Kamennyjeøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Kamennyjeøyane i Karahavet.
Kamennyye.PNG

Kamennyjeøyane (russisk Каменные Острова; Ostrova Kamennyje) er ei øygruppe dekt av tundravegetasjon. Dei ligg i Karahavet, utanfor kysten av Sibir og vest for munningen til elvane Pjasina.

Dei største øyane er (frå aust til vest):

  • Morzjovo med ein diameter på 4 km. Ho ligg nærast land, om lag 11 km frå kysten av Sibir.
  • Koltsjakøya er kalla opp etter Aleksandr Koltsjak.[1] Ho er lang og smal og har ei lengd på om lag 15 km. Under Sovjetunionen vart ho kalla Rastorgujeva før det opphavlege namnet vart gjenninført for å unngå å forveksle ho med Rastorgujevøya som ligg lenger aust i Karahavet sør for Nordenskioldøyane.
  • Vostotsjnijøya er den største i øygruppa med ei lengd på 17 km og ei breidde på 9 km.
  • Zapadnij Kamennij-øya er nesten sirkelforma og har ein diameter på om lag 8,5 km.

Havet omkring Kamennyjeøyane er dekt av pakkis med noko poljnia om vinteren, og det er òg mykje is rundt i havet om sommaren. Øyane er derfor fast til fastlandet store delar av året. Klimaet er hardt og sommaren varer berre om lag to månader.

Øygruppa høyrer til Krasnojarsk kraj i Russland. Ho er òg ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, som er det største naturreservatet i Russland.

Øyane vart utforska av den russiske geologen Baron Eduard Von Toll under ein ekspedisjon på vegne av det keisarlege russiske vitskapsakademiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 74°07′N 82°48′E