Lill Lindfors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lill Lindfors i Stavanger 26. mars 2009.
Foto: Jarle Vines

Maj Lillemor Lindfors, kjent som Lill Lindfors (fødd 12. mai 1940) er ein finlandsk-svensk songar, komikar og skodespelar fødd i Helsingfors i Finland.

Lindfors debuterte i Hagge Geigerts nyårsrevy Sillidonien i Uddevalla 1960. Ho spelte i Karl Gerhards revy Ursäkta handsken på Idéonteatern i Stockholm 1961 og debuterte same året på plate. Utover 1960-talet opptrådde ho hos Knäppupp, der ho medverka i revyen Den förgyllda lergöken og musikalen Pyjamasleken. Hasse och Tage hyrte henne til revyen Konstgjorda PompeGröna Lund 1963 og ho spelte Anita i den fyrste svenske oppsetjinga av West Side StoryOscars. Saman med Owe Thörnqvist gjorde ho suksess i folkparkane og på gamle Hamburger Börs der dei viste showet Adam & Eva. I showet Påsen spelte ho med Anders Linder og Robert Broberg.

Lill Lindfors har alltid evna å sameine «sex appeal» med humor og ha distanse til seg sjølv. Gjennom 1970-talet var ho showdronning nummer ein i Sverige. Det beste dømet på hennar musikalitet, varme og kvikke humor er nok showet De é Lindfors som vart spelt med stor lukke på Börsen i Stockholm midt på 1980-talet. Showet gjekk også på turné rundt om i Sverige.

Allereie på 1960-talet viste Lindfors at ho hadde større musikalsk tyngde enn mange av slagerkollegaene. Ho krangla med produsentane for å sleppe å synge så mange slagerar. I staden gjorde ho songane om til bossanovalåtar eller til samba. Eitt døme på dette er Jag tycker inte om dig som finst på albumet Du är den ende frå 1967. Hennar kjensle for samba vert demonstrert i hennar eigen komposisjon Musik ska byggas utav glädje.

I den norske komponisten Ketil Bjørnstad sitt musikkverk Leve Patagonia frå 1978 gav Lindfors stemme til hovudrolleinnehavaren Oda Lasson.

Ho vann Svensk sångfinal 1966 i duett med Svante Thuresson med «Nygammal vals» og representerte Sverige i Eurovision Song Contest 1966. Ho var programleiar for Eurovision Song Contest 1985. Ho fekk god omtale for sin humoristiske og varme framtoning som programleiar og gjorde seinare fjernsyns-show utanfor Sverige, mellom anna The Lill Show i England og La Lill Show i Frankrike.

I Sverige har ho medverka i fleire prislønte fjernsyns-show, som Kaskad med Jan Malmsjö, og Birgitta Götestams humorprogram Nu är det damernas og Handväskan.

Eit yngre publikumn vart kjend med henne gjennom barneprogrammet Svenska Sesam.

Nokre år på 1980-talet var ho deleigar og sjef for Maximteatern i Stockholm. Ei av oppsetjingane på Maxim var musikalen Sugar der Lindfors spelte den kvinnelege hovudrolla.

Dei seinare åra har ho gjort mange jazzkonsertar og sunge inn nye tonesetjingar av svensk-språkleg lyrikk, til dømes dikt av Edith Södergran.

Ho er UNICEF-ambassadør, og held foredrag om kroppspråk.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjende låtar (Utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1966 - Du är den ende
  • 1967 - En sån karl
  • 1967 - Hör min samba
  • 1968 - En man i byrån
  • 1968 - Teresa
  • 1969 - Mellan dröm och verklighet
  • 1970 - Axel Öhman (duett med Svante Thuresson)
  • 1973 - Månskugga
  • 1973 - Sången han sjöng var min egen
  • 1978 - Om du nånsin kommer fram till Samarkand
  • 1978 - Tillsammans är ett sätt att finnas till
  • 1984 - Marias första dans

Album (utval)[endre | endre wikiteksten]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1988 - Vargens tid - Galenpannan (fjernsyns-teater)

Mal:F2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lill Lindfors