Corry Brokken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Corry Brokken

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 3. desember 1932
Breda
Død

31. mai 2016 (83 år)
Laren

Yrke skodespelar, songar, programleiar, radioprogramleiar, dommar, advokat, arrangementvert, sjølvbiograf
Ektefelle Cees See, René Sleeswijk sr.
Corry Brokken på Commons
Corry Brokken under Eurovision Song Contest 1958.

Corry Brokken (fødd 3. desember 1932 i Breda, død 31. mai 2016) var ein nederlandsk songar.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Corry Brokken under prøvane til Eurovision Song Contest 1976.

Brokken har representert Nederland i Eurovision Song Contest tre gonger, i 1956, 1957 og 1958. Ho er ein av tre songarar som har delteke som artist tre år på rad. Dei to andre er Lys Assia for Sveits i 1956, 1957 og 1958 og Udo Jürgens for Austerrike i 1964, 1965 og 1966. Alle tre har òg vunne tevlinga éin gong. I 2014 vil Valentina Monetta òg vere med på lista etter at ho representerte San Marino i 2012 og 2013. I 1976 var ho programleiar for Eurovision Song Contest. Ho er den einaste artisten som har vunne og enda på sisteplass i tevlinga.[2]

Nationaal Songfestival 1956[endre | endre wikiteksten]

Brokken deltok i Nationaal Songfestival 1956, den nederlandske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956, med tre bidrag; nederlandskspråklege «Ik zei: ja», nederlandskspråklege «Voorgoed Voorbij» og nederlandskspråklege «'t Is lente». «Voorgoed Voorbij» vann tevlinga og fekk representere Nederland. Det andre bidraget som representerte Nederland var «De vogels van Holland» av Jetty Paerl. «'t Is lente» og «Ik zei: ja» enda på høvesvis tredje- og femteplass.

Eurovision Song Contest 1956[endre | endre wikiteksten]

Nederland deltok i Eurovision Song Contest 1956 i Ligano i Sveits 24. mai 1956 med «Voorgoed» og «De vogels von Holland», der Brokken framførte fyrstnemde. Kvart land deltok med to bidrag kvar, og det er ikkje kjent kva for poengsum eller plassering dei fekk. Av di røystgjevinga aldri vart offentleggjort kunngjorde ganske enkelt ein talsperson at Sveits hadde vunne.

Nationaal Songfestival 1957[endre | endre wikiteksten]

I Nationaal Songfestival 1957, den nederlandske uttakinga til Eurovision Song Contest 1957, deltok ho for andre året på rad. Dei to bidraga hennar var nederlandskspråklege «Iwan» og nederlandskspråklege «Net als toen». «Net als toen» vann tevlinga og fekk representere Nederland, medan «Iwan» enda på andreplass.

Eurovision Song Contest 1957[endre | endre wikiteksten]

Nederland deltok i Eurovision Song Contest 1957 i Frankfurt am Main i Vest-Tyskland 3. mars 1957 og vann med 31 poeng; sju frå Sveits, seks frå Austerrike, fem frå Belgia, fire frå Frankrike, tre frå Luxembourg og Danmark og eitt frå Storbritannia, Italia og Vest-Tyskland. Bidraget var det fyrste som fekk poeng frå alle land røysta. Dette var andre gongen Brokken deltok, og ho vart dimed den fyrste, saman med Lys Assia, som deltok to år på rad.

Nationaal Songfestival 1958[endre | endre wikiteksten]

I Nationaal Songfestival 1958, den nederlandske uttakinga til Eurovision Song Contest 1958, deltok ho for tredje år på rad, denne gongen med nederlandskspråklege «Heel de Wereld» og nederlandskspråklege «Weet je». Dei enda på høvesvis fyrste og andreplass, og «Heel de Wereld» fekk representere Nederland.

Eurovision Song Contest 1958[endre | endre wikiteksten]

Nederland deltok i Eurovision Song Contest 1958 i Hilversum i Nederland 12. mars 1958 og enda på ein delt niandeplass med Luxembourg med berre eitt poeng frå Sveits. Sidan Luxembourg fekk same plassering enda båe bidraga sist i tevlinga. Brokken var dimed den fyrste som både hadde vunne og enda sist, og er framleis den einaste artisten som har gjort dette. Saman med Lys Assia vart ho den fyrste som deltok tre år på rad.

Nationaal Songfestival 1959[endre | endre wikiteksten]

Brokken deltok i Nationaal Songfestival 1959, den nederlandske uttakinga til Eurovision Song Contest 1959. Det var fjerde år på rad ho deltok i tevlinga. Åtte bidrag var med, og alle vart framført to gonger av to ulike artistar. Brokken framførte den nederlandskspråklege songen «Mijn hart en ik» i ein duett med Bruce Low og den nederlandskspråklege songen «Kleine zilv'ren ster» og den nederlandskspråklege songen «Iedere dag met jou» åleine. Dei tre songane vart òg framført av ulike andre artistar. Bidraga enda på høvesvis tredjeplass med 110 poeng, åttandeplass med 35 poeng og sjetteplass med 43 poeng. Dette var fyrste gongen Brokken ikkje fekk representere Nederland.

Eurovision Song Contest 1976[endre | endre wikiteksten]

Brokken var programleiar for Eurovision Song Contest 1976 i Haag i Nederland. Ho vart dimed den fyrste tidlegare vinnaren som òg har vore programleiar.

Eurovision Song Contest 1997[endre | endre wikiteksten]

Under Eurovision Song Contest 1997 i Dublin var Brokken poengutdelar for Nederland.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gjørøy, Alexander (2. juni 2016). «Eurovision-vinner Corry Brokken er død». escNorge. Henta 4. juni 2016. 
  2. O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest - The Official History (2007). UK:Carlton Books (ISBN 978-1-84442-994-3)