen, og gjev tilbedarane alt dei bed om. Mange hinduiske forretningsmenn, særleg marvadiar og gudjaratar, speler kort og terning for pengar heile natta, fordi dei tykkjer at å spela om pengar er den beste måten å visa tru på Laksjmi og be etter velgjerningane hennar.

Andre hinduiske festar[endre | endre wikiteksten]

Dagen er også knytt til to andre hinduiske festar. I nokre delar av India er dagen rekna som dagen Krisjna forlét kroppen sin og reiste frå jorda. Dagen er også knytt til ein gammal legende om ein ung brahmingut, Natjiketa. Natjiketa var sonen av ein storkonge som ein dag heldt ein stor offerrite til ære av mange gudar. Natjiketa krangla med faren, og faren, i sitt sinne, ofra han til Jama, guden for død og rettferd. Natjiketa måtta venta tre dagar hjå Jama fordi Jama var ute. Då Jama kom heimatt, var han lei seg for dette, og gav guten tre ynskje. Natjiketa overlista Jama og fekk livet tilbake, og fekk også visdom om meininga med livet og døden. Den 15. kartika var dagen det skjedde.

Sikh-høgtida: Guru Hargobind dji si heimkjømd[endre | endre wikiteksten]

I sikhismen er dipavali feira som «bandi tsjhorh divas», og minner om dagen den 6. sikh-guruen, guru Hargobind Singh dji, vart sloppen fri frå fengsel. Under herredømmet til mogul-keisaren Djehangir vart guru Hargobind Singh dji gjeven ordre om å gje opp religionen sin og verta muslim. Han nekta å gjera det, og vart dømd til fengsel. Det skapte så stor uro hjå folket i riket at keisaren måtte sleppa han fri igjen. Men guru Hargobind Singh dji nekta å gå vekk frå fengselet utan dei andre fangane som han hadde vorte venner med. Keisaren måtte derfor la dei alle gå fri. Alle menneske i riket, både sikhar og folk frå andre religionar, vart så glade over det at dei tende lys i alle romma i husa sine for å feira det.

Dipavali er òg minnedagen for Bhai Mani Singh, skrivaren til guru Gobind Singh dji, som skreiv ned den første kopien av sikhane si heilage bok, Guru Granth Sáhib. Han vart drepen i 1737 av mogul-keisaren på svært grusamt vis. Legenda seier at han lét det skje for å verna andre sikhar som keisaren også ville drepa.

Lystenning på dipavali har ei spesiell tyding i sikh-filosofien. Denne tydinga kjem frå eit dikt i Guru Granth Sáhib:

«Namnet åt Gud er lampa mi
eg fyrar ho med lidingsolje
som flammen hans tørkar
og sameinar meg med Gud»

Liding er tolka som følgda av sjalusi, sinne, lyst og gråde. Å tenna eit lys er symbol for å forlata desse dårlege eigenskapane, og oppretta dygder som Gud har gjeve menneskja i sjela. På dipavali bør sikhar hugsa at vegen til fridom byrjar med å tenna lyset i menneskesjela.

Djainisme-høgtida: Mahavira sin frelsedag[endre | endre wikiteksten]

Skulptur av Risjabhadeva til venstre og Mahavira til høgre.

Den djainistiske høgtida er feira over tre dagar, den 14., 15. og 16. kartika, og er knytt til Mahavira si frelse. Djainar trur at Mahavira fekk frelse om natta av den 14. kartika. Kong Tsjetaka av Vaisjali, i samband med andre kongar, bad alle folk å tenna lys i husa sine. Visdomslyset er gått vekk frå jorda, sa han, difor må me lysa materien. Med tanke på det tenner djainar lys i husa kvart år på dipavalidagen, og dyrkar Mahavira ved midnatt.

Djainar må fasta dei tre dagane, og må meditera med bruk av spesielle heilage hymnar. Uttaradhyayan sutra, som inneheld dei siste orda åt Mahavira, må òg deklamerast desse dagane. Heile dipavali-natta må djainar meditera og høyra på dei ni heilagaste hymnane.

Djainar trur at Ganadhar Gautam Svami, den første disippelen åt Mahavira, fekk frelse dagen etter dipavali. Denne dagen er feira som nyttårsdagen, og jainar byrjar dagen med å høyra rasa-diktet som Gautam Svami skreiv.

Den tredje dipavalidagen: prathami[endre | endre wikiteksten]

Den 16. dagen av kártika er dagen etter nymånen. Denne dagen er feira som hovuddagen i høgtida i Karnataka og som nyttårsdagen i mange delar av India.

Balipadyami[endre | endre wikiteksten]

I Karnataka er dagen feira som Balipadyami. Mahabali var ein gammal konge som herska over heile jorda. Sjølv om han var demon, var han likevel ein god, venleg, og rettferdig konge. Men gudane likte ikkje at ein demon hadde så mykje makt, og reddast for at han ville kjempa mot og ta over himlane. Dei bad difor Visjnu å hjelpa dei mot han. Visjnu drog til jorda som ein dverg, og lurte Mahabali til å gje heile kongeriket sitt til han, og verta slave åt Visjnu. Så gav Visjnu frelse til han, og tok han opp til himmelen. Den 16. kartika var dagen Mahabali fekk frelse, og er feira som ein god og mykje elska konge.

Padvá eller varsjapratipada[endre | endre wikiteksten]

Den 16. dagen av kartika er også nyttårsdagen i mange delar av India. Legendene fortel at kongen Vikramaditja si regjeringstid byrja denne dagen, og dagen er brukt som nyttårsdagen for æra hans. Ein gong var han feira som nyttårsdagen over heile India, men no er det berre nokre få regionar som feirar nyttår på denne dagen. Mange av dei som feirar dagen er forretningsfolk, og feiringa av dagen er ofte knytt med kortspel til Laksjmi si ære, som byrjar den føregåande natta.

Indra-høgtida[endre | endre wikiteksten]

Kali blir dyrka på fjerde dipavalidagen.
Foto: Santosh Namby Chandran

Monsunen sluttar vanlegvis nokre dagar før dipavali, og i nokre delar av India har folk difor ein fest for å gje takk til toreguden Indra. Gamle legender seier at han vert svært sinna viss han ikkje får nok takk, og sender store, øydeleggjande flaumar mot verda. Denne festen var svært stor for mange hundreår sidan og er skildra i gamle tamil- og sanskrit-epos, men er i dag berre feira av nokre få stammefolk.

Den fjerde dipavalidagen: jamadvitiya eller bhaidudj[endre | endre wikiteksten]

Den 17. kartika heiter «Jama dvitiya» eller bhaidudj. Legendane seier at guden Jama vitjar Jami, systera si, denne dagen. Det er difor ein dag ein skal visa kjærleik mellom brør og systrer. Det er vanleg at brør vitjar systrene sine med gåver denne dagen, og at dei talar lenge med kvarandre.

Denne dagen dyrkar bengalarar og oriyaer gudinna Kali. Igjen pyntar ein med lys i gater og hus, medan statuar av Kali blir sett opp langs gatene i lag med blomar og røykjelse. Om kvelden feirar ein med fyrverkeri og prosesjonar som ber statuar av Kali til ei elv og let henne flyta av garde på vatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]