Markgama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Markgama i Karahavet

Markgama eller Markhamøya (russisk Остров Маркгама) er ei lita, isolert øy sør i Karahavet utanfor Sorevnovanijabukta i Krasnojarsk kraj i Russland. Øya har berre spreidd tundravegetasjon og er dekt av snø det meste av året. Kysten av Tajmyrhalvøya ligg 15 km mot søraust.

Øya er berre 2 km lang og 1,5 km brei. Havet omkring er dekt av pakkis med noko poljnia gjennom den lange vinteren og det er isflak i havet sjølv om sommaren.

Markgama er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Markgama vart utforska av Otto Sverdrup på skipet «Eklips» i 1914, medan han leita etter Brusilov og Rusanov. Øya vart kalla opp etter den britiske polarforskaren Albert Hastings Markham, men er stort sett kjend under den russiske stavinga av namnet Markham, Markgama.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 75°16′N 88°05′E