Jan Thomas Mørch Husby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Thomas

Jan Thomas Mørch Husby (fødd Jan Bertin Østervold28. desember 1966 på Storebø), kjend som Jan Thomas, er ein norsk stylist og kjendis.

Husby er opphavleg frå Storebø i Austevoll, men voks opp i Gulset i Skien. I sytten år budde Jan Thomas i Hollywood der han fyrst arbeidde som skodespelar og modell. Mellom anna spelte han inn ein erotisk film med tittelen Mojave. Seinare arbeidde han som ansvarleg stylist på fleire produksjonar for dei amerikanske filmselskapa Dreamworks og Universal. Han flytta deretter tilbake til Noreg og opna venleikssalongen Jan Thomas Studio i Parkveien i Oslo.

I Noreg er Jan Thomas Mørch Husby kjend frå fleire fjernsynsseriar, som Top Model Norge og Fra Hollywood til Parkveien, ein dokusåpeserie frå venleikssalongen hans. Han har òg skrive bøkene Jan Thomas stylingguide.

Etter at han 20. februar 2009 gifta seg med Philip-Christopher Mørch Husby (f. 1989), tok han mellom- og etternamnet til ektefellen. Han endra samtideg fornamn frå Jan Bertin til Jan Thomas.

Bøker av Jan Thomas[endre | endre wikiteksten]

  • Jan Thomas; Tone Skårdal Tobiasson; Jan Eric Skappel (illustrasjonar.); Eirik Sørlie (illustrasjonar). 2008. Jan Thomas' stylingguide: ta med stylisten, makeupartisten og frisøren hjem!. Oslo: Pantagruel. ISBN 978-82-7900-321-2
  • Jan Thomas; Tone Skårdal Tobiasson; Jan Eric Skappel (illustrasjonar); Anneli Olander (illustrasjonar). 2008. Jan Thomas' verktøykasse for menn. Oslo: Pantagruel. ISBN 978-82-7900-328-1
  • Jan Thomas; Anne Karine Strøm; Jan Eric Skappel (illustrasjonar); Anneli Olander (illustrasjonar). 2008. Jan Thomas' stylingguide : en hyllest til modne kvinner. Oslo: Pantagruel. ISBN 978-82-7900-345-8
  • Jan Thomas; Anne Karine Strøm; Jan Eric Skappel (illustrasjoner); Anneli Olander (illustrasjonar); Eirik Sørlie (illustrasjonar). 2009. Jan Thomas' styling bible : stylingguide for han og henne (ei samling av bøkene: Jan Thomas' stylingguide : ta med stylisten, makeupartisten og frisøren hjem", "Jan Thomas' verktøyskasse for menn" og "Jan Thomas' stylingguide : en hyllest til modne kvinner".) Oslo: Pantagruel. ISBN 978-82-7900-399-1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]