Kolomejtsevøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kolomeitsev.PNG
Plasseringa av Nordenskioldøyane i Karahavet

Kolomejtsevøyane (russisk острова Коломейцева; Ostrova Kolomejtseva) er ei gruppe på to små øyar i Nordenskiöldøyane i Karahavet, utanfor kysten av Sibir i Russland. Desse to øyane ligg om lag 40 km aust for Russkijøya, den største øya i øygruppa, og mindre enn 100 km vest for Tajmyrhalvøya

Havområdet rundt dei vesle Kolomejtsevaøyane er dekt av fast is om vinteren og klimaet er hardt. Det omliggande havet er fylt med pakkis om sommaren.

Øyane høyrer til Krasnojarsk kraj i Russland og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.

I 1900 vart øyane i Nordenskiöldøyane utforska av den russiske geologen Baron Eduard Von Toll under polarekspedisjonen til det keisarlege russiske vitskapsakademiet om bord på skipet «Zarja». Kolomejtsevøyane vart kalla opp etter kaptein N. N. Kolomeitsev, kapteinen på skipet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]