Herreys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herreys

OpphavFlagget til Sverige Sverige
Aktiv1980-åra
SjangerPop
Slager
MedlemmerLouis Herrey
Per Herrey
Richard Herrey

Herreys var ein svensk popgruppe samansett av mormonarbrørne Per Herrey (fødd 9. august 1958), Richard Herrey (fødd 19. august 1964) og Louis Herrey (fødd 3. november 1966). Dei vann Sopot International Song Festival i 1985 og før det Eurovision Song Contest 1984 med songen «Diggi-Loo Diggi-Ley». På den tida dei vann Eurovision Song Contest, budde og arbeidde brørne i USA, og alle brørne snakka dermed både engelsk og svensk flytande.

Den svenske teksten til «Diggi-Loo Diggi-Ley» er skriven av Britt Lindeborg og handlar om ein mann som finn eit par gylne skor. Herreys heldt fram å spele inn musikk og turnere i nokre år, men fekk ingen fleire songar som vart like populære som Eurovision-vinnaren.

Brørne vart samla på nytt for å framføre «Diggi-Loo Diggi-Ley» i pausen under ein av semifinalane i Melodifestivalen 2002. Richard gjorde dessutan ein opptreden på «Congratulations»-konserten i samband med Eurovision Song Contests femtiårsjubileum i København i 2005. I februar 2006 gav han òg ut sitt første soloalbum, Jag e' Kung.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.