Bron-Y-Aur Stomp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bron-Y-Aur Stomp
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin III
Utgjeve 5. oktober 1970
Innspelt Mai–august 1970
Sjanger Folkrock, countryrock
Lengd 4:16
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Page, Plant, Jones
Produsent Jimmy Page

«Bron-Y-Aur Stomp» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin på det tredje albumet Led Zeppelin III frå 1970.

Songhistorie[endre | endre wikiteksten]

Jimmy Page og Robert Plant skreiv songen i 1970 i Bron-Yr-Aur, ei lita hytte i Wales der dei kvilte ut etter ein turne i USA.[1][2] John Paul Jones vart òg tilskriven som låtskrivar på songen. Han vart seinare spelt inn i Headley Grange i 1970, med eit mobilt studio som høyrte til Rolling Stones. Songen vart gjort ferdig i Island i London og i Ardent Studios, Memphis i Tennessee.

Trommeslagar John Bonham spelte på skeiar og kastanjettar på innspelinga.[2] Bassist John Paul Jones spelar ein akustisk femstrengs bandlaus bass.

Led Zeppelin spela òg songen som ein elektrisk instrumental, «Jennings Farm Blues», som seinare kom ut på piratkopialbum.[2] Jennings Farm er namnet påe igedomen der familien Plant budde tidleg i 1970-åra.

Opphavet til namnet[endre | endre wikiteksten]

Songen er kalla opp etter Bron-Yr-Aur, eit hus i Gwynedd i Wales, der medlemmar av Led Zeppelin kvilte ut i 1970 for å skrive det meste av Led Zeppelin III etter å ha gjort ferdig ein slitsam turne i USA. Bron-Yr-Aur tyder «gyllent bryst» på walisisk. Uttalen er ˈbrɔn ər ˈaɪr. Hytte hadde ikkje innlagt vatn eller straum.

På den første trykkinga av albumet vart namnet stava som «Bron-Yr-Aur Stomp». Denne feilen vart namnet på ein seinare Led Zeppelin-song, «Bron-Yr-Aur», ein instrumental på albumet Physical Graffiti.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

I «Bron-Y-Aur Stomp», ein country-aktig song, syng Robert Plant om å gå tur i skogen med den blåaugde hunden Strider.[2] Plant kalla visstnok hunden sin opp etter Aragorn (ofte kalla Strider) frå J. R. R. Tolkien sin Ringenes herre. Det finst referansar til Tolkien i fleire andre Led Zeppelin-songar, som «Ramble On», «The Battle of Evermore» og «Misty Mountain Hop». Det er utanom dette ingen referansar til Tolkien i «Bron-Y-Aur Stomp». Teksten inneheld òg ein referanse til songen «Old Shep»: When you're old and your eyes are dim / There ain't no "Old Shep" gonna happen again.

Bandet Blue Merle tok namnet sitt frå teksten i songen: «There ain't no companion like a blue-eyed Merle».

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen vart ofte spela under eit akustisk sett på konsertane deira i 1971 og 1973. John Paul Jones spela då kontrabass og Bonham song harmonivokal med Plant. Dette kan ein sjå på Led Zeppelin DVD. På den nordamerikanske turneen i 1977 vart songen «Black Country Woman» spela som ein medley med «Bron-Y-Aur Stomp». Ved eit høve i Los Angeles, vart òg «Dancing Days» spela i den akustiske medleyen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Phil Sutcliffe, "Back to Nature", Q Magazine Special Led Zeppelin edition, 2003, s. 34.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.