Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide (fødd 23. november 1972 på Bømlo) er ein norsk KrF-politikar frå Rubbestadneset som har vore leiar i partiet sidan 2011. Han var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (Miljøvernminister) frå 18. juni 2004 til Regjeringa Bondevik II gjekk av hausten 2005.
Hareide er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (NHH) og har sosiologi grunnfag frå Universitetet i Bergen. Han har vore politisk rådgjevar i Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet i Regjeringa Bondevik I, statssekretær i Finansdepartementet i den andre Bondevikregjeringa; og er 2. nestleiar i KrF frå 2003.
Då Hareide tiltredde stillinga som miljøvernminister 18. juni 2004, berre 31 år gammal, vart han den yngste ministeren frå KrF nokon sinne.
I det sivile livet har Hareide vore tilsett i Schibsted-konsernet sidan 1997. I januar 2007 vart det kjent at Hareide førebels trekte seg frå politikken for å satse på ei karriere i næringslivet. Frå 2007 til hausten 2009 var han tilsett som organisasjonsdirektør i Schibsted.[1]
Hareide blei ved stortingsvalet 2009 valt inn som representant frå Akershus. Han leiar Transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget.
Referansar [endre]
- ↑ «Hareide gir seg i KrF», Dagbladet, 25. januar 2007
| Føregjengar Dagfinn Høybråten |
Leiar for Kristeleg Folkeparti 2011– |
Etterfylgjar — |
| Norske miljøvernministrar | |
|---|---|
| Olav Gjærevoll (1972) · Trygve Haugeland (1972-73) · Helga Gitmark (1973) · Tor Halvorsen (1973-74) · Gro Harlem Brundtland (1974-79) · Rolf Hansen (1979-81) · Wenche Frogn Sellæg (1981-83) · Rakel Surlien (1983-86) · Sissel Rønbeck (1986-89) · Kristin Hille Valla (1989-90) · Thorbjørn Berntsen (1990-97) · Guro Fjellanger (1997-2000) · Siri Bjerke (2000-01) · Børge Brende (2001-04) · Knut Arild Hareide (2004-05) · Helen Bjørnøy (2005-07) · Erik Solheim (2007-2012) · Bård Vegar Solhjell (2012- ) |