Rastorgujevøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Rastorgujev i Karahavet.
Rastorgujeva ligg nedst til høgre på karet.

Rastorgujevøya eller Rastorgujevaøya (russisk Остров Расторгуева, Ostrov Rastorgujeva), er ei øy i Karahavet nordaust for Sjturmanovhalvøya i eit område med mange skjer sør for Nordenskiöldøyane i Russland. Samanlikna med ander store øyar i området har ho ei forholdsvis jamn form. Ho er 21 km lang og 6,5 km på det breiaste. Ho er dekt av tundravegetasjon om sommaren, men det meste av året ligg ho under eit snødekke.

Øya ligg 40 km frå vestenden av Tajmyrbukta og berre 14 km sørasut for Tajmyrøya. Mellom øya og fastlandet er sundet berre ein kilometer på det smalaste.

Klimaet i området er hardt med lange, bitre vintrar og mange snøstormar. Havet omkring Rastorgujevøya er fylt med pakkis om vintere og det er mykje isflak sjølv om sommaren. Det meste av året er ho derfor landfast med fastlandet.

Rastorgujevøya høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, som er det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Heile området rundt Rastorgujevøya vart utforska av den russiske geologen Baron Eduard von Toll på den siste ekspedisjonen hans. Øya vart namngjeve av han etter Stepan Innokentjevitsj Rastorgujev, ein kosakkisk offiser som var med på ekspedisjonen.

Toll sende Rastorgujev i lag med kapteinen på skipet hans «Zarja», N. N. Kolomejtsev på ein lang sledetur for å opprette koldepot for «Zarja» på Kotelnyøya og Dikson, i tillegg til å føre post frå ekspedisjonen til Dudinka. Dette hjelpte på det dårlege forholdet mellom Baron Toll og Kaptein Kolomejtsev.

I 1937 vart ei anna øy, Koltsjakøya i Kamennyjeøyane lenger vest langs kysten av Tajmyrhalvøya kalla opp etter Stepan Rastorgujev. Så i eit par tiår var det to Rastorgujevaøyar i Karahavet. 23. august 2005 vart dei tidlegare namna gjeninnsett for å lette på forvirringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 76°07′N 97°01′E