Ellen Arnstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ellen Arnstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1965 (58 år)
Kongsvinger
Yrke journalist, redaktør
Ellen Arnstad på Commons

Ellen Arnstad (fødd 20. september 1965 i Kongsvinger) er ein norsk journalist, redaktør og medieleiar. Ho er sjefredaktør i bladet HENNE og har vore det sidan ho starta opp bladet i 1994. I tillegg har ho vore forlagsdirektør for Allers Familie-Journal sidan 2000.

Arnstad var også tilknytt bladet Allers frå 1989 til 1993, fyrst som reportasjesjef, og deretter som redaktør. Elles har ho arbeidd som journalist i Akers Avis/Groruddalen, Allers, Norsk Ukeblad og Billedbladet NÅ og som frilansjournalist i TV Norge. Ho har også vore styremedlem i Norsk Redaktørforening i to periodar og er varamedlem i Pressens Faglige Utvalg.

I 2005 vart ho kåra til «Årets kvinnelige medieleder» av Medienettvarket – forum for kvinner i ledelse.

Ellen Arnstad er noregsmeister i rytmisk sportsgymnastikk for lag frå 1984.

Ho deltok hausten 2009 i programmet Skal vi danse på TV 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]