Hanne Krogh
Hanne Krogh Sundbø (fødd 24. januar 1956) er ein norsk songar og tekstforfattar oppvaksen i Haugesund.
Innhaldsliste |
Debuten [endre]
Ho platedebuterte som 14-åring i 1970 med singlen «Lukk opp min dør», etter å ha prøvesunge for Arne Bendiksen. Året etter vann ho den norske Melodi Grand Prix-finalen med melodien «Lykken er», og representerte Noreg i den internasjonale finalen i Irland. Ho opptredde i TV-show i Tyskland og rundt om i Norden, og spelte inn «Lykken er» både på norsk, svensk og tysk. Etter fleire plateutgjevingar valde ho å trekkje seg bort frå platebransjen nokre år, og ho søkte seg inn på Nissen gymnas der ho tok skodespelarutdanning. Dette førte til hovudrollene i spelefilmane Crash og ikkje minst klassikaren Reisen til Julestjernen der ho spelte Sonja. Filmen blir enno sett opp på norske kinoar kvart år ved joletider.
Haustvise [endre]
I 1978 vart ho lokka tilbake til platestudioet, og gav ut LP-en sin, Hanne Krogh, same året. Året etter vart ho spurt om å gjere ein norsk versjon av den finske songen «Höstvisa» av Erno Tauro som ho omsette til norsk. Denne fekk eit utruleg godt mottak, med topp-plassering på Norsktoppen og han vart den mest ynskte songen i radioprogrammet Ønskekonserten. Dermed var comebacket eit faktum og dei påfølgjande åra spelte ho inn fleire LP-plater som alle vart heidra med sylv- og gullplate-trofé. I 1984 samla ho sine personlege jolefavorittar som ho gav ut på LP-en Julens vakreste. Han har sidan utgjevinga selt 350 000 eksemplar og er enno i handelen.
Bobbysocks [endre]
I 1984 tok ho kontakt med norsk/svenske Elisabeth Andreassen og saman danna dei duoen Bobbysocks. Dei gav ut den første LP-en sin same året, som bestod av swing-låtar med harmonisong, og dessutan fleire pop-låtar skrivne av m.a Rolf Løvland. I 1985 vart Løvland invitert av NRK til å skrive eit bidrag til årets norske Melodi Grand Prix og han skreiv «La det swinge» til Bobbysocks som både vann den norske finalen og Eurovision Song Contest 1985 som vart halde i Göteborg.
I Noreg var det ein svært populær siger; det var fyrste gongen ein norsk artist vann konkurransen og den påfølgjande jubelturnéen i Noreg sette 34 publikumsrekordar og nærare 50 000 menneske møtte fram i Nygårdsparken i Bergen. Jentene turnerte i 16 ulike land, selde fleire millionar plater og var nummer éin på hitlistene i åtte ulike land.
Hanne solo [endre]
I 1988 takka Bobbysocks for seg med ein LP innspelt i Los Angeles og Hanne gjekk så i studio med Bjørn Eidsvåg og Håkon Iversen som produsentar. Resultatet vart ein litt meir lavmælt plate som fekk namnet Hanne. Plata vart kritikarrost og inneheldt songar som Det er tent et lys, Gi meg ikke din styrke og Vakker når du sover.
Just 4 Fun [endre]
Tidleg på 90-talet vart ho med i kvartetten Just 4 Fun saman med Eiríkur Hauksson, Marianne Antonsen og Jan Groth. Gruppa spelte 60-talsmusikk og gav ut LP-en Ren 60. Resultatet vart 30 veker på hitlistene, og eit sal på over 50 000 eksemplar. I 1991 representerte dei Noreg i Melodi Grand Prix med låten Mrs. Thompson skriven av Dag Kolsrud.
Ta meg til havet [endre]
I 1992 spelte Hanne Krogh inn live-plata Ta meg til havet i heimbyen Haugesund. Plata inneheldt Hannes største klassikarar, og dessutan fleire nyskrivne låtar. Hanne debuterte her som komponist med låten Ikke gi deg jente som omhandla hennar eiga bestemor. Rolf Løvland bidrog med Jeg kan se en stjerne falle som fleire norske grupper har laga cover-innspeling av i ettertid. Plata fekk Spellemannprisen i 1993, og la grunnlaget for ein turné over heile landet.
Barneplater [endre]
Då Hanne Krogh vart mamma til Amalie i 1993, avgjorde ho seg for at ho ville spele inn Alf Prøysens viseskatt i ny tapping. Pete Knutsen arrangerte låtane, og plata Prøysens barnesanger selde over 100 000 og vart nominert til Spellemannprisen. Dette bana veg for fleire barneplater.
Tidleg på 1970-talet hadde forfattaren Thorbjørn Egner valt seg ut Hanne til å gestalte ulike skikkelsar når han skulle regissere musikk-eventyra sine for TV og plate. På slutten av 90-talet tok ho no for seg melodiane hans i Egners barnesanger som etter kvart kom til å selje over 50 000 CD-plater og kassettar. Sist ut i Hannes barnemusikk-serie var Sanger fra barnas skattkammer i 2002.
Vestavind [endre]
Hanne Krogh jobbar no meir og meir med tekstskriving, og då spesielt med temaet om Utvandringa til Amerika ved førre hundreårsskiftet. Ho er svært interessert i historiene og mytane mellom Irland, Noreg og Amerika, og i 1998 gav ho ut albumet Vestavind som handla om lengten mot vest. I åra etter har ho gjeve konsertar med fragment frå Vestavind, men ho jobbar no med å få klår ei større førestilling til hausten 2010.
Team Hanne [endre]
Våren 2009 samla Hanne eit 20 personar stort kor frå heimbyen Haugesund for å vere med i TV2-programmet Det store korslaget. «Team Hanne» vann heile konkurransen og dei feira sigeren m.a med ein jubelturné på vestlandet, framferder i USA og CD-utgjevinga Reis meg opp som kom i desember same året. Pengepremien på ein halv million kroner bidrog til å opprette Team Hanne Kulturfond som har som formål å stimulere unge kunstnarar til å utvikle ferdigheiter som kan bidra til å auke den kreative aktiviteten til regionen, oppfordre ungdom til å satse på talentet sitt og styrke den kunstneriske kompetansen på Haugalandet. Team Hanne Kulturfond deler i 2010 ut eit stipend på inntil 100 000,- kr til ein ung kunstnar som er under 23 år. Kandidaten må ha vist eit uvanleg talent innanfor si kunstgrein som kan vere musikk, dans, teater, litteratur, biletkunst, film og liknande.
Hannes jul [endre]
Heilt sidan slutten av 1980-talet har Krogh turnert landet rundt ved juletid med sine julekonsertar. Ho samarbeider med lokale kor på dei ulike konsertane som kvart år fyllar kyrkjene over heile landet.
Hanne Krogh gjev kvart år rundt 100 konsertar rundt om i landet.
Diverse heidersprisar [endre]
- Peer Gynt-prisen 1985
- Spellemannprisens Heiderspris 1985
- Ålesunds-silda 1987
- Spellemannprisen 1992 for Ta meg til havet
- Gammleng-prisen 1993
- De Fykende måker - Haugesund Kommunes ærespris 2007
Diskografi [endre]
- Hanne Krogh (1978)
- Nærbilde (1980)
- Alene (1982)
- Nordens vakreste (1982)
- Under samme sol (1983)
- Julens vakreste (1984)
- Bobbysocks (1984/85)
- Waiting for the morning (Bobbysocks) (1986)
- Walkin' on air (Bobbysocks) (1987)
- Hanne (1989)
- Ren 60 (Just4Fun) (1990)
- Those Were the Days (1991-album) (Just4Fun) (1991)
- Ta meg til havet (1992)
- 40 beste (1994)
- Prøysens barnesanger (1995)
- Julestjerner (1996)
- Reisen til den levende parken (1997)
- Vestavind (1998)
- Egners barnesanger (1999)
- God jul - Hannes beste julesanger (2000)
- Sanger fra barnas skattkammer (2002)
- Ved juletid (2002)
- God jul - Hannes beste julesanger (reutgivelse) (2006)
- Denne artikkelen bygger på «Hanne Krogh» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2010.
|
|
|
|---|---|
| Lys Assia (1956) · Corry Brokken (1957) · André Claveau (1958) · Teddy Scholten (1959) · Jacqueline Boyer (1960) · Jean-Claude Pascal (1961) · Isabelle Aubret (1962) · Grethe Ingemann og Jørgen Ingemann (1963) · Gigliola Cinquetti (1964) · France Gall (1965) · Udo Jurgens (1966) · Sandy Shaw (1967) · Massiel (1968) · Salomé (1969) · Frida Boccara (1969) · Lennie Kuhr (1969) · Lulu (1969) · Dana (1970) · Séverine (1971) · Vicky Leandros (1972) · Anne-Marie David (1973) · ABBA (1974) · Teach-In (1975) · Brotherhood of Man (1976) · Marie Myriam (1977) · Izhar Cohen og Alphabeta (1978) · Milk and Honey og Gali (1979) · Johnny Logan (1980) · Bucks Fizz (1981) · Nicole (1982) · Corinne Hermes (1983) · Herreys (1984) · Bobbysocks (1985) · Sandra Kim (1986) · Johnny Logan (1987) · Céline Dion (1988) · Riva (1989) · Toto Cutugno (1990) · Carola (1991) · Linda Martin (1992) · Niamh Kavanagh (1993) · Paul Harrington og Charlie McGettigan (1994) · Secret Garden (1995) · Eimear Quinn (1996) · Katrina and The Waves (1997) · Dana International (1998) · Charlotte Nilsson (1999) · Olsen Brothers (2000) · Tanel Padar, Dave Benton og 2XL (2001) · Marija Naumova (2002) · Sertab Erener (2003) · Ruslana (2004) · Élena Paparízou (2005) · Lordi (2006) · Marija Šerifović (2007) · Dima Bilan (2008) · Alexander Rybak (2009) · Lena (2010) · Ell & Nikki (2011) · Loreen (2012) · Emmelie de Forest (2013) |
|
|
|
|---|---|
| Sesong 1 | 1. Katrine Moholt · 2. Guri Schanke · Simen Agdestein · Terje Sporsem · Caroline Dina Kongerud · Signy Fardal · Finn Schjøll · Tom A. Haug · Anita Moen · Otto Robsahm |
| Sesong 2 | 1. Kristian Ødegård · 2. Susann Goksør Bjerkrheim · Jeanette Roede · Trude Mostue · Christer Torjussen · Elisabeth Andreassen · Tone Damli Aaberge · Eirik Newth · Steffen Tangstad · Ingar Helge Gimle |
| Sesong 3 | 1. Tshawe Baqwa · 2. Mona Grudt · Mari Maurstad · Jostein Pedersen · Dag Otto Lauritzen · Esben Esther Pirelli Benestad · Trine Hattestad · Pia Haraldsen · Liv Marit Wedvik · Finn Christian Jagge |
| Sesong 4 | 1. Lene Alexandra Øien · 2. Tore André Flo · Gaute Ormåsen · Hans Petter Buraas · Tor Endresen · Janne Formoe · Mikkel Gaup · Siri Kalvig · Hanne Krogh · Jenny Skavlan · Sigurd Sollien |
| Superfinale | 1. Mona Grudt · 2. Lene Alexandra Øien · 3. Katrine Moholt · 4. Kristian Ødegård |
| Sesong 5 | 1. Carsten Skjelbreid · 2. Mia Gundersen · 3. Hallvard Flatland · Anita Valen · Ellen Arnstad · Ole Klemetsen · Jan Thomas Mørch Husby · Elin Tvedt · Triana Iglesias · Margrethe Røed · Svein Østvik |
| Sesong 6 | 1. Åsleik Engmark · 2. Aylar Lie · 3. Stig Henrik Hoff · 4. Maria Mittet · 5. Tommy Fredvang · 6. Håvard Lilleheie · 7. Cecilie Skog · 8. Stine Buer · 9. Anne Marie Ottersen · 10. Andrine Flemmen · 11. Cato Zahl Pedersen · 12. Einar Gelius |
| Sesong 7 | 1. Atle Pettersen · 2. Kari Traa · 3. Lars Bohinen · 4. Stella Mwangi · 5. Noman Mubashir · 6. Anna Anka · 7. Rune Larsen · 8. Anders Jacobsen · 9. Inger Lise Hansen · 10. Rachel Nordtømme |
| Sesong 8 | Eldar Vågan · Hanne Sørvaag · Stein Johan Grieg Halvorsen · Lillian Müller · Ben Adams · Marit Mikkelsplass · Lasse Ottesen · Cathrine Larsåsen · Vebjørn Sand · Linni Meister · Lars Erik Blokkhus |
- Fødde i 1956
- Språkvask
- Norske songarar
- Folk frå Haugesund
- Vinnarar av Spellemannprisen
- Skal vi danse-deltakarar
- Allsang på grensen
- Melodi Grand Prix 1985-deltakarar
- Melodi Grand Prix-vinnarar
- Norske Eurovision Song Contest-deltakarar
- Eurovision Song Contest-vinnarar
- Eurovision Song Contest 1985-deltakarar
- Eurovision Song Contest 1991-deltakarar