Esben Esther Pirelli Benestad
Esben Esther Pirelli Benestad (fødd 3. mai 1949) er ein norsk lege og sexolog som også markerer seg ved å vere ein av dei få opne transvestittane i Noreg.
Opphavleg heit Esben Esther Pirelli Benestad berre Esben Benestad, men har bytta namn i offentlege register slik at namnet no inkluderer aliaset Esther Pirelli, ein namneendring som skapte store medieoppslag. Sjølv om Justisdepartementet i fyrste omgang gav avslag til søknaden om å få opprette ein tilleggsidentitet for sitt alter ego var Grimstad-politiet velvillige og ferda ut eit uoffisielt identifikasjonsbevis.
Han er gift med sexologen Elsa Almås og er far til filmregissøren Even Benestad. Even Benestad har laga dokumentarfilmen Alt om min far om far sin.
I 2007 deltok Benestad i Skal vi danse og vart røysta ut etter fire sendingar. Han fortalte etterpå til God kveld Norge at han kjende seg mobba ut av dommarane fordi dei kritiserte identiteten hans i dansinga.
[endre] Verkliste
- Sexologi i praksis, med Elsa Almås (1997, ny utgjeving 2006)
- Kjønn i bevegelse, med Elsa Almås (2001)
- Transseksualisme - hvor går vi og hvor står vi? (2002)
- Transekjønn og diagnoser (2004)
- Penisatlas (2005)
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Esben Esther Pirelli Benestad» frå Wikipedia på bokmål, den 11. august 2011.