Tanel Padar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tanel Padar

Fødd27. oktober 1980 (43 år)
FødestadHaljala
OpphavEstland
Aktiv1999–
Sjangerrock
Instrumentgitar, vokal
Verka somsongar
Prisar5. klasse av Den hvite stjernes orden

Tanel Padar (fødd 27. oktober 1980 i Haljala i Lääne-Viru fylke) er ein estisk songar. Han er best kjend for å vinne Eurovision Song Contest 2001 for Estland saman med Dave Benton og guttegruppa 2XL, med songen «Everybody». Systera til Padar, Gerli Padar, er også ein kjend songar i Estland.

Padar blei kjend i heimlandet då han vann Kakis takti ette, eit TV-program for unge estiske songarar, i 1999. I 2000 var han ein av koristane då Ines – som på den tida var kjærasten hans – deltok i Eurovision Song Contest. Padar opptrer også saman med eit band kalla The Sun, og songen «Hopelessness You» kom inn på MTV World Chart Express. Tanel Padar har vore gift med den tidlegare modellen Katarina Kalda.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • «The Greatest Hits» (2005)
  • «Veidi valjem kui vaikus» (2005)
  • «Tüdrukune» (2006)
  • «Milles On Asi?» (2006)
  • «100% Rock'n'roll» (2006)
  • «The Sun Live 2006» (2007)
  • «Veidi valjem kui vaikus II » (2007)
  • «Here Comes The Sun» (2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]