Lasse Ottesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lasse Ingier Ottesen (fødd 8. april 1974) i Aurskog er ein norsk, tidlegare skihoppar og seinare trenar. I 1994 vann han OL-sølv i normalbakken, bak landsmannen Espen Bredesen.

Ottesen debuterte i verdscupen i mars 1991 i Trondheim. Ni gongar kom han på sigerspallen i verdscupen, av dei var tre andreplassar og seks tredjeplassar. Frå 1993- til 2000-sesongen høyrde han til verdseliten i skihopping. Beste plassering samanlagt i verdscupen var niandeplassen i 1994-sesongen. I 1997 sette han ny verdsrekord i Planica med eit hopp på 212 meter, ein rekord som heldt seg to år.

Ottesen deltok i vinter-OL 1992 i Albertville og vart nummer 45 i begge renna. I ski-VM 1993 i Falun mislukkast han på nytt. Høgdepunktet som skihoppar opplevde han på Lillehammer under dei olympiske leikane i 1994. Han vann sølv i normalbakken og kom på sjetteplass i storbakken, samt han var med på det norske laget som vart nummer fire i lagtevlinga. Under ski-VM i Thunder Bay i 1995 hoppa han godt i storbakken og vart nummer fire, i normalbakkerennet hamna han langt nede på resultatlista. Også under ski-VM 1997 i Trondheim og 1999 i Ramsau måtte ein ned på resultatlistene for å finne Ottesen sitt namn. I mellom dei to meisterskapane hadde han vorte nummer 10 i storbakken i OL 1998 i Nagano. I skiflygings-VM vart han nummer fem både i 1994 i Planica og i 1998 i Oberstdorf, samt fekk ein niandeplass i Vikersund i 2000. Ottesen vart noregsmeister fem gongar, og fekk elles med seg to medaljar av kvar av valørane sølv og bronse. Han var medlem av Aurskog-Finstadbru Sportsklubb.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1991: Nr 13 i Štrbské pleso
  • 1992: Nr 12 i Lahti
  • 1992/93: Nr 2 i Falun
  • 1994: Sølvmedalje under OL på Lillehammer. Nr 3 i Liberec
  • 1994/95: Nr 4 under VM i Thunder Bay. Nr 3 i Planica og i Vikersund (skiflyging)
  • 1995/96; Nr 5 i Predazzo
  • 1996/97: Nr 2 i Kuusamo og nr 3 i Planica (skiflyging)
  • 1998: Nr 4 i Oberstdorf. Nr 5 i VM i skiflyging, også Oberstdorf
  • 1999: Nr 2 i Harrachov
  • 1999/2000: Nr 3 i Zakopane og i Lahti
  • 2000/01: Nr 22 i Kuopio

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1991: Nr 9 i storbakken i Bærum
  • 1992: Gullmedalje i storbakken i Trondheim, sølvmedalje i normalbakken i Molde
  • 1993: Nr 10 i storbakken på Odnes
  • 1994: Sølvmedalje i normalbakken i Vegårshei, bronsemedalje i storbakken på Rena
  • 1995: Gullmedalje i storbakken i Oslo
  • 1997: Gullmedalje i storbakken på Lillehammer
  • 1998: Nr 5 i storbakken i Meldal
  • 1999: Bronsemedalje i storbakken på Rena
  • 2000: Gullmedalje både i normalbakken på Vang og i storbakken i Meldal

Han la opp i 2001.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Ottesen var hopptrenar for det norske kombinertlandslaget 2001-04, og for skiforbundet i USA i perioden 2004-08.

Skal vi danse[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2012 skal han delta i Skal vi danseTV 2.[1]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]