Gransongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gransongar

Phylloscopus collybita 1.jpg

Vitskapleg namn
Phylloscopus collybita
Utbreiing

UtbreiingskartUtbreiingsområde. Gult markerer hekkeområde om sommaren og blått markerer overvintringsområde.

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Phylloscopidae
Slekt: Phylloscopus
P. collybita

Gransongaren (Phylloscopus collybita) er ein fugleart i slekta Phylloscopus, bladsongarar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Læte
Gransongar på ein stilk.

Fuglen er om lag 12 cm lang. Han er svært lik lauvsongaren, men det er lett å skilje dei på songen. Gransongaren syng eit enkelt «tjipp tjapp» medan lauvsongaren syng ei dalande tonerekkje. Begge fuglane har brungrøn overside, gråkvit eller gulaktig underside og gulkvit overaugestripe.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten sitt område strekker seg frå Frankrike, Storbritannia og Noreg i vest og vidare austover til dei sentrale delane av Russland. Mot sør går området til Middelhavet. I tillegg finst fuglen i høgareliggande skogar i Kaukasus og det nordlege Iran. På Pyrinê-halvøya og i Nord-Afrika vert arten erstatta av systerarten iberisk gransongar. Tidlegare rekna ein seks underartar. No er taksonet delt inn i fire artar, og gransongaren er oppdelt i underartane collybita, abietinus og tristis. I Europa reknar ein med at 30-60 millionar par hekkar. Denne bestanden har vore stabil siste tiåra.

Biotop og utbreiing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Gransongaren finst i all slags skog, sjølv om blandingsskog med opne område viser seg å vere dei beste plassane for arten. Fuglen hekker ujamnt i heile Sør-Noreg, og er mest talrik i Møre og Romsdal og i Trøndelag. Utbreiinga i Nord-Noreg går nord til og med Troms. Ein reknar med at 100-500 tusen par hekkar i Noreg. Det har kanskje vore ein auke i talet. I Noreg hekkar underarten abietinus i Midt-Noreg, og Stjørdal er typelokaliteten for denne underarten. Lengre sør finn ein truleg ei blanding av collybita og abietinus. Slike blandingar er også kjende frå andre kontaktsonar, mellom anna i Polen.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Gransongaren lever mest av insekt, om hausten gjerne noko bær.

Teikning av gransongar med reir.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Fuglen byggjer reiret sitt på eller rett over bakken av strå og visna lauv, og fôrar med fjør. Gransongaren legg 5-8 kvite egg med mørkebrune/svarte prikkar i mai-juni. Hoa rugar på egga i 13-15 dagar.

Trekkvanar[endre | endre wikiteksten]

Gransongaren dreg til Sør-Europa og Nord-Afrika i september-oktober og kjem att i april. Hausttrekket startar i august, men dei fleste flyg ut av landet i september-oktober. Fuglar frå dei midtre og nordlege delane av landet trekker sørover via Sør-Sverige, medan fuglane frå det sørlege Noreg flyg direkte over Nordsjøen. Fuglane frå Noreg overvintrar kring den vestlege delen av Middelhavet, dei fleste på sørsida av dette, og dei kryssar havet i ein brei korridor frå Spania i vest til Italia i aust. Algerie er det landet der flest norske fuglar overvintrar. Overvintrarar i Noreg er sjeldsynte, men arten er observert i Farsund-området om vinteren. Gransongarane byrjar flyge frå vinterkvartera i februar, og hovudtrekket går i mars-april. Trekket nordover går langs same ruta som trekket mot sør. Til Noreg kjem fuglane i april, sjeldan allereie i slutten av mars. Høgste oppnådde alder etter ringmerking i Noreg er 3 år 5 mnd.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk RingmerkingsAtlas
  • Norsk RingmerkingsAtlas, 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gransongar
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.