Mininaskjera

Koordinatar: 74°37′N 85°40′E / 74.617°N 85.667°E / 74.617; 85.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mininaskjera
skjer
Land  Russland
Kart
Mininaskjera
74°37′00″N 85°40′00″E / 74.616666666667°N 85.666666666667°E / 74.616666666667; 85.666666666667
Wikimedia Commons: Minina Skerries

Mininaskjera (russisk Шхеры Минина; Sjkhery Minina) ligg i Karahavet på nordvestkysten av Sibir i Kranojarsk kraj i Russland. Dei strekkjer seg frå Mikhailovhalvøya til munningen av elva Pjasina. Dei ligg mellom 74° og 75° N og mellom 84° og 87° 30' E.

Den samansette kystlinja til Mininaskjera.
Plasseringa til Mininaskjera.

Desse skjera er eit innvikla system av øyar, kanalar og små halvøyar langs den forblåste tundrakystenTajmyrhalvøya. Vintrane er lange og bitre, så kysten og øyane er knytt saman av isen det meste av året. Smeltinga på sommaren varerer vanlegvis berre to månader i snitt.

Mininaskjera inkluderer Kolosovykhøyane, Kolosovykhhalvøya og Plavnikovijeøyane, i tillegg til mange mindre øyar og bukter.

Mininaskjera har eit variert dyreliv og heile området er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dette kalde området vart først utforska av Fridtjof Nansen og så i meir detalj av Baron Eduard von Toll på den siste reisa han under den russiske polarekspedisjonen i 1900-1903 på skipet «Zarja». Eduard Toll og kapteinen på «Zarja», Nikolaj Nikolajevitsj Kolomeitsev vart frustrert av å segle gjennom dette innvikla øysystemet og Toll skildra heile området seinare som ein labyrint.

«Zarja» brukta ei veke på å seglje gjennom øygruppa og gjekk tre gonger på grunn. Trass i unøyaktige posisjonsmålingar og identifisering av øyane, gjekk Toll og enkelte vitskapsfolk frå ekspedisjonen i land på mange av øyane og nesa, gav dei namn og medverka med vitskaplege daga frå dette relativt ukjende området av Arktis. Namnet på heile Mininaskjera vart først gjeve av Toll og ekspedisjonsmedlemmene hans. Dei vart kalla opp etter den russiske polarforskaren Fjodor Minin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

74°37′N 85°40′E / 74.617°N 85.667°E / 74.617; 85.667