Panda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Panda, kjempepanda, pandabjørn, bambusbjørn

Status i verda: EN Sterkt truga

Panda i Chiang Mai dyrehage
Panda i Chiang Mai dyrehage

Systematikk
Rike: dyr
Orden: rovdyr
Familie: bjørnefamilien
Slekt: Ailuropoda
Vitskapleg namn
Ailuropoda melanoleuca
Panda, bambusbjørn, kjempepanda
Namn på andre språk
Svensk Panda, jättepanda
Dansk Panda, stor panda, kæmpepanda
Engelsk Giant Panda
Tysk Großer Panda, Pandabär
Fransk Panda géant
Spansk Oso panda, panda gigante
Russisk Bolsjaja panda (Большая панда), bambukovyj medved (бамбуковый медведь)

Panda (Ailuropoda melanoleuca) er ein planteetande art i bjørnefamilien, kjend for den særeigne utsjånaden sin og statusen som ein truga art og eit symbol på naturvern. Pandaen lever berre vilt i Kina, der han er totalfreda og rekna som ein nasjonalheilagdom. På kinesisk er pandaen kjend som daxiongmao, 'stor bjørnekatt'. Det vitskaplege namnet Ailuropoda melanoleuca betyr svart og kvitt kattefotdyr og viser til dei katteliknande labbane til bjørnen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pandaer i Wolong-reservatet i Kina.

Bjørnen er kjenneteikna av det klart teikna svarte og kvite (eller brune og gulbrune) mønsteret i pelsen. Sjølve pelsen er tjukk og grov og består av eit ytre hårlag og ei tett og isolerande underull.

Ein vaksen panda kan bli rundt 150-180 cm lang med ei skulderhøgd på rundt 76 cm i gjennomsnitt. Dei veg om lag 80-125 kg, hannen veg normalt 10-20 % meir enn binna. Han har eit stort og massivt hovud og ein tettvaksen kraftig kropp, som ender opp i ein halestubb på ca. 12-13 cm. Øyra er avrunda og står opp, og er ca. 9-10 cm lang. Pandaen har kraftige kjevar og store tenner, der molarane, som er 4-6 gonger større enn hos menneske, er spesielt godt utvikla for å gomla på planteføda til bjørnen.

Pandaen har også ein særs uvanleg labb, ein ekstra «tommel» i tillegg til dei fem tærne. Den tommelliknande utveksten er ein handleddsknokkel (sesamiodbeinet) som har utvikla seg til eit rørleg lem som gjer at pandaen lett kan handtera bambus og lauv.

Dyret har ein diagonal gangart på linje med andre bjørnar, men er mindre grasiøs i rørslene. Når han går peiker tærne innover og hovudet blir halde under skulderhøyde. Pandabjørnen kan ikkje gå oppreist på bakbeina, slik andre bjørnar gjerne kan, sjølv om han er solegjengar. Om han blir skremt vil han slå over i sakte galopp for å flykta, men springande pandaer vil ofte falla og rulla nedover dei bratte skråningane som finst i område der dei gjerne held til.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Panda kvilande i eit tre.

Pandabjørnen er dagaktiv og har ikkje vintersøvn, men trekk ned i lågare strøk når vinteren nærmar seg. Han bygger ikkje eit fast hi, men finn ly i eit tre eller ei hole. Pandaen held normalt til på bakken, men er også ein god klatrar og grei symjar. Luktesansen er den viktigaste og best utvikla sansen til pandaen, og blir nytta til å finna mat og til å kommunisera med.

Kjempepanda lever som regel åleine utan direkte kontakt med andre bjørnar. På den andre sida overlappar ofte revira til pandaer kvarandre, slik at det er truleg at nabopandaer kjenner til kvarandre, om dei ikkje har fysisk kontakt. I fangenskap kan fleire pandaer leva tett saman på eit lite område, men vil normalt ikkje sosialisera gjennom fysisk kontakt. I staden sit dei kvar for seg og et bambusskot eller gjer noko anna. I paringstida kan pandaene halda saman i større gruppe, typisk ei binne og fleire hannar.

Habitat og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Distribusjon i Sentral-Kina

Pandabjørn held berre til i område der det veks tett bambusskog, i høgder mellom 1 200- .400 moh. Desse fjellskogane blir gjerne kalla tåkeskog og ligg i det sentrale Kina, i delar av provinsane Sichuan, Gansu og Shaanxi, der dei dekker ei flatevidd på rundt 29 500 km². Sjølve habitatet der pandaen lever er derimot avgrensa til ca. 5 900 km² og er delt opp i omkring 20 isolerte soner. Avskoging, beiting og oppdyrking har gjort leveområda stadig mindre. Dei kinesiske styresmaktene har sett i gang fleire tiltak for å redda pandaen i det naturlege miljøet sitt.

I dag (2004) reknar ein med at det lever rundt 1 600[1] ville pandaer i Kina, omkring 40 % meir enn det ein tidlegare hadde rekna med. Dette blei avdekt av ei kinesisk fireårig studie.

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Nyfødd panda i kuvøse.

Pandaen lever åleine i eit lauseleg revirsystem, der fleire hannar kan dekka reviret til ei binne. Binna har brunst ein gong årleg, i ein periode på 2-3 dagar mellom mars og mai. Ho gjev beskjed om dette ved å laga fleire lydar og gjennom sterke luktmarkeringar. To til fem hannar tevlar om å få para seg med binna, der hannen med den høgaste rangen når fram. For at det skal bli valpar må også hannen vera i brunst, noko som ikkje alltid er tilfellet. Dette er ein viktig grunn til den låge reproduksjonsraten til pandaene.

Binna går drektig i 97-181 dagar, med ei gjennomsnittleg tid på rundt 135 dagar. Pandabjørnar kan utsetja graviditeten (embryonisk diapause), normalt med ca. 1,5-4 månader. Binna føder som regel ein eller to ungar, men om ho får to vil ho ofte forlata ein av dei etter fødselen for betre å kunna ta seg av den andre.

Ungane veg normalt 85-140 gram ved fødselen og er blinde og hjelpelause dei første vekene, då dei gjerne diar opptil 14 gonger i døgnet. Eit måltid kan vara i opp mot ein halvtime. Ulikt andre nyfødde bjørneungar er pandaungane dekte av eit tynt pelslag. Auga opnar seg vanlegvis når dei er rundt tre veker gamle, og dei tek til å bevega seg rundt når dei er rundt 3-4 månader. Ungen blir gjerne avvant når han er rundt 46 veker, men forlet ikkje mora før han er rundt 18 månader gammal.

Kjempepandaer blir kjønnsmodne mellom 4- og 8-årsalderen. Dei kan bli opp mot 30 år gamle i fangenskap, men me veit lite om levealderen i vill tilstand.

Matvanar[endre | endre wikiteksten]

Panda i dyrehagen i Wien.

Sjølv om han er eit rovdyr et pandaen hovudsakleg plantekost. Opptil 99 % av kosthaldet kan vera friske bambusskot, som det finst 25-30 artar av som pandaen kan eta. Han et også knollar av iris og krokus, og ved nokre høve også sopp, friske skot frå ulike slyngplantar, risgras, egg, insekt, pipehare, fisk og smågnagarar. Dette gjev eit verdifullt proteintilskot i eit ellers einsidig kosthald. I fangenskap et pandabjørnar også frukt. Alt i alt tek pandaen normalt til seg rundt 9-18 kg føde dagleg, og bruker gjerne 10-16 timar med å eta kvart døgn. Sidan fordøyingssystemet til pandaen framleis er det til eit rovdyr, blir 87-88 % av dette ufordøygd.

Det meste av væska panadaen treng får han i seg gjennom bambusskot, som i snitt inneheld rundt 50 % vatn, opp mot 90 % i nye skot. Pandaen treng også tilskot av reint vatn, og vil derfor søka mot elvar og bekkefar for å drikka når han treng det, som regel ein gong til dagen.

Evolusjon og systematikk[endre | endre wikiteksten]

  • Familie: Ursidae (bjørnar)
    • Underfamilie: Ailurinae (pandabjørnar)
      • Slekt: Ailuropoda (kjempepandaer)
        • Art: Ailuropoda melanoleuca (kjempepanda)
          • Underart: Ailuropoda melanoleuca melanoleuca (sichuanpanda)
          • Underart: Ailuropoda melanoleuca qinlingensis (shaanxipanda)
    • Underfamilie: Ursinae (ekte bjørnar)
Sichuan-panda
Shaanxi-panda

Alle rovdyr stammar frå ei gruppe rovdyrliknande pattedyr me kallar miacidar, som oppstod for rundt 48 millionar år sidan. Forskarar meiner at kjempepandaen kan ha oppstått for 18-22 millionar år sidan, som den eldste av våre nålevande bjørneartar, truleg frå ein primitiv pandabjørn kjent under det vitskaplege namnet Ailuropoda microta.

Pandabjørnen høyrer til ein egen underfamilie i bjørnefamilien (Ursidae), som består av Ursinae, underfamilien til alle nålevande bjørneartar bortsett frå pandaen, og Ailurinae, der Ailuropoda er einaste slekt og kjempepanda den einaste nålevande arten.

Kjempepanda har mange trekk til felles med raud panda: Same type habitat, eit liknande bambuskosthald bambus og den falske tommelen som gjer at dei kan eta bambus. Det var lenge strid om kor nært i slekt desse to pandatypane var, men dei nyaste DNA-studia viste at forfedrane deira skilte lag for lenge sidan, og at raud panda ikkje høyrer til bjørnefamilien medan kjempepanda gjer det. Den næraste nolevande slektningen til kjempepanda er den søramerikanske brillebjørnen.

Det er skildra to underartar av kjempepanda, med bakgrunn i forskjellar i kraniumstorleik, fargar og arvemateriale.

Sichuan-panda (Ailuropoda melanoleuca melanoleuca) er den best bevarte populasjonen av kjempepandaer, og kanskje den folk flest tenker på når ein snakkar om panda. Denne underarten er typisk skarpt svart og kvit i fargane. Han finst først og fremst i Sichuan-provinsen og dei sørlege delane av Gansu-provinsen.

Shaanxi-panda (Ailuropoda melanoleuca qinlingensis) lever avgrensa til Qinlingfjella i Shaanxi-provinsen og finst i høgder mellom 1 300 og 3 000 moh. Denne typen er mørkebrun og lysebrun i fargane. Han er generelt mindre enn sichuanpandaen og har eit mindre kranium, men har større molarar i kjeven.

Panda og menneske[endre | endre wikiteksten]

Søt, «vinkande» panda i San Diego Zoo.
Foto: Gregg O'Connell

Dei eldste nedteikningane om pandaen kjem frå frå Zhou-dynastiet (1027-771 f.Kr.), der dyret pixiu blir skildra som «uovervinneleg og like sterk som ein tiger». Diktsamlinga Shijin frå om lag same tida har ei liknande skildring.

Pandabjørnen var seinare svært skatta i Kina. Keisarmora til Wen av Han blei gravlagd saman med ein pandaskalle. Keisar Taizong av Tang skal ha gjeve to pandar og eit pandaskinn til Japan som eit teikn på vennskap. I moderne tid har Folkerepublikken Kina nytta eit såkalla «panda-diplomati» for å mjuka opp sambandet til andre land. Kommuniststaten knytte kontakt internasjonalt gjennom å gje pandaer i gåve. Frå 1958 til 1982 blei 23 pandaer delte ut til ulike land. Størst omtale fekk eit pandapar som formann Mao overrekte president Nixon då denne vitja Kina i 1972, som den første USA-amerikanske presidenten. Etter 1984 blei pandaene ikkje lenger gjevne, men lånte ut i tiårsperiodar, med høge avgifter og krav om at dei ungane pandaene måtte føda skulle høyra til Kina. I 2005 tilbaud Kina Taiwan eit pandapar med namna Tuan-Tuan og Yuan-Yuan, som samla tyder 'sameining'. Gåva blei lenge avslått, og pandaene er framleis i Kina.[2]

Kjempepandaen er i dag ein svært utryddingstruga art. Han har sterk symbolverdi, og er nytta i logoen til naturvernsorganisasjonen WWF. Pandaen er ein megafauna-art som har utsjånaden med seg, der dei store augeflekkane og den avrunda, godslege kroppsforma gjeven av den tjukke pelsen gjer han til eit søtt og elska dyr. Samstundes blir pandaen sett på som svært lite trugande der han sit og gomlar bambus. At pandaen også jakter litt, og kan gå til åtak på menneske om han kjenner seg truga, er mindre kjent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Panda