Alv Jakob Fostervoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alv Jakob Fostervoll (fødd 20. januar 1932) er ein politikar frå Kristiansund. Han var forsvarsminister i dei to Bratteli-regjeringane; 1971-72 og 1973-76, og var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet 1969-77. Fostervoll var fylkesmann i Møre og Romsdal frå 1977 til 2002.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Fostervoll vart utdanna befalingsmann i Feltartilleriet og tok lærarprøva i 1956. I tida frå 1956 til -67 var han lærar i heimbyen Kristiansund, deretter var han rektor ved Gomalandet skole, også i heimbyen. Han fekk fyrsteplassen på Møre og Romsdal Arbeidarparti si liste til stortingsvalet 1969 og hadde stortingsplass til 1977. På Tinget var han medlem av finanskomiteen og leiar av kommunal- og miljøvernkomiteen.

Forsvarsminister[endre | endre wikiteksten]

Fostervoll var forsvarsminister i Trygve Bratteli si første regjering 1971-72, og fekk tilbake ministerposten då Bratteli hausten 1973 danna si andre regjering. I si gjerning som forsvarsminister arbeidde han for at Noreg skulle skulle ha eit trygt forhold til USA, stormakta i NATO-pakta.

Forsvarsminister Fostervoll fekk ansvaret for val av F-16 som norsk jagarfly i 1975. Etter lange militære og politiske diskusjonar stod kampen mellom USA-amerikanske F-16, svenske Saab Viggen og franske Dassault Mirage F1. Noreg hadde ein flåte av USA-amerikanske F-5 og F-104 jagarfly som skulle utrangerast i nær framtid, og i februar 1975 skreiv Forsvarets forskningsinstitutt ein analyse som viste at ikring 1980 ville 20-30 ulike væpna fly vere tilgjengelege i marknaden. Noreg var allereie med i konsortiet som skulle utvikle 350 kampfly av typen F-16, men vurderte også aktivt dei svenske og franske alternativa. Saab Viggen vart trekt fram som «fremragende» og kunne lande på svært korte rullebanar. Regjeringa oppretta derimot ein offentleg forsvarskommisjon, leia av Oddvar Nordli, til å greie ut alt forsvarsbehov før flytype vart vald.[1]

USA, ved utanriksminister Henry Kissinger, forsvarsminister James Schlesinger og USA sin ambassadør i Noreg, byrja då å presse statsminister Trygve Bratteli, for straks å trumfe igjennom kjøp av USA-amerikanske fly. Ambassadøren truga med «straff», «alvorlige» konsekvensar og tap av «svært omfattende fordeler» dersom ein venta med kjøpet.[2] Forsvarsminister Alv Jakob Fostervoll hadde uttrykt sterk støtte til USA-amerikanske fly, og ahns motstand mot særleg det svenske flyet var «emosjonell, ekstremt negativ og inneholdt nedsettende og skarpe referanser til svensk nøytralitet og dertil hørende upålitelighet», i fylgje ambassaden sin rapport til utanriksminister Kissinger i november 1974.[3] Fostervoll møtte USA sin ambassadør etter Bratteli-møtet, og berre ei veke etter møtet kunne Aftenposten 22. mars melde om at den norske regjeringa hadde bestemt seg for amerikanske F-16, uavhengig av kva fly dei andre nordeuropeiske NATO-landa ville velje.[4]

Fylkesmann og forsvarslobbyist[endre | endre wikiteksten]

Fostervoll stilte ikkje til val i 1977, han var alleireie sikra jobb som fylkesmann i heimefylket. Han sat i fylkesmannsembetet i 25 år, der han gjorde lite av seg. Ved sidan av dette embetet var han president i Norges Forsvarforening 1981-89 og formann i Den norske Atlanterhavskomite 1995-2007.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Torbjørn Pedersen, Hemmelig diplomati sikret århundrets flykjøp, i Aftenposten 12. mai 2013, side 18-19, basert på Kissinger-dokumenta.
  2. Torbjørn Pedersen, Hemmelig diplomati sikret århundrets flykjøp, i Aftenposten 12. mai 2013, side 18-19.
  3. Torbjørn Pedersen, Hemmelig diplomati sikret århundrets flykjøp, i Aftenposten 12. mai 2013, side 19.
  4. Torbjørn Pedersen, Hemmelig diplomati sikret århundrets flykjøp, i Aftenposten 12. mai 2013, side 119.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]