Izvestij TSIK-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Izvestij TSIK-øyane i Karahavet
Izvestyytsik.PNG

Izvestij TSIK-øyane (russisk Острова Известий ЦИК; Ostrova Izvetsij TSIK) eller Izvestiaøyane er ei øygruppe som betår av to store og to små øyar i Karahavet i Russland. Ho ligg om lag 150 km nord for kysten av Sibir og berre 45 km nord for den næraste øygruppa, Arktitsjeskij Institut-øyane. Ho er dekt av tundravegetasjon, grus og is.

Den største øya heiter Trojnoj og er 27 km lang. Havet omkring Izvestij TSIK-øyane er fylt av pakkis om vintere og det er mykje is i sjøen sjølv om sommaren. Sundet mellom øyane Pologij-Sergejeva og Gavrilina vert kalla Proliv Belukha.

Øygruppa høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.

Øyane er kalla opp etter Izvestija Tsentralnogo Ispolnitelnogo Komiteta, som var den fullstendige tittelen til avisa Izvestia.

Det ligg ein forskingsstasjon på øya Trojnoj.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 75°58′N 82°21′E